Han kom til sitt eige
Juledag 2022 - Joh.1,1-14

Han kom til sitt eige

​​​​​​​Kva viss Gud var ein av oss, ein vanleg fyr på bussen på veg heim…? ​​​​​​​ Sangen stiller linsa skarpt til denne juledagen.

Utruleg mektige ord, ikkje sant?  Ei ny tid er komen. Noko avgjerande nytt har hendt. Gud på ein ny måte. Ein ny måte å sjå Gud på.  Ein ny måte å vera hans på. Å leva i lyset og livet som har kome.

Johannes plasserar desse mektige orda i starten av evangeliet. Dei skal gje trang til å lesa resten av evangeliet. Gje iver etter å oppdaga Jesus i hans storhet. Ikkje bare som barnet i krybba, men som Gud på jorda og frelsaren som går mot kors og herlegdom.

Fire evangelieopningar
Det er ganske annleis enn dei 3 andre evangelia. 
Markus startar med den vaksne Jesus, som vert linka til slektningen Johannes som døyper i Jordanelva. 
Matteus set fødselen i Betlehem inn i ei lang slektstavle i det utvalde folket, tilbake til Abraham. Jesus oppfyller løftene.
Lukas dreg linja og slekta heilt tilbake til Adam og gjev fødselsen universell betydning.

Og Johannesevangeliet?
Det begynnar før tida vart til - det endar i framtida – og nå innom oss.  Med få, enkle, innholdsmetta ord tek det oss med inn i ein djup refleksjon over jula sitt under og mysterium.  Det er ikkje konkret julekrybbetablå som hos Lukas. Likevel er det både enkelt og djupt det Johannes fortel. Heile Guds frelseshistorie med få strekar. Innledninga og sjølve innholdet i evangeliet som Johannes brenn etter å formidla.

«Han kom til sitt eige...»
Han gjorde det. Jesus kom til den jorda han hadde vore med å skapa. Til den jorda som glatt velger mørket i plassen for lyset. Han kom til sitt eige folk, løftet sitt folk. Han kalte disiplar, inviterte dei til å koma og sjå, og utfordra til å fylgja han. Johannes kap. 1.  Han kom til sine eigne.

Han kom til ein vanleg enkel familie som feirte bryllup i Kana. Redda festen og viste at han kom med overflod av glede og hjelp. Han kom til sitt eige. Til templet og reinsa det til bønn og peika på at han sjølv var meir enn templet. Johannes 2. Han kom til sitt eige.

Han kom til dei som søkte og lengta, til ein Nikodemus som ikkje fekk sova, fordi han måtte få lys over dei evige spørsmåla. Og Jesus viste han den radikale vegen, den nye fødselen, den som Gud meir enn gjerne vil gje, han som «elska verda så høgt at han gav Son sin....» Johannes 3. Han kom til sitt eige.

Ikkje bare til dei som lengta og spurde. Ikkje bare til jødefolket. Han kom til dei som ennå ikkje hadde forstått at dei lengta og kva dei lengta etter. Han fekk ei samaritansk kvinne ved Sykarsbrunnen til be om evig liv, til å reisa seg frå samlivshavari og verta ein brennande misjonær. Johannes 4. 

Han kom til sitt eige. Kvar einaste ein. Han kom til ein sjuk embetsmannsgutt av hedningeætt og ein lite akta kronisk sjuk ved Betesdadammen. Men då begynte det også å skje:

«Hans eigne tok ikkje imot han....»
Kapittel 5 vers 16: «Jødane tok til å forfølgja Jesus fordi han hadde gjort dette på sabbaten

Så gjekk det slag i slag. 5 tusen vart metta i ørkenen, men misforsto og ville gjera han til konge. Han vart ståande åleine igjen med dei 12 etter å ha talt om at han var livets brød. Johannes 6.  Hans eigne tok ikkje imot han. 

Og det er ikkje ei einaste forteljing om eit under, ein helbredelse, ein tale av Jesus fram mot kapittel 12, uten at representantar for hans eige folk og religiøse leiarar murrar, tek til motmæle, vil setja han fast, planlegg å få han av vegen. «Endå han hadde gjort så mange teikn for augo deira, trudde dei ikkje på han,» heiter det i kapittel 12.  Hans eigne tok ikkje imot han.

«Men alle som tok imot han,
dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans.»

Johannes beskriv dette så inderleg i kapittel 13-17.  Jesus og disiplane. Vasking av føter. Nattverdsstund. Alle orda om kven han er: Vegen, sanninga og livet, vintreet og greinene. Orda om gavane som høyrer med til å vera Guds barn. Tru på framtida. Fred som verda ikkje kan gje. Gå ut og bera frukt. Bønna i Jesu navn. Talsmannen som skal herleggjera Jesus. Jesus som ber for sine.

Les - og kjenn deg utfordra!
Så då seier eg i dag: Les sjølv! Eller lytt til lydbibelen. Les og sjå at Jesus er komen til deg også. Les og kjenn deg utfordra. Sjølv om livet ikkje er svart-kvitt, så har Johannesevangeliet ei kraft til å skjelna mellom lys og mørke.  Når det gjeld Jesus er det ikkje ei midt- imellom-greie. Om han gjeld det eit enten - eller: Enten å ikkje ta imot han, setja han til side, la han vera lite viktig. Eller ta imot han og få ein rett som er større enn alle andre rettar. Barneretten hos Gud. 

For det er Jesus som er Ordet, om Gud og frå Gud.  Ordet som vert menneske.  Gud vert celler og foster i ei kvinne si livmor, født til jord og lagt i den enklaste seng som kan tenkjast.  Så mykje til sitt eige ville han koma. Så mykje betyr det for han at eg og du er barn av han, født av han.  Det er ikkje til å begripa.  Likevel sant.  Jula sitt budskap.  Det kan bare ikkje gripast heilt med tanken.  Det høyrer til i lovsangen og takken og i trua på at dette kan du leva og døy på.  Då er den nye tida komen, ikkje bare i historien, men i din historie, i ditt liv.

What if God was one of us?
I ein kjend sang spør Joan Osborne: «What if God was one of us? Just a stranger on a bus, tryin to make his way home…»
Kva viss Gud var ein av oss, ein vanleg fyr på bussen på veg heim…?

Det er eit saltande godt spørsmål!  Og det fortset i same leia:
«If God had a face, what would it look like?
And would you want to see
if seeing meant that you would have to believe
in things like Heaven and in Jesus and the saints
and all the prophets?

Ja, korleis ville Guds ansikt sjå ut, og hadde du eigentleg lyst til å oppdaga det viss du visste at det kom til å bety eit ja til tru.
Sangen stiller linsa skarpt til denne juledagen.
Til å sjå og våga tru at Ordet vart menneske, at Guds ansikt vart så synleg midt i kvardagen.

Ein som andre og slik som Gud.
Så provoserande og herleg synleg!  Eit foster i ein veksande mage.  Ein fattig nyfødd i eit fòringstrau.  Ein gutt som lekte mellom spon og høns i Nasaret.  Ein gutt som andre, og ein gutt som var Gud på jorda.  Ein som spurde og grov mellom dei lærde i templet og glømte at han var ein sakna son på reisa. 

Ja, nå vart visst dette ein avstikker til Lukas, men for å vera i Johannesevangeliet har det nok av adjektiv på Guds ansikt på jorda: Han var trøytt. Tørst. Svolten. Sint. Tårevåt. Glad. Redd. Torturert og knust.  Han levde som oss, følte som oss, handla som oss, ja, døydde som oss.  Han kom til sine eigne.

Heilt inn i den store forskjellen: Han rista alle menneskelivet sine begrensningar og lenker av seg.  Og sto der, tidleg ein morgon, i den hagen der dei hadde lagt han.  Og var fri!
Så me skulle vera som han! For:
Alle som tok imot han,
dei gav han rett til å bli Guds born,
dei som trur på namnet hans.
(Joh.1,12)

Litt av ein gave!
Det er litt av ein gave å få i dag:

  • Eit mysterium å tru: Gud har vorte menneske. Jesus vil ta bolig hos meg. Kor eg er. Korleis eg har det. Om verda eller eg er i uro. Om heimen er ein plass å streva eller kvila.  Alt er annleis enn det elles hadde vore når Gud bur der og er ein av oss.
  • Ein rettighet å eiga: Å få vera eit Guds barn. Den retten er gitt i Jesus Kristus. Om andre reknar oss for lite verdt, om me strevar med oss sjølv eller sider av livet vårt, så eig me det største når me tek imot han som kom til sine eigne.  Guds barn – det beste me kan vera.
Powered by Cornerstone