Lengsel - Guds og vår
Lukas 15,11-32 - bots- og bønedag 2013

Lengsel - Guds og vår

Likninga om sonen som kom heim og Far som ventar
Gud spør ikkje etter om livet har vore rotete eller ordna inn til det nevrotiske. Gud lengtar bare etter at me kjem.

Sonen som kom heim
11 Jesus sa: «Ein mann hadde to søner.12 Den yngste sa til far sin: ‘Far, lat meg få den delen av formuen som fell på meg.’ Så skifte han eigedomen sin mellom dei.13 Ikkje mange dagane etter selde den yngste sonen alt det han eigde, og drog til eit land langt borte. Der levde han eit vilt liv og sløste bort formuen sin.14 Då han hadde sett alt over styr, vart det uår og svolt i landet, og han tok til å lida naud.15 Han gjekk då til ein av mennene der i landet og bad om arbeid, og mannen sende han ut på markene sine for å gjeta grisene.16 Han ønskte berre å få metta seg med dei belgfruktene som grisene åt, men ingen gav han noko.
17 Då gjekk han i seg sjølv og sa: ‘Kor mange leigekarar heime hos far min har ikkje fullt opp av mat, og her går eg og svelt i hel!18 Eg vil bryta opp og gå heim til far min og seia: Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg.19 Eg er ikkje verd å kallast son din lenger. Men lat meg få vera som ein av leigekarane dine.’20 Så braut han opp og gjekk heim til far sin.
Medan han endå var langt borte, fekk faren sjå han, og han fekk inderleg medkjensle med han. Han sprang imot han, kasta seg om halsen på han og kyste han.
21 Då sa sonen: ‘Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. Eg er ikkje verd å kallast son din lenger.’22 Men faren sa til tenarane: ‘Skund dykk! Finn fram dei beste kleda og ha dei på han, og lat han få ring på fingeren og skor på føtene.23 Hent så gjøkalven og slakt han, og lat oss halda måltid og feira.24 For denne sonen min var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.’ Og så tok festen og gleda til.
25 Den eldste sonen var ute på marka. Då han gjekk heimover og nærma seg garden, høyrde han spel og dans.26 Han ropa på ein av karane og spurde kva som stod på.27 ‘Bror din er komen’, svara han, ‘og far din har slakta gjøkalven fordi han fekk han velberga heim att.’28 Då vart han sint og ville ikkje gå inn. Far hans kom ut og prøvde å overtala han.29 Men han svara attende: ‘No har eg tent deg i alle år og aldri sett meg opp mot dine bod. Men meg har du ikkje gjeve så mykje som eit kje, så eg kunne halda fest saman med venene mine.30 Men når han kjem heim, denne son din som har sløst bort pengane dine i lag med horer, då slaktar du gjøkalven for han!’31 Då sa far hans: ‘Du er alltid hos meg, barnet mitt, og alt mitt er ditt.32 Men no må vi halda fest og vera glade. For denne bror din var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen!"

 

Heile preika over denne teksten på bots- og bønedag kan du lesa i vedlegget under.  Ho blir avslutta slik:

På bots- og bønedag i kyrkja - og kva tid som helst kan me gå til vår gode Far for vår del og sei ting som dei er, at me ofte vil klara oss utan han og ber på sorg og savn når me faktisk lukkast. Til Gud kan me koma med det som har ført på ein vond veg, og med lengt etter større nød og hjarta for bror vår.

For Guds farshjarta bankar for oss alle. Hans lengsel etter oss er større enn vår skiftande og uklare lengsel etter han.  Gud er så mykje meir enn ein forstørra variant av oss menneske. Gud sorterer ikkje kjærleiken sin etter om søner og døtre har vore på vidvanke eller alltid har halde seg heime.  Gud spør ikkje etter om livet har vore rotete eller ordna inn til det nevrotiske. Gud lengtar bare etter at me kjem.  At me er barn som aldri sluttar å koma – og aldri sluttar å gle oss når andre får nåde.

Lenke til preika

Powered by Cornerstone