Å tena eller ta imot
15.sundag i treeiningstida 2021 - Lukas 10,38-42

Å tena eller ta imot

Marta tek imot Jesus i heimen sin. Maria tek imot Jesus i hjarta sitt.  Den eine med hender og teneste, den andre med ope hjarta og lyttande øyre. 

«Den beste setningen i koronatida!»  Med 3 utropsteikn. Sagt i gudstenestegruppa då me planla denne sundagen.  Om eit bibelord. Kva bibelord var det?  Kva var setningen?  «Eitt er nødvendig»?  Nei!  «Alt maktar eg i han som gjer meg sterk»?  Nei.  For det gjer me jo sant å seia ikkje, ikkje eingong i gode tider, sjølv om me trur.  Nei, det var denne setningen: «Likevel gjorde det meg godt at de stod saman med meg då eg var i naud.»  Å ha venner.  Å ha nokon som bryr seg og bed.  Når kohorten på 2 vert så liten og langvarig. «Likevel gjorde det meg godt at de stod saman med meg då eg var i naud.»  Det er heilt sant.  Ganske nødvendig. Å ha venner.  Nokon som er og står i saman med meg når livet skrur seg til.

Paulus kjente også på det.  Jesus hadde venner og trong dei, slik me alle gjer.  I dag får me eit lite blikk inn i ein heim av gode venner.  2 ganske ulike venner.  Lukas teiknar dei opp i kontrastfargar.

To ulike venner
Marta tek imot Jesus i heimen sin. Maria tek imot Jesus i hjarta sitt.  Begge er glad i Jesus og drivne av vennskap og kjærleik. Begge veit dei møter noko større enn seg sjølv når Jesus kjem, og dei let dette prega livet sitt. Den eine med hender og teneste, den andre med ope hjarta og lyttande øyre.  Den eine med å gje, den andre med å ta imot. Den eine med mat for kroppen. Den andre med mat i sjela. Begge har fått ein venn på besøk, ein som ser dei djupare enn nokon andre ser.

Han ser Marta.  Ho som gjer heimen til ein god plass å leva i og koma til.  Ho opnar huset, tek imot gjesten, held det reint og steller mat.  For ein fest når mat kjem på bordet.  Smaken. Blikka. Kosen. Samtalen.  Det gjer seg ikkje sjølv.  Men ho gjer det.  Prioriterer tida til teneste, Marta.  Ho er god, Marta.

Og imens har Maria lista seg meir stilt inn i situasjonen og forteljinga.  Dratt mot plassen ved Jesus sine føter.  Den som dei mannlege disiplane hans kanskje trudde dei hadde einerett på.  Ho gjev seg tid til å lytta. Sjå. Forstå.  At denne gjesten kom for meir enn maten.  Ho har funne ein plass som ordlaust forstår at alt gjesten og vennen ønskjer, er menneske som vil ta imot og lytta.

Eit bilde på livet og gudstenestelivet
Dei er to venner av Jesus denne dagen.  Me kan godt lika det me ser. Det er eit bilde på livet og gudstenesten: Tena og verta tent. Gjestfrihet og gjesteoppmerksomhet. Gje og få. Hender i arbeid og hjarta som tek imot.  Det er slik det skal vera.  Det er OK at personar er ulike og nådegavar forskjellige.  Eg likar det eg ser.

Me overlever ikkje uten Marta, verken i kvardagen eller i kyrkja.  Me kjem ikkje av flekken uten handlande hender, uten Marta i sving.  Men me veit ikkje kor me skal, uten Maria.  Dei er ikkje eit anten eller, men eit både og, dei to vennene, dei to mennesketypane, dei to truande, dei to medarbeidarane og støttespelarane for han som kjem med Guds rike.  Det er fint å lika det me ser i denne heimen.

Stillhet eller stress
Heilt til eg høyrer Marta sine ord, som fortel at alt ikkje er så godt likevel. Og absolutt når eg høyrer Jesus sine ord.  Ord som ser sant inn i mennesket og djupt om kva som må prioriterast og koma først: Eitt er nødvendig.  Dei mange tinga å stella til, om aldri så gode, kan bringa med seg strev og uro.

Jesus ser ein kontrast mellom stillhet og stress.  Anten å gjera seg strev og uro med mange ting, fordi me har fått oss sjølv og våre prosjekt i fokus.  Eller å leva i det eine som er nødvendig, at Jesus får tena oss og forma disiplar.  Anten å vera så hekta på handling at det vert vanskeleg å gjera tenesten sin med glede. Og altfor lett å kritisera dei som er mindre handlingsorientert. Eller å vera så fokusert på den dyrebare stunda med å lytta til Jesus, at han får forma meg. Så eg finn kvile i det einaste som kan gje nåden sin djupe identitet i livet. Å vera elska av Jesus.

Trur me i teori eller i praksis at vår teneste er nøkkelen, så får me ein smekk på fingrane denne sundagen.  Alt handlar om Jesus.  Den vegen han gjekk mot korset, innom denne heimen.  Den vegen han fører og leder oss mot målet.  At han er her – akkurat nå – og har mykje meir å gje meg enn eg kan gje han.

Så då tok han Marta litt hardt!  Ho som levde det gode livet i teneste for Jesus.  Og Lukas har gjenfortalt utan å pynta det til.  Det er nok noko me skal læra. Så då får me tenkja på det, kva me skal læra…

Når pandemien slepp grepet
Akkurat nå for tida.  Når pandemien slepp grepet og me skal få vera kyrkjelyd på meir normal måte.  Kva er dykkar erfaringar med pandemien? Vart det verre både å vera Marta og Maria? Eller vart det meir Mariatid og Mariaposisjon når mange aktivitetar stilna av? Fekk det meir innadvendte og reflekterande betre plass? Fekk me lytta meir til Jesus? 

Eller var det slik at lønnkammer og stilletid bare vart verre å finna, det også, når fellesskap vart sveltefora?  Det kan fort vera slik at ulike arena for Jesusnærvær heng djupt i hop. At tida i gudshuset og tida med ei stille stund heime høyrer i hop.  At mangel på samvær i storfellesskapet og smågrupper også lett gjev manglar i åndeleg personleg liv. 

Me har snakka om dette i gudstenestegruppa, i kyrkjestab og sokneråd: Kva skjer etter korona?  Vil Marta kvikna til med lys i augene over endeleg å få bruka hendene og treffa folk og stella til og gjera det godt for det sosiale fellesskapet. Slik utadvendte og handlingsorienterte lett kan ta fatt på.  Ja, det hadde vore flott!  Uten strev og stress som stel gleda i tenesten.

Eller er det kyrkja sitt kall nå å leggja til rette for Mariaplassen? Rom for ein lågare aktivitetsspiral.  Meir bønn og stillhet.  Meir å lytta til kva Jesus vil enn kva me vil.

Eg kan bare snakka for meg sjølv.  Eg gled meg til sosialt kyrkjeliv og meir av det som gjer at me merkar at fysisk fellesskap er umissande i samfunnet av dei heilage.  Og: Eg har meldt meg på retreat, og bed om å få stillheten sitt nærvær med Jesus, som faktisk ikkje var så lett å finna i pandemien, fordi den hadde for store innslag av tomhet og var for lite fylt av meining.

Og eg veit at det i Brynekyrkja vil sitja folk ved Jesu føter og be. Før gudsteneste, i gudsteneste, i gruppe.  Eg trur fort dei vil kjenna ei større glede over Mariaplassen sin, når mange samlast igjen.  Og kyrkjelivet får nyta godt av det.

Midt i store endringstider
Me les desse bibelorda i dag.  I etterkant av korona.  Og midt opp i store endringstider for den kristne kyrkja på jord.  Mange spør om den kristne tradisjonen og måten å vera kyrkje i samfunnskulturen er i ferd med å smuldra opp og gå tapt. Oppslutning om kyrkjelege handlingar og ritual går gradvis ned. Prestar og forkynnarar har mindre autoritet og nedslagsfelt i det offentlege livet. Folk i heile den vestlege kulturen vil heller forma sin eigen religiøse identitet og velja fritt frå alle hyller på samtida sitt store religiøse supermarked. Som menneske på jorda står me overfor store utfordringar, politisk, humanitært, i forhold til global rettferdighet, kjønn, klima, flyktningar, natur og mykje anna.

Kyrkjene leitar etter rette handlingar og ord som kan føra oss som nasjoner og medmenneske i rett retning. Det er som om tiden ropar på det ekstroverte i oss, gjennom handlinger som kan forandra og gjera ein forskjell. Når me ser på samtida i eit sånt perspektiv, vert det djup meining og alvor i Jesus sine ord til Marta: Du gjer deg strev med mange ting. Men det er eitt som er nødvendig. Maria har valgt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne.

Det kan ikkje vera tvil om at Jesus bed Marta, Maria og oss alle om først av alt å finne trua sine djupe kjelder i samværet med Jesus. Me treng ikkje kritisera alle gode handlingar og aktivitet.  Bare vita dette først: Me brukar for få minutt på fellesskap med Jesus. Me søkjer for mykje utover og ikkie inn mot trua sine kjelder.

Fornying ved å søkja innover
Gjennom heile kyrkjehistorien har fornying av kristen tru kome gjennom enkeltpersonar og bevegelsar som søkte tilbake til trua sine djupaste kjelder. Slik var det i ørkenfedrane si tid i Egypt. Slik skjedde det ved klostersamfunna i middelalderen. Slik sto evangeliet fram med blankpussa nåde på reformasjonstida. Slik vart folk kalt til tru og teneste i pietismen og Hans Nielsen Hauge si tid. Slik har det skjedd når dei fattige gjenoppdaga bibeltekstane i den moderne frigjeringsteologien.

Alle slike bevegelsar har hatt store samfunnsmessige konsekvensar. Dei har vore handlingsorienterte og tent samfunnet som ei Marta. Men utgangspunktet var ikkje der. Dei har ikkje søkt utover, men innover, inn mot Jesus, mot disippelskap, etterfølgjing, stillhet, refleksjon, meditasjon, bønn og åndeleg forpliktelse.  Og så vart det slik me song i starten i dag.  At handling og bønn vart eitt. Marta og Maria forsont som Jesus sine gode venner, begge sett og elska av Jesus. Bønn får føda handling, handling verta boren av bønn. 

Det kan godt vera vår kyrkje i haust: Å oppvurdera eit liv der Jesus og tid med han kjem først. Då vert teneste ei glede og ein nåde, ikkje ei bør. Og vennen me får stå i saman med kvar gong me er i naud, er han som gjer meg aller best.  Jesus.

Powered by Cornerstone