
Om du får ein tone
I kveld tenner me lys i kyrkja. Dei lyser i sorga sitt mørke. Dei skin med takk, dei held fast i kjærleiken som gjer at me saknar.
Det er viktig å tenna lys i mørke. Me har gjort det som aldri før i tre, hekkar, husfasadar og gater dei siste åra. Og inni husa våre til advent og jul. Mørke pandemivintrar og uroleg verd har ropt etter meir lys. Nå tenner me lys her i kyrkja, og prøver å leggja sorga ein rolegare plass i livet.
Me tenner lys og lar lyset vera eit lysglimt i sorga vår.
Gode minner og takk i det som var.
Delt sorg og mot i det som er.
Tru og håp inn mot det som kjem.
Det er mitt ansvar som prest å opna opp for tru og håp. Korleis kan eg? Eg spør ofte. Eg veit kor viktig det er, og kjenner kor vanskeleg det kan vera. Men det er dette som gjeld:
"Så vert dei verande desse tre, tru, håp og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken." Seier Paulus i 1.Kor.13.13.
2024 har gjort mykje med dykk. Det er derfor de er her. 2024 har gjort mykje med meg også. Eg har fulgt mange av dykk i tapet og sorga. Og noko har berørt meg slik at det alltid vil bu i meg.
Etter eit grufullt og trist dødsfall
og samtalar med familien
og ei berørande gravferd
for nokre år sidan
prøvde eg å skriva ein tekst
poetiske ord, kanskje ein salme
om noko som må skrivast med små bokstavar
viss det skal vera til ekte trøst og hjelp
når me verkeleg treng det.
Skjøre ord i sårbare liv.
Det gjekk ikkje, ville seg ikkje.
Sjølv om eg visste kva det skulle handla om.
Men det måtte leggjast på vent,
eller på is.
Så i fjor…
Etter nytt trist dødsfall,
samtalar i familien,
sterk og sår gravferd,
kom orda i natta etterpå.
Starten, metaforane og formen kom.
Eg måtte opp og skriva,
inspirasjon du ikkje kan sova vekk.
Det vart eit dikt, ord til ei muleg salmevise.
I to av gravferdene i 2024 har eg delt diktet.
Det fekk vera orda til tru og håp.
Orda frå kyrkja på ein sår dag…
Nokre av dykk har spurt om å få dette skriftleg.
Nå kan de få det, for nå er det ferdig, kledd i musikk.
Musikken er av Markus Tähti Dunseth i Stavanger domkirke. Uroppført nå i kveld i arrangement av Oddny Underhaug og korgruppa Shalom.
Teksten er ord på noko av det viktigaste eg har å sei i sorg...
Om du får ein tone som du vågar sleppa fram,
så kan han vera vegen ut av sorg og angst og skam.
Og heiter tonen tru, så treng han ikkje vera sterk,
du legg han berre til hos Jesus, i eit større verk.
Om den tonen heiter håp, då ber han, same kva som brast.
Er håpet skjørt og motet mørt, så vil det halda fast.
Er kjærleik tonen din, då bur eit smil i inste rom.
Du ser med hjarta, eig eit blikk som aldri gjer deg tom.
Ja, slik bur dei nært, i same hus, ein treklang desse tre.
Og om du finn den eine først, så kling dei andre med.
Velsigne deg som ber eit håp, som elskar, trur og bed.
Takk, gode Gud, for tonen som kan gje eit hjarta fred.