Å vera i kallet nå
Lye forsamlingshus 19.s. i treeiningstida 2022 - 1.Sam.3,1-11; 1.Kor.9,19-23; Luk.9,57-62

Å vera i kallet nå

Dørlåsen til alle 3 bibeltekstane og til det å leva med eit kall, opnar seg med livskunstnøkkelen til gamleklokkaren:  «Du må vera i det!»

I dag er det på dagen 3 år sidan ein god venn vart gravlagd.  Han heitte Leif Andenes.  Han sette sterke spor. I meg og i mange andre.  Klokkaren i Bryne kyrkje. Kulturmannen i mølla og i byen. Vandraren med stav, sekk og drøs. Opplesaren med den djupe, fylte røsta. Han var tru mot kallet sitt og sto i livsgjerninga si til sine siste kreftdagar i sitt 86. år. Dei siste fekk han på Sivdamheimen.  Av alle verdiar i livet, hadde han fått med seg 2 i sekken sin til heimen.  Eit veldig kort dikt av ein venn, og biskopen sitt tenestebrev som klokkar 40 år tilbake i tid.  Der sto det: «Vi påminner og oppmodar til heilag teneste i Guds hus. Klokkaren skal ansa på alt som kan tena til ro og orden og større helg i gudstenesta. Han skal på alle vis, både i og utanfor teneste, leva som det sømer seg ein tenar i ein kristen kyrkjelyd.»

"Du må vera i det"
Desse kallsorda hadde gitt identitet til livet og gjerninga i 40 år.  Trufast teneste. Livskunst. Og spurde du Leif kva som galdt i livet, kva som var hemmelegheten, så peika han bare på takken for det han hadde fått, av Gud.  Og så sa han om livet: «Du må vera i det!»  «Du må vera i det!»  Hans uttrykk for å ta alt som ferskvare og leva i nået, vera til stede i det som er. «Du må vera i det!»

I dag har eg lyst til å seia at det er dette som er sjølve karakteren på kallet frå Gud. «Du må vera i det.»  Kallet som kjem nå.  Som er der nå.

Bibeltekstar om kallet
Bibeltekstane i dag er alle prega av det å følgja kallet frå Gud. Lytta til Guds stemme (1.Sam.3). Tilpassa og kontekstualisera korleis eg skal nå dei eg lever blant, med evangeliet (1.Kor.9).  Følgja Jesus, vandra med han på vegen (Luk.9).  Gutten og seinare dommaren Samuel.  Apostelen, misjonæren og trusfortolkaren Paulus.  Og nye disiplar som vil følgja Jesus.  Samuelteksten er lett å forstå og sjå føre seg.  Paulusorda er grensesprengande og dristige.  Jesusforteljinga er radikal så det støkk i oss. Kallet er dette 3-delte: å lytta til Guds stemme, å vera endringsvillig i møte med folk og kulturen sin stemme, å vera fokusert og radikal i å følgja Jesus. Men dørlåsen til alle 3 tekstane og det å leva med eit kall, opnar seg med livskunstnøkkelen til gamleklokkaren:  «Du må vera i det

Ein stemme til Samuel
Kva er det gutten Samuel må vera i?  Jau, han må vera i erfaringar og sansar som ikkje skal sovast vekk.  Det er eit rop etter han.  Ein stemme som vil han noko.  Han trur det er den gamle presten og sjekkar det opp til det mest er flaut.  Han må vera i det og ikkje føysa det vekk, dette ropet på han. 

Og då skjer det som er det lysande øyeblikket.  Høgdepunktet i forteljinga.  Det livsforvandlande som definerer resten av livet hans.  Han får veiledning og forstår at det er Gud sitt kall og Gud sin stemme.  Det lysande øyeblikket.  Gutten ansikt til ansikt med Gud.  Villig. Lyttande. «Herre, tal, tenaren din høyrer!»

Frå då av hadde livet til Samuel fått ei anna retning. Men det var han som måtte gå i den retninga. Vera i det. Gjennom heile livet skulle han få ta imot nye ord frå Gud. Han skulle heile tida leva og vera i svaret han sjølv hadde gitt: Herre, tal, tenaren din høyrer.

Det første kallet å lytta
Det er ikkje sikkert det begynte like tidleg i livet for oss som er her.  Men det gjeld. Stemmen ovanfrå som vil oss noko. Forstå at det er Gud, ana at det er DHÅ.  Lytta. Gjera om til handling.  Til noko som Gud får bruka oss til i vår tid, i våre relasjonar, for det er dette som er Guds kall og vilje.  Det første kallet til kristne og til kyrkja er å lytta og forstå kva Gud vil og seier. Då kan det verta ei råd med å finna ei god praktisering også.  For uansett: Me må vera i det. 

Den frie og bundne Paulus
Apostelen Paulus hadde sitt lysande øyeblikk då han møtte lyset frå Jesus utanfor Damaskus. Vart bokstaveleg talt slegen til jorda.   Frå då av fikk livet ei heilt ny retning. Alle verdiane hans vart omvurderte.  Måten han las dei heilage skriftene. Korleis han nytolka alt i lys av Jesus.   Han opplevde ein grenselaust ny frihet, men var samtidig bunden av Kristi lov.

Han er den av apostlane som sterkast uttrykkjer kva det inneber å vera i dette. Heilt fri og fritt bunden.  Heilt open for dei og det som møter han der og då.  Heilt klar for dristighet uten sidestykke.  Alt for evangeliet!  Mest kva som helst for evangeliet si skuld.  Han omset det dristig.  Han tilpassar seg kulturar.  Går inn i det som er, ikkje slik det burde ha vore.  Ja, han antydar at dette også er for hans eigen skuld, at han sjølv kan få del i evangeliet.  Kallet er rett og slett: Du må vera i det.  Evangeliet slik det er overlevert, slik det trengs, slik det kan bli forstått, slik det kan verta praktisert, slik det kan vera uttrykk for frihet, slik det kan vera ditt og for deg.

Kompromisslaus og kontekstuell
Det er verd å merka at Paulus gjer valget om å bruka friheten sin til eit valg om teneste.  Det er for tenesten og kallet si skuld at han er så dristig i å kontekstualisera det som vert forkynt og praktisert. Kompromisslaus i evangeliet om Guds nåde i Jesus. Kontekstuell i måten å leva det ut i ulike kulturar og situasjonar.

I våre dagar kan Paulus verta kritisert for at han ikkje gjekk lenger i veiledningane sine om praksis, for eksempel i forhold til slavar, og til kvinner sine funksjonar i heim og samfunn.  Realiteten er nok heller at han gjekk mykje lenger enn det som var vanleg akseptert i eit patriarkalsk og hierarkisk samfunnsliv.  Han sette folk fri til meir enn det som elles galdt, og han ga råd om kva som sømma seg i kulturen slik at ikkje evangeliet skulle koma heilt i vanry.  Både den dristige Paulus og den realistiske Paulus er god rollemodell.  Han var i kallet sitt, tida si, kulturen sin, misjonsbyane sine, heilt konkrete utfordringar. 

Den viktige samtalen i vår tid og kultur
Slik er vårt kall også.  Sett fri i Kristus.  Bunden av det som kan vinna sjeler og vera til evangeliet og folk sitt beste i dag.  Me kjem ikkje utenom ny skrifttolkning og sunn dømmekraft om kva som gagnar i dag heller.  Det går ikkje an å leva på same svar og veiledning som forrige generasjon ga.  Du må vera i det som er. 

For eit kyrkjefellesskap vil det vera godt å føra opne og respektfulle samtalar om kva det er Gud kallar oss spesielt til akkurat nå. I bibelorda sitt lys.  Vera i samtalar som fellesskap.  Og for den enkelte av oss: Ikkje gløyma kva som er kjernen i det lysande øyeblikket som definerer alt: Møtet med Jesus sjølv.

Å leva i tru kvar tid
Nokre av oss har ei heilt spesiell erfaring som utgjer dette øyeblikket. Kanskje var me unge. Tok det første trusstandpunktet. Me kan ennå verta varme av å tenkja på det, eller bare takka godt for trua som visst alltid har vore der.  Men me kan ikkje bare leva på noko som var, for resten av livet. Då ender me opp med å leggja hånda på plogen og snu oss tilbake og vingla og rota med pløyinga. Me er kalt til å leva i tru i kvart einaste øyeblikk. Slik Jesus alltid vil vera ved sida vår, frelsar og venn, Herre og Gud. Me må vera i det!  For dei fleste betyr det gode vanar. Korsteikn og Jesusbøn til morgons, eit ord for dagen, ei bønn som får flyta fram i det som møter oss, ein takk og eit Fader vår til kvelds. Vera i det som formar og byggjer held meg i kallet å følgja Jesus.

Lukasforteljinga
I evangeliet i dag er det også mykje av dette øyeblikket her og nå, å ikkje snu seg tilbake. 

I evangelieteksten får Jesus ein sterk bekjennelse fra ein person som seier: Eg vil følgja deg kvar du så går. Jesus heller vel noko kaldt vatn i blodet med å visa til sin eigen fattigdom og ensomhet. Menneskesonen har ikkje noko han kan kvila hovudet på.

I teksten sin andre del møter Jesus ein som ikkje kan følgja kallet fordi han må gå heim og gravleggja far. Jesus set forkynning av Guds rike over gravlegging.

I den tredje delen bruker Jesus eit jordbruksbilde. I pløying må  blikket vera retta framover. Den som legg hånda på plogen og så ser seg tilbake er ikkje skikka for Guds rike.

Det radikale valget å følgja
Ingen av oss kan lesa og høyra dette uten at det støkk i oss.  Det er voldsomt radikalt. Det er ord som utfordrar det å hedra mor og far og det å leva i gode relasjonar med sin flokk. Det er ord som gjer at nokon har brent seg og forbrent trua si med å overgje seg så heilt at både bakkekontakt og sunne nettverk fordampa.  Orda er så radikale at det er rett å prøva å forstå situasjonen når Jesus seier dette.  Er det noko han seier kun til konkrete personar der og då, eller er det noko som skal gjelda alle som vil følgja, alltid?

Kva er det Jesus er i, når dette vert sagt? Det er Lukas si lange reiseskildring, vegen til Jerusalem.  Ei heilt særleg vandring som skal definera historien. Alle sine liv. Vegen mot det lysande øyeblikket då livet skal gjes, alle si synd skal berast, døden beseirast.

Det er muleg å forstå orda i lys av dette.  Som om Jesus seier:  Ingen kan gå denne vegen med meg.  Ingen kan følgja meg inn i dette. Ja, for akkurat dette er jo eviggyldig.  Bare han kan gå den vegen som set oss alle fri.  Ingen skal følgja på offervegen. Men alle er kalt til å følgja på takkevegen, på tenestevegen.

Det viktigaste først
Men også der kan det gjelda liv og død.  Tider der det viktigaste må få stå over det som også virkar nødvendig.  Jesus sine radikale ord skal få stå og veileda om det å vera i det som skjer.  Ikkje snu seg for mykje bak og til sides.  Nå kjem krisa og du må prioritera.  I det som kjem, kan du ikkje velja vekk å følgja Jesus.

Det viktigaste først.  Me har lært lekser om det i pandemien: Liv og helse først.  Me må læra det i krigen si tid i Europa: Felles innsats og fordeling over private straumutgifter.  Me må finna veger i klima- og miljøkrisa: Berekraftige valg som kostar nå, fordi retninga må snus for framtida.

Og på forsamlingshuset nå: Lat riket ditt koma, Gud!  Bønna som held oss i kallet. Som er å gje seg over dagleg.  Følgja Jesus, vera dristig med evangeliet i vår kultur.  Alltid lyttande til Guds stemme.  Du må vera i det!  Det lysande øyeblikket er nå!

Powered by Cornerstone