Om 80 år
Undheim kyrkje 17.mai 2024 - Matteus 22,17-22

Om 80 år

Om 80 år håpar eg at mine barne- og oldebarn heiser flagget i glede og følger kyrkjeklokker som kallar.  Eg vil vera med og gje Gud det som tilhøyrer han og dei vil ha glede av. Eg vil gje kristen tru og etikk vidare.  Eg vil forvalta natur og miljø fordi det er Guds skaparverk som skal vera leveleg heim for alle.

For 80 år sidan var årstalet 1944.  Norge var okkupert land.  Å feira nasjonaldagen var ikkje muleg. Flaggborg var utenkeleg. Ja, ingen fekk vifta med norsk flagg, slik som me gjer nå. Ingen markering. For femte året på rad. 

Aldri gløyma!
Dette har hendt her i Norge og må aldri verta gløymt! Historien frå 1814 til 2024 har teke Norge frå å vera eit fattig land, gjennom eit okkupert land, til eit land som er så fritt, og så godt, at det kan losa oss fint gjennom utfordringar som kjem.

Men dei skulle berre ha visst, dei som blanda bork i brødet i 1814, eller søkte ut av naud og slit til livsrom i Amerika seinare det hundreåret, eller såg det tredje riket breia seg uhemma i 1940-åra. Dei skulle bare ha visst kva land Norge er i verda i 2024.  Dei hadde aldri kunna førestilla seg noko som likna.

Å tenkja ei framtid
Kva om me prøver å tenkja oss 80 år fram?  17.mai passert over i neste årtusen. År 2100. Då dei nyfødde er 76 og 12-åringane 88 .  Kva verd og land har me då? 

Det veit me sjølvsagt ikkje.  Men mest alle tenkjer på, frå skuleungdom til statsleiarar: Om klima og natur gjer kloden leveleg for folk og dyr og livsviktige artar på større deler av jorda. Om matproduksjon gjev nok til alle. Om flyktningestraumar, hav som stig, brannar og orkanar gjer deler av jorda uleveleg. For me veit nå at oppvarminga av kloden må snu. Natur må vernast. Det må skje fort og kraftig før naturen ikkje lenger kan reparera det som me menneske påfører dette fantastiske skaparverket.

Også her i det kalde, rike og stabile nord har dette begynt å gå opp for oss. Me er stort sett i stand til å lytta til forskarar. Empati med dei fattige og sårbare i verda er godt muleg.  Me kan lesa i augene på barn og unge om dei held på å missa det livsviktige håpet.  Håp og tru på framtida. 

Me får gjera det me kan og det me bør, me er i stand til å vera ansvarlege. Og lytta til dei unge.  Men det er ingen av oss som veit korleis det ser ut om 76 år.  Kva framtida kjem med. 

Ufritt folk
Det visste dei heller ikkje på Jesus si tid. Dei visste bare at dei var eit ufritt folk.  Jødar som trudde på Abraham og Isak og Jakob sin Gud.  Landet hadde vore okkupert, ikkje i 5 år, men i 5 hundre år. Eit ufritt folk under framandt styre.  Navnet på okkupasjonsmakta hadde skifta mange gonger.  Nå var det romarane som regjerte.  Nå var det keisaren i Rom, verda sin mektigaste, som bestemte skjebnen. Dei skulle gjerne ha kvitta seg med han. Lovene dei lever etter og myntane dei betalar med, er ikkje deira eigne.

Slik har det vore i over 80 år.  Ingen huskar korleis det var å leva utan. Å ha sin eigen konge.  Å vera frie.  Men dei har høyrt om det. Historien fortalt i skrifter og muntleg er vedkubbar til håpsbålet som har brunne i dette folket heilt sidan Moses og Aron gjekk til farao og ropte: Set folket mitt fri!
Dei ventar ein utfriar.  Dei ventar profetane sin Messias. 

Er Jesus mannen?
I år 30 breier ein ny forventning seg.  Kan det vera at Jesus frå Nasaret er mannen?  Han som vandrar rundt og reiser folk opp og snakkar om Guds rike, ikkje keisaren sitt.  Og samlar folk som har håp i blikket og tru på framtida. 

Slikt var ikkje godt for dei som sat med makta.  Nokre av dei var religiøse ledarar.  Dei følte seg truga av det han sa og gjorde.  Dei ville halda på si makt og minska hans innflytelse.  Så kjem dei med eit sår som verkeleg gjorde vondt i den jødiske sjela.  Keisaren sin mynt. Skatten til okkupasjonsmakta.  Pålagt kvar borgar.  Skatten var forhatt av alle, men mest alle betalte.  Noko anna hadde vore opprør.

Er det rett å betala skatten som er pålagt?  Ei felle lagt ut. Lur. Seier Jesus nei, vil han provosera okkupasjonsmakta.  Seier han ja, legg han seg ut med folket som han er ein del av.  Dei vil ikkje knytta lengsel og håp til han lenger.

Kva seier Jesus?  Er det rett å svara skatt til keisaren?
Han går ikkje i fella og svarar ja eller nei.  Han finn den forunderleg vegen som ingen hadde tenkt kunne vera der.  Peikar på keisaren sitt bilde i mynten, og skapar ei undring om kva som ber Guds bilde og kva som er Guds og tilhøyrer han.

Alltid noko å gje
Med veldig få ord sa Jesus kolossalt mykje. Me har alltid noko me kan og skal gje til styresmaktene våre. Noko me skal gje.  Me skal vera med å engasjera oss for det beste i landet og verda, for dei beste ordningane eit folkestyre kan byggja opp!

Om 80 år håpar eg at mine barne- og oldebarn heiser flagget i glede og følger kyrkjeklokker som kallar.  Eg vil vera med og gje Gud det som tilhøyrer han og dei vil ha glede av. Eg vil gje kristen tru og etikk vidare.  Eg vil forvalta natur og miljø fordi det er Guds skaparverk som skal vera leveleg heim for alle.  Eg vil unna alle nasjonar og folk på jorda ei reise mot trygge levekår med menneskerettar, frihet og eit leveleg klima.  Kvar tid har sine kampar og kvart menneske har sitt spørsmål:  Korleis kan eg gje Gud det som tilhøyrer Gud, slik at medmenneske får det som tilhøyrer dei?  Eg trur svaret må starta med tru og fortsetja med håp!  Og livet og landet og kloden høyrer i hop.

Å gje Gud bønna vår
«Gje keisaren det som høyrer keisaren til, og Gud det som høyrer Gud til.»  Jesus la til det siste.  Gje Gud det som er hans.  Er ikkje det det meste?  Er ikkje det livet eg har fått i gåve?  Å gje Gud det som er hans, er noko av det me gjer når me feirer gudsteneste på 17.mai.  Me syng ein takkesang til Gud og løftar alt fram for han. Me vidar ut eit større rom å leva i. Eit større håp.  Ei tru som kan tåla det vanskelege. Ein himmel over alle slags kvardagar og kampar.  Bønn for alle menneske.

Kva skal me gje Gud?
Jau, me skal gje han bønna vår.  Be for folk og land.

Dette er kyrkja sitt store bidrag til verda, til framtid og håp, fred og frihet.  Å be for alle menneske.  Dei næraste, dei fjernaste. Venner og uvenner.  Dei me er glad i, og dei me har vondt for å tåla. Naboar og fjerne folkeslag.  Dei me er trygge på og dei som er annleis.  Når det kostar å be, betyr det ofte mest. Det me ber om i kyrkja lyftar fram og former samfunnsverdiane våre meir enn me ofte anar.  Me ber – på 17.mai og elles - at me ikkje må verta oss sjølv nok, verken her i bygda eller i landet vårt.  Gud vil me skal be!  Slik at livet vårt vert eit svar på det me bed om.
Så då kan 1 år fram, eller 80, verta ganske bra!

Powered by Cornerstone