Rom for fellesskap og ulikskap
Kveldsgudsteneste i temaserie 20.11.2022 - 1.Kor.12,12-27

Rom for fellesskap og ulikskap

Pedagogen, humoristen og kyrkjelydsutviklaren Paulus i storform. Ord som motiverer til å gripa at me treng ulikskap for å kjenna oss heime i Guds kyrkje utan å gjera oss sjølv til dårlege kopiar av andre.

 

4 bibelmetaforar om fellesskap på kveldsgudstenestane i haust: Vintreet og greinene. Levande steinar. Eit heilagt folk.  Og i kveld:  Ein kropp og mange, ulike lemmer.  Pedagogen, humoristen og kyrkjelydsutviklaren Paulus i storform.

Bibelteksten er lesen, og draumar om kyrkja som eit godt rom for fellesskap og ulikskap er delt.  Mens ord og tankar arbeidar med oss, tenkte eg at me kunne gjera det litt håndfast, ta eit lite håndgrep, ein håndregel.  5 fingrar og ei hand er jo også lemmer på den store kroppen. 

Ta tak i tommelen, den sterke og stødige og la han stå for det kristne fellesskapet som er...

1.  ÈIN KROPP, v.12-13
"For liksom kroppen er èin, endå han har mange lemer, er alle lemene èin kropp, endå dei er mange. Slik er det med Kristus òg. For med èin Ande vart vi alle døypte til å vera èin kropp...."

Kyrkja sin draum og gave er å vera eitt. Ein kropp! Noko forunderleg eitt.  I eit heilt liv.  I ei heil verd.

Hald på tommelen og tenk på heile kroppen din. Hadde du gjort det vanvittig tåpelege å dela kroppen opp i småbitar som ikkje heng ihop: Kva slags liv hadde det vorte av det? Armar og føter og auga og øyra er seg sjølv bare når dei er ein del av kroppen. Bare slik lever dei.  Når dei høyrer i hop på same kropp.  Når dei er eitt, så ulike dei er.  Ein levande kropp heng ihop. Han må det for å vera levande. Lemmene er eitt om dei er forskjellige. Dei høyrer ihop på same kropp. Ei verdensvid kyrkje i alle valørar.

Ei kyrkje med trygt rom for fellesskap og ulikskap er først av alt eitt med Jesus.  Så eitt at det villaste uttrykket kan brukast:  Kyrkja i all sin ulikskap er Jesus sin kropp.  Hald på tommelen og hald det fast!  Me er ein del av noko mykje større enn oss sjølv!

Så: Finn peikefingen.  Ikkje den stødigaste, men han har jo lett for å peika ut både det eine og det andre av likt og ulikt.  La han stå for det kristne fellesskapet som har eit...

2.  MANGFOLD AV ULIKE LEMMER, v.14
"For kroppen er heller ikkje èin lem, men mange.

Det er rom for slikt i kyrkja som me kjenner til og drøymer om. Det skulle bare mangla.  Me er skapte forskjellige, har ulike livserfaringar, kjem frå ulike kulturar i heimar og nasjonar, er utrusta ulikt, har så mange typar ulik ballast at det sjølvsagt også festar seg i brillene me les Bibelen og samtida med.

Peikefingen kan lett begynna å vifta og peika ut mangfold som eit problem, som sprik, som noko me skulle ha vore uten.  Men kven har sagt at problemet ligg i mangfoldet? Ikkje Paulus! Det gjer heller utryggheten vår, evnen til å håndtera forskjellar og uenighet.  Problemet oppstår når me misunner kvarandre, mistenkjer, driv maktkamp, motarbeidar og går bak ryggen på kvarandre. 

Det er faktisk så enkelt som at me treng ulikskap for å oppleva oss heime i Guds kyrkje uten å gjera oss sjølv til dårlege kopiar av andre. Det er det eine.  Og det andre er: Det er så mykje Jesus vil ha utretta i verda.  Då treng han forskjelligheten.  Det er det sterkaste med bildet av kyrkja som Kristi kropp.  Det er så mykje Jesus vil ha utretta. Det er så mykje auge skal sjå, øyre skal høyra, munnar skal snakka om, hender skal halda om og føter skal gå med. Derfor trengs mangfold, ulike personar, miljø og arbeidsformer for at fleire skal nås og høyra til på Jesu kropp!

Så peikefingen kan vinka inkluderande i plassen for å peika ut ekskluderande eller vifta dømmande.

Og så er det langfingen.  Den som når lengst.  La han stå for den gode draumen om å

3.  Å DELTA I FELLESSKAPET i, v.15
"Om foten ville seia: "Fordi eg ikkje er hand, høyrer eg ikkje med til kroppen", så høyrer han like fullt med til kroppen." 

Kyrkja er Jesus sin kropp. Du er uttenkt ein plass der for at kroppen i fellesskap skal vera og gjera det Jesus vil.  Gud veit kva han gjorde då han skapte oss.  Han vil utrusta oss med sine nådegavar.  Noko vesentleg og viktig for heilheten manglar viss eg trekkjer meg vekk, fordi eg ikkje tykkjer eg er flink og god nok, eller noko anna enn Jesus har vorte viktigare for meg.  Då vil eitt av to skje: Enten vert kroppen funksjonshemma og kyrkjefellesskapet fattigare.  Eller nokre andre tykkjer dei må ta over den oppgava sjølv om det ikkje var deira plass. Det vert fort belastningssjukdommar av slikt.

La den lange fingen lokka til å ta tak, delta og bli brukt.

Og hald så om ringfingen, den som kan våga å forplikta seg og sleppa andre nært inn på livet.  La han stå for

4.  VILJE TIL Å LA ANDRE BLI BRUKT, v.21
"Auget kan ikkje sei til handa: "Eg treng deg ikkje", eller hovudet til føtene: "Eg har ikkje bruk for dykk".

Paulus lærer oss ei solid og viktig lekse om det skrikande behovet det er for dei andre sine personar og oppgavar. Viss me ikkje kan gle oss over dei andre sine styrkar og oppgavar, så er det mest som å ønskja at Kristi kropp skal vera funksjonshemma, halt eller einauga eller døvhøyrt eller kva det nå kan verta av det.

I Brynekyrkja seier me at me vil vera ei kyrkja som er raus i mangfald og tydeleg i retning.  Forplikta på fellesskap og ulikskap.  Med mål om å gle seg over dei andre sine styrkar og gavar, livserfaringar og lengsler om å høyra til og verta brukt som den ein er. So be it!

Til slutt: Hald om lillefingen, den første til det livsviktige:

5.  Å KJENNA SMERTE. V.26a...  
"For om ein lem lid, så lid alle dei andre med."

Stikk ei nål i kroppen, så finn me fort ut om kroppen er levande. Stikk det ein plass i kroppen, så er det som heile kroppen rykker til. Rom for fellesskap og ulikskap er empati og evne til å kjenna smerte. Å la seg involvera når nokon vert offer for det vonde, for sorg, for ensomhet, for tap av meining, for sår og overgrep. Er kyrkja ein plass der det er lettast å vera for dei som er vellukka og har sitt på det tørre, eller som er flinke til å ta på maskene, då er noko galt fatt.  Kjenner me Jesus, då kjenner me andre sin smerte og vil bry oss. 

Håndfast, altså!
Ein draum, og eit håndgrep om kyrkja som har stort rom for fellesskap og ulikskap:

Ein kropp (Tommel)
Mangfold av ulike lemmer (Peikefing)
Ta tak og delta i fellesskapet (Langfing)

Forplikta oss til å sleppa andre til (Ringfing)
Ha evne til å kjenna smerte og dela han. (Lillefing)

Powered by Cornerstone