Sant og usunt på nett
Kveldsgudsteneste 4.sundag i fastetida 2023 - Joh.11,45-53

Sant og usunt på nett

Ein kynisk leiar vil ofra ein for alle. Ein kjærleg frelsar vil ofra seg sjølv for alle. Det eine er siste sort. Det andre er beste sort. Me kallar det nåde!

Noko av det verste me kan gjera, er å ofra andre.  Svikta dei. La andre stå igjen med heile ansvaret, heile trøbbelet.  Sjølv går me fri med å la andre sitja i klisteret.  Me ofra dei, for å berga oss sjølv.

Det er ein effektiv måte å drepa vennskap på.  Er me utspekulerte nok, kan me bruka sosiale medier til det også. Ramma hardt og kanskje kamuflera kven det var som sto bak.

Tastaturtøff
Å ofra andre er skittent spel.  Eller lite tenkt! Det bare skjedde og vart ganske feil fordi me tenkte oss for lite om.  Ein tidlegare konfirmant sa ein gong på gruppa mi når me snakka om sosiale medier:  «Å, du veit, me vert jo litt tastaturtøffe

Men den tastetøffheten kan ramma andre hardt.  Så me skal vera kritiske til det me sender ut på nettet.  Å ofra andre for å koma i betre lys sjølv, er siste sort.

Viss du anar litt om det, så anar du også at mange andre der ute også brukar nettet til å koma betre ut sjølv, på bekostning av andre. Av deg også.  Og mange er slett ikkje så snille som du er!

Det er bra om du kan kjenna igjen slikt. Vera kritisk: Også når det som kjem på nettet er galande løye, eller ser ut som ei ganske god sak.  Eit godt kontrollspørsmål er:  Vert det nokre offer her?  Kven betaler prisen for dette? 

Kynisk løysing
I bibelteksten me høyrde, var det klart kven det var som skulle betala.  Den øverste religiøse leiaren på Jesus si tid reiv seg i håret. Han hadde ansvar for ei tru, ein stolt historie og eit heilt folk.  Han var redd for at desse Jesusgreiene skulle øydeleggja den store, gode saka han hadde ansvar for.

Det ende med at han ikkje sto opp for det som var rett.  Han landa på ei kynisk løysing og argumenterte for å ofra eit menneske for ei sak. «Det er betre at eitt menneske døyr for folket, enn at heile folket går til grunne.» Ein må ofrast her. Så stor sak er dette.

Siste sort og beste sort
Dette er ein måte å tenkja og handla på som er siste sort. Altfor mange leiarar har gjort og gjer det same.  Og me må forstå at det svært lett gjeld religiøse formidlarar.  Og ekstra mykje dei som har teknologien sin store anledning til å plassera ein skjerm mellom seg og til oss dei snakkar til.  Religiøse ledarar og formidlarar har så lett for å tru at saka deira er så god, at ho kan tåla litt svinn og offer. Og eg og du sit jo i eit hus langt vekke, så...

Å ofra andre for ei god sak, er det verste som fins. Det beste som fins, liknar faktisk:  Det er å gje seg sjølv for andre. Frivillig! Dette er kjempesterkt i bibelteksten.  Ein kynisk leiar vil ofra ein for alle.  Ein kjærleg frelsar vil ofra seg sjølv for alle.  Det eine er siste sort.  Det andre er beste sort.  Me kallar det nåde!

Han gav seg sjølv
For me er ikkje ei sak. Me er Gud sine elska skapningar. Me er verdifulle kvar enkelt i oss sjølv, ikkje for noko anna.  Det er oss som personar Jesus frivilleg gjev livet for.  Me som slit med å tru at me er så høgt elska.  Me som bommar i å setja andre menneske høgt nok.  Me som treng tilgivelse frå han me har fått livet i frå.

Jesus ofra aldri nokon for ei god sak.  Det er veldig fint å kvalitetssikra nettbruken vår med å sjå på Jesus!  Han ga seg sjølv, for det var eg og du og alle menneske som står øvst på verdiskalaen. Slik er det ennå.  Og me seier det fram i kyrkja kvar sundag, at dette er Gud, slik me får tru på han og leva nær han…

Skjer snart
UF
Lørdag 2. desember, 2023 20:00
Velkommen til UF til alle frå 8. klasse og oppover!
Adventsklubb for 5-åringar
Tirsdag 5. desember, 2023 17:00
Innvandrartreff
Tirsdag 5. desember, 2023 19:30
Her kan du komme, få nye venner og oppleve et mangfold av kulturer. Samtidig med at du får øve deg på å snakke norsk.
VÅR JUL - Julekonsert
Lørdag 9. desember, 2023 20:30
VÅR JULChristian Ingebrigtsen, Maria Arredondo, Torstein Sødal, Gaute Ormåsen og Agnete Saba inviterer deg herved inn i sitt musikalske univers.Menyen er skreddersydd for deg som vil senke skuldrene og fylles av juleglede.Til lyden av klangfulle melodilinjer fra artistene, harmoni med ekte, nær og lun historiefortelling, serveres du de deiligste retter: Fra de nære, norske julesangene til vakre ballader ikledd mektige melodier. Hjertelig velkommen til Vår JulKapellmester Øystein Lund Olafsen. Med Joakim Bergsrønning på diverse treblåsinstrumenter og lokale kor.Billetter kan kjøpes på www.ticketmaster.no
Vi syng til jul
Tirsdag 12. desember, 2023 17:00
Vi syng til jul. Tysdag 12. desember kl. 17:00. Alle velkomne. Arr: Bryne diakoniutval
9:13
Torsdag 14. desember, 2023 17:30
Alle i 4.-7. klasse er velkomne!
JULEKONSERT Blandakoret Frøysang
Lørdag 16. desember, 2023 19:00
Julekonsert Blandakoret Frøysang med gjest Hege Kristin Kjærvoll.Orgel/piano: Per Olav Egeland - Dirigent: Geir Munthe-KaasBillettsal kr 200,- / kr 100,- selges i døren.
UF
Lørdag 16. desember, 2023 20:00
Velkommen til UF til alle frå 8. klasse og oppover!
Powered by Cornerstone