Eit heilagt folk
Kveldsgudsteneste i temaserie 16.10.2022 - 1.Pet.2,9

Eit heilagt folk

Å vera eit folk er så mykje meir enn å vera eit ego. Eller å stå åleine. Å vera eit folk er å høyra til i ein stor flokk og ein veldig samanheng.

Kveldsgudstenestane i haust tek fram bibelen sine metaforar om fellesskap.  Greiner og vintre. Levande steinar. Kropp og lemmer.
I kveld:  Eit heilagt folk.  Som ikkje er ein metafor, eit bilde, men ein realitet!

Apostelen
Apostelen Peter fortel om realiteten. Han kjente historien sin.  Folket sin historie. Å vera Guds folk. Dei 12 Israelstammane, utvalde av Gud. Slik Peter sjølv vart, då han vart kalt av Meisteren, som ein av dei nye 12.  Og så fekk han ein dag det veldige oppdraget om å vera klippa som kyrkja, det nye Gudsfolket, skulle byggjast på.  Dette gjev Peter vidare, med livet sitt, med brevet sitt, til alle som kjem til tru på Jesus Kristus. Bibelverset står på skjermen.

"Men de er ei utvald ætt,
eit kongeleg presteskap,
eit heilagt folk,
eit folk som Gud har vunne så de skal forkynna hans storverk,
han som kalla dykk frå mør
kret og inn i sitt underfulle lys."

Desse orda har stoff til mange bibeltimar, til lange linjer gjennom Bibelen sine bøker. 

Meir enn eit ego
Og ein kort meditasjon på 5 minutt.  Ein liten refleksjon. Kva inneber det nå for meg å høyra til i Guds folk? Å vera ein del av eit heilagt folk, å leva i desse orda frå Petersbrevet.

Kanskje dette?
Å vera eit folk er så mykje meir enn å vera eit ego.
Eller å stå åleine.
Å vera eit folk er å høyra til i ein stor flokk og ein veldig samanheng.

Å vera eit heilagt folk er så mykje meir enn å vera eit folk som er definert av interesser for ditt og avgrensingar mot datt.
Det er å høyra til hos Gud.  Vera hans folk. Høyra med i hans planar.

Begge deler er ein stor gave til meg og til alle som lever i ein ekstremt individualistisk kultur, der det er opp til den enkelte av oss å definera vår eigen spesielle identitet og leita etter meining og kva som er akkurat min rolle i livet.

Utvald
Det er noko større å kvila i her.  Å vera utvald.  Å vera ein del av eit folk som Gud har valgt seg.  Å ha eit kall og oppdrag.  Noko eg og alle som trur, både kan få vera og gjera.

Ingen av oss kan begripa at Gud vel ut.  Bare at det er ein nåde og eit ansvar.  Verken det gamle eller det nye gudsfolket er valde på grunn av ein spesiell kvalitet.  Det er Guds nåde og kjærleik og planar og vilje til fellesskap som ber alt.

Det er veldig fint å tenkja på at eg får høyra til eit gammalt folk, eit varig folk, eit noko uferdig vandringsfolk, men mest eit folk med den lysaste framtida i Gud sitt underfulle lys.  Der folk av alle nasjonar og språk skal sitja rundt festbordet i det fullendte Gudsriket.  Det er herleg håp.  Og det er alltid nåde, særleg for meg og oss som er poda inn på dette første treet og folket som Gud valde seg. 

Vunne
Peter kallar det eit folk som Gud har vunne. Dobbel nåde. Dobbel kjærleik. «Gud viser sin kjærleik til oss ved at Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar.»  Det sentrale motivet i Bibelen sitt frelsesbudskap, og i altarkunsten i Bryne kyrkje.  Eit folk som Gud har vunne. 

Det må vera det som gjer at det er heilagt.  At dei truande kan verta kalla heilage, sjølv om apostlar skriv brev og tek fatt i allslags ugreie i liv og i fellesskap som held på med ting som absolutt ikkje kan kallast heilagt.  Feil og brest og sår og moral på avveger vil det alltid vera i kyrkja.  Likevel fins det eit heilagt gudsfolk som Gud handlar med, reknar med og reiser opp på ny og på ny.

Synleg, samla og sendt
Me seier denne hausten at kyrkja er eit stort vi.  Kollektivet er meir og større enn den enkelte og egoet.  Og det ligg i korta at Guds folk er synleg. I den gamle pakta vert det kalla for qahal – forsamling, i den nye ecclesia, dei som er kalt i hop av Gud.  Det betyr at gudsfolket er synleg når det er samla.  Ja, me kan merka når me kjem til gudsteneste, kor godt det gjer, å høyra til i det folket som går ut over alle grenser, i tid og rom, bakover, oppover, utover, framover. Fellesskap med evig berekraft!  Kvar nattverdfeiring fortel dette sterkt og kraftig.

Det folket som Peter oppgraderer og inspirerer, er synleg når det er samla.  Og slik det er sendt.  I oppdraget sitt.  Å forkynna Guds storverk.  For Guds folk er ikkje til for seg sjølv.  Det er derfor det er eit heilagt folk, skilt ut til ei teneste.  Gud vil vinna alle menneske inn i sitt folk.

Det heilage folket
Det heilage folket er til for andre. For å gje håp. For å forma berekraftig fellesliv i ei kyrkje.  Som opnar opp for Guds kjærleik til alle som lever og alt som gror på hans jord.

Kanskje Gud i kveld får minna deg om ein god måte å forkynna på der du er sett.  Inspirert av det du har fått.  Det er alltid noko den enkelte av oss er nærast til å vera og gjera der me høyrer til.  Og så er det sabla godt om det kan høyra i hop med eit berekraftig fellesliv som Brynekyrkja viser veg i.  Ver med og be om det. 
De gode heilage gudsfolk!

Powered by Cornerstone