På flukt
Konfirmantpresentasjon, Matteus 5,10-12, 16.sundag i treeiningstida 2015

På flukt

Dei er små, dei bølgene som vaskar over ein død treåring sitt halvt begravde ansikt, men dei tek oss inn til dei enorme bølgene som nå rullar over Europa og set oss på prøve.

Denne sundagen vert de konfirmantar presenterte i kyrkja. Denne sundagen vert også 2 nye bilder av Jesus presenterte i Brynekyrkja.  Ikkje av Jesus, men bilder som fører oss på ein veg inn til Jesus.  Akkurat slik som ikonet på mobilen eller Ipaden eller pc-en.  Eit bilde som tek deg inn i noko større.  Du berører ikonet på skjermen og det som opnar seg, rører ved deg.

Bildene som fornyar kyrkja
Det eine bildet skimtar de som sit fremst til høgre. Alle andre kan studera det under kyrkjekaffien eller når de går rundt altaret for å gje gåve i offerkorga.  Glasmaleriet inni kyrkja har fått på plass dei to siste felta, rett bak alterveggen. På det til høgre kan de få eit sterkt, gripande møte med den korsfesta, lidande Jesus.  Han som heng der i smerte, med bøygd hovud og lid med alle som lid. Han som lid for oss som ber på skuld og skam fordi me lukkar auge me skulle hatt opne.

Det andre bildet har kome opp på den mest sentrale plassen i kyrkja, bak altarbordet, ennå ikkje ganske ferdig frå kunstnaren si hånd.  Men me ser nok.  Kor Jesus har vore og kor han er nå.  Korset er tomt.  Jesus lever.  Det går ei blodrød stripe frå himmelen heilt ned til det djupaste på jorda og får oss lettare til å tenkja og tru at Gud elskar så høgt at det kosta han alt.

Bildene som rystar Europa
Desse to bildene eller ikona inn til det viktige treng me ekstra mykje denne sundagen.  For me er nødt for å sjå noko anna.  Rett i augene og ned i hjarta.  Me har gjort det kvar dag i det siste.  Sett bildene av den 3 år gamle gutten som ligg livlaus på ei strand. Hovudet halvt skjult i sand. Saltvatn vaskar over små armar som ikkje lenger kan lea seg.  Bildet av han tok ein heil verdensdel inn i det å ana smerten, omfanget og tragedien i den største flyktningekrisa etter andre verdskrig.  Eit ikonisk bilde på same måte som symbolet framme på alterveggen.  Det har teke oss inn til vår eigen klump i magen.  Det har teke oss inn til spontane og kreative ønskje om å hjelpa, om å tenkja nytt om kor gjestfrie me hadde tenkt å vera. 

Dei er små dei bølgene som vaskar over ein død treåring sitt halvt begravde ansikt, men dei tek oss inn til dei enorme bølgene som nå rullar over Midt-Austen og Europa.  200.000 har vassa ut av bølgene inn i det kriseramma Hellas.  Fortvilte over dei som forsvann i bølgene, takknemlege for å vera foreløpig berga frå den syriske tragedien, frå kulehol og granatsplintar, spente og usikre på neste etappe.  Me ser den store flyktningebølga på ferieturar til Hellas, ei bølge av sårbare liv langs vegene i Europa, under ny piggtråd i Ungarn, innestengt i tog og lastebilar, gåande langs danske motorveier mot Sverige.

Gode og forstandige folk seier at denne bølga av migrantar kjem til å forandra kvardagen i Europa og set oss på prøve, på kva syn me har på medmenneske, kor opne og generøse me er, korleis me sorterer på kva som er stort og viktig og kva som er bagatellar.  Kva som er å vera norsk og å vera menneske.

Bølger som møter kvarandre
Er det ikkje dette som skjer?  Ei bølge av empati og medfølelse veks fram og møter folkevandringsbølga som breier seg nordover til der me bur. For mange har det vorte tydeleg at det skjuler seg ei forteljing bak alle desse ansikta som ser mot oss gjennom ei skjermrute eller allerede er flyktning i Norge.  Det er ansikt med namn og forteljingar frå den grusomheten som krig, attentat, svolt, urett og frykt skaper.

Me som ser alt dette lever i eit land der me ikkje vert utsett for tilfeldige fengslingar, krig, svolt eller manglande muligheter for unge til å skape seg ei framtid med håp.  Så godt har me det at me eigentleg bare kan rystast ut av det me tek som sjølvsagt.  Viss me ikkje vert rysta, viss me ikkje trykkjer på ikonet for å bry oss, er faren stor for at me lukkar hjarta i hop med auga.
Dessverre høyrer det til menneskelivet at det er vanskeleg for oss å sjå på dei andre med respekt og forståelse, å gje dei den same verdi og verdighet som oss.

Derfor er det nødvendig å sei det denne dagen då de konfirmantar startar på eit år med å bli djupare kjent med Jesus, nå når de skal få gjera den kristne trua og etikken sterkare til dykkar eigen vaksne identitet:

Kristen tru er human
Som kristne trur og bekjenner me at alle menneske er skapt i Guds bilde. Det gjelder uten hensyn til sosial status, rikdom eller fattigdom, kroppsleg eller intellektuell funksjonsevne, utdanning, hudfarge og etnisk bakgrunn, religion, seksuell orientering eller kjønn. For kvart menneske gjelder dette: Det er skapt i Guds bilde. Den som krenker eller nedverdigar eit menneske, eit medmenneske, bedriv samtidig ein krenkelse av Gud.

Dette er kristen bagasje.  Den kan me bruka til å forhalda oss til  bølga som nå rullar mot oss frå Europa. Det er mykje me kan gjera! Mange muligheter for gode grep i kvardagen og bruka stemmeseddel, frivillig engasjement og politisk arbeid til å finna best mulege løysingar.  Det skal me ikkje gjera her i kyrkjerommet.  Men i det rommet der korset er det sentrale ikonet inn til livet, der må eg sei dette i dag:

Alle slags graderingar av menneske, og dermed også av asylsøkjarar og flyktningar som kjem til Europa og til vårt eige land, slike graderingar må problematiserast av oss som trur at alle menneske er skapt i Guds bilde.  Den kristne trua er menneske-vennleg, human og humanitær.  Som truande, som kyrkja og som samfunn med ein kristen kulturarv må me alltid først sjå og sei at kvart enkelt menneske er like verdifullt som me er sjølv.

Dei lidande og han som lid
For min eigen del har eg mest gått på sida av meg sjølv denne veka.  Eg har pendla mellom sterke nyhetsinntrykk og det som har teke form her i kyrkjerommet.  Bildene utanfrå og bildene som har kome gradvis på plass her inne, har truffe kvarandre.  Lidande medmenneske og den lidande Gud,  samtidig og saman.  Dei hjelpetrengande og han som har det varmaste hjarta. Eg må bare våga å trykka på skjermen og gå inn i det som ikonet tek meg inn i. Både i kvardagen og i kyrkja. Og til det har me fått bibeltekstar denne sundagen.

Evangelieteksten er frå Jesus sin mest berømte tale.  Bergpreika.  Den talen startar Jesus med å mala eit bilde av dei 8 søylene som det nye himmelriket skal byggjast på.  Han teiknar himmelen på jorda med 8 setningar der han priser menneske salige, lukkelege.  Det høyrest slik ut i den siste av dei 8, i teksten for i dag: «Sæle dei som vert forfulgde for rettferd skuld, himmelriket er deira.»

Forfulgt for si tru
Nokre av dei som kjem til Norge som flyktningar, er kristne som er forfulgde for si tru.  I tillegg til krig og redsel er dei trakassert og rekna som mindreverdige i samfunnet. Dei kjem sist i alle køar. Dei vert skua ned i fattigdom. Dei får dårlegare helsetenestar og utdanning. Når det er spenningar i samfunnet, vert dei gjerne utpeikt til syndebukker.  I slike situasjoner kan dei kristne bli utsett for tilfeldig voldsbruk, kyrkjer kan bli angrepne, hus påtent, kristne slått og sparka av mobbliknande angriparar.

Dette skjer i mange land, og dessverre må me sei at i mange av desse landa er islam den herskande religionen, og midt-Austen held nå langt på veg på å verta tømt for kristne.

Det er desse forfulgde Jesus priser salig og deler himmelriket ut til. Han ser at dei som er forfulgde for hans skuld, har trua si kraft i seg, dei er etterfølgjarar av han.  Han trøstar dei med at dei er sett av han som lid med oss og har lidd for oss. 

Så nå veit me det også i dag.  Alle som er på flukt, ber Guds bilde, me kan ikkje sortera nokon til annan verdi enn fullt menneskeverd. Og alle som er forfulgde for si kristne tru, er sett av Jesus og skal bli sett av oss, med hans hjartelag.

Berør ikonet
Kva betyr dette konkret for oss denne sundagen?

Me har ein voldsomt stor grunn til å bry oss om det som skjer, både med dei som flyktar og dei som vert verande. 

Bildene ligg heilt ope i dagen.  Klikk inn og sjå. Uavhengig av religion og avhengig av nød kjem folk til oss nå.  Klikk neste ikon og lytt og lær av forfulgte trussøsken.  Høyr vitnesbyrdet deira om Jesus. Dei har noko viktig å sei oss, om vårt eige kors sin smerte og om Jesu kors si kraft.

Me treng det, me som vaser oss vekk i kortvarige og overfladiske jag etter lukka. Kristne søsken som vert forfulgde, lærer oss noko om å fylgja Jesus uansett, om korset si kraft og trua si glede på djupet.

Me kan ikke læra dei noko særleg. Men dei har mykje å læra oss. Ennå ein god grunn til å ta imot dei som flyktar og kjem til oss.

Powered by Cornerstone