Kjære medarbeidarar
Ole Brumm vart spurd om kva som er best med honning. Mens han spiser eller etterpå?
Det er eit godt spørsmål. Kva er best med å vera medarbeidar i Brynekyrkja? Er det når du får vera midt oppi noko du høyrer til i? Har ansvar for? Mens du spiser, eller er det etterpå?
Er du pumpa og tom etterpå, så kan det likevel vera andre som er glade og takknemlege, og du kjenner at du er glad for at du var med og ga litt jernet her. Er du varm inni deg etter eit fellesskap, ei samling, noko du fekk vera og høyra til i, er du full av ettervarme, så er livet rikare, takknemlegare. Du og andre medarbeidarar var med og skapte noko som ga djup meining.
Er det best mens du spiser eller etterpå?
Eg lærte av gamleklokkar Leif Andenes at det er nået som gjeld. «Du må vera i det!» sa han, og ga med det nøkkelen til å vera ekte, til stede med glede, og kunna takka for varmen etterpå.
Kva er best? Er det midt i ein hellig time i kyrkja på sundag? Du får det nært, å leva oppover, vera nær Gud, innover mot dei andre som trur, utover mot byen og verda. Ha sundagsskule for ungane, servera kyrkjekaffi, bidra med ord eller tonar, helsa folk velkommen, smila til konfirmantar og dåpsfølgje, forma og framføra ei bønn. Tenkjer du nokon gong at det var feil å koma, og dumt å vera medarbeidar, eller kjenner du den gode varmen utover sundagen vidare?
Kva er best i kvardagskyrkja? Besøka til dei gamle og sørgande, eller varmen etterpå? Be for folk og arbeid, eller å sjå dei med bønna sitt gløda blikk etterpå? Ungane som får myldra og verta heime i kyrkja fordi nokon ser dei, slepp dei til og gjer det kjekt for dei. Alle som har vorte kjende med det sentrale i kyrkja gjennom «Etter skuletid». Alle som har smakt på trusopplæring og diverse mat i munnen, der og på Familiemiddag. Alle som har lært å syngja i kor og snopa i UF-kiosken. Alle som har fått friluft og ferdigheter og fellesskap i kroppen i speidaren. Alle som har fått nye tankar og tema på bibelkveldar, torsdagstreff og kveldsgudstenestar. Alle som har fått musikk og berøring i blåfarga glaskunstlys på babysang.
Me kunne fortsett ei lang og takknemleg liste. For det du får når du er med. For det du gjev og skapar for andre. Brynekyrkja.
Best mens du spiser, eller etterpå?
Veit de kva Ole Brumm sa? «Det er best …. liiiiike før!» Når det kitlar i munnen, når strevet med å skaffa denne honningen er over, bistikka held på å gje seg, og det er liiiiike før.
Kanskje Ole Brumm har heilt rett. At det beste er å vera ei liiiiike-før-kyrkje. At det er medarbeidarar som gjer kyrkja til dette, og er ei slik kyrkje. Forventningskyrkje. Kva kjem nå? Kva vil Gud gjera nå? Kva får me vera med på nå? Nye med tru og håp…?
Det kan vera skrekkblanda fryd liiiike før. På kanten meir skrekk enn fryd når staben byr på ablegøyer i kveld. Det meste har heldigvis mindre skrekk i seg og meir fryd. Å be fram noko frå Gud. Å bøya seg ned og løfta andre opp. Å stå over grytene og smørbrøda og kjenna lukta først og vita kva glede som er i vente for mange. Å sitja i sakristiet eller kyrkja og planlegga ein gudsteneste. Å finna måla og satsingane i kyrkja sin strategiplan slik soknerådet og staben skal gjera i mårå. Til beste for alle!
Mykje er best liiiiiike før. Det er det som dreg oss til å bidra og skapa, skaffa og forma, by på innsats. Og få eit herleg måltid med ettervarme. Takk for at de bidreg! Takk til Gud!
Og takk for bibelordet som seier kva som er best. Jes.43,18:
De skal ikkje tenkja på det som hende før.
Sjå, eg gjer noko nytt. No spirer det fram. Merkar de det ikkje?
Medarbeidarar merkar det først! Og det er fort best liiiiike før.