Nå er timen komen
Palmesundag 2023 - Johannes 12,12-24

Nå er timen komen

Du kan så og sei koma slik grekarar på påskereise i Jerusalem kjem. Ein veg som passar tankemenneske vel så godt som følelsesmenneske, introverte like godt som ekstroverte.

«Timen er komen…»
Det er første gong Jesus seier det.  Mange gonger har han sagt: «Min time er ikkje komen…»  Då avviste han å gjera under for å skapa sensasjon.  Han trekte seg vekk og stakk av når folk ville gjera han til konge.  Han ba disiplar og andre om å ikkje fortelja om under og helbredelsar.  Han forbaud dei strengt å seia noko om at han var Messias.

Timing
Men nå er timen komen.  Nå slepp Jesus laus det som før skulle ha låg profil. Me har eit ord på sånt. På engelsk og på norsk. Ordet er timing.  Å treffa det rette øyeblikket, når tida er inne, når saka er moden. Du er strateg når du treff med timinga.  Du er livskunstnar når timinga stemmer.  For det som var heilt umuleg eller feil i det eine øyeblikket, kan vera midt i blinken i neste øyeblikk. 

Så du har lyst til å treffa med timinga når du skal kjøpa og selja hus og aksjar, når du skal gje gode ord mens andre er mest mottakelege, når du skal treffa med gode pasningar til rett person på ein bane, eller treffa markedet med ein vare du har utvikla.  Timing er tingen.  Når timen er komen.  Øyeblikket då historien snur, alt vender seg, ein ny epoke begynnar.  Tida er moden.  Timing!

Etter oppstyret
«Timen er komen..» er faktisk dei første orda Jesus seier i bibelteksten om alt det som hender på palmesundag. Og då er det alt langt på dag, oppstyret er sikkert over, og eselet har fått mat og kviler.  Då kjem dei første og avgjerande orda:  «Timen er komen då Guds herlegdom skal lysa om Menneskesonen…»  Nå skjer det.  Øyeblikket der alt snur.  Det som Jesus er komen for.

La de merke til at Jesus seier dette etter det merkelege opptoget med eselridning og palmegreiner.  Han tenkjer visst at det ikkje var i hosianna-ropa og jubelen at Guds herlegdom lyste på det sterkaste.  Det var ikkje i folket sin jubel han fant identiteten sin som konge og Messias.  Det var ikkje med å sola seg i glansen.

Nei, alt låg gøymt i det som skulle skje etterpå.  Timen er komen når kveitekornet fell i jord og døyr.  Når det vert til liv for mange at han utslettar seg sjølv og gjev seg hen til kors og død. Alt det andre i livet var bare eit lån.  Det som var hans og bare hans, var korset.  Å døy for å gje stor grøde.  Nå og slik er timen komen!

Det er fint om me får til å lytta godt til Jesus om dette.  At det er påskehendingane som er Gud si store timing i historien.  Øyeblikket der alt snur.  Når forsoning mellom menneske og Gud skjer. Når synd vert reparert, skuld betalt og himmelhåp oppretta.

Dette er Jesus sin veg til oss.  Påske for 2000 år sidan, og påske i dag.  Påskehendingar som også kan vera vår veg til han.  

For Jesus vil koma til meg i denne påsken.  Timen er komen for det også. 

Stille nok i den stille veka
Så då er det timing å leva meg inn i det han har gjort. Møta påske med forventning. Koma i kyrkja. Finna fram Bibel og godt lesestoff heime, vera stille nok i den stille veka. La salmar og musikk leggja gode ord og tonar på dei beste plassene inni meg. Dela noko fint med andre. Gode øyeblikk som timar meg mot Jesus sin time.

For timen er komen.  Jesus kjem med ordet om alt han har gjort for meg. Eg skal få sjå kor høgt han elskar meg. Kor mykje han var villig til å ofra for meg. Han elskar visst meir enn me nokon gong kan forstå.

Han elskar dei små og gjev dei del i Guds rike i dåpen! Han tenkjer ikkje på seg sjølv, men på oss.  Han ser at me treng å høyra til han som kan tilgje og gje oss håp og meining i livet.

Johannes si palmesundagsforteljing har noko til som det visst er veldig viktig å få fram. Måtar som folk kan ta imot Jesus på.

Måtar å ta imot Jesus
Nokre har lyst til å vera med Jesus, men dei må ha litt tid på seg før dei forstår og er klar, sånn som læresveinane til Jesus.

Nokre vil ikkje.  Dei føler seg trua av Jesus.  Sånn som farisearane. Dei vil ikkje gje slepp på sine eigne tankar om Gud og korleis me bør leva og praktisera trua.  Jesus passar ikkje inn i planane dei har.  Farisearar vil ha trua og moralen på sin måte. Jesus truar det dei har bygd opp.  Farisearar er ingen gode rollemodellar inn mot påsken me skal feira.   

Dei gode modellane finn me på uventa plass.  Den store folkemengda som jublar mot Jesus, og nokre utlendingar utanfor gudsfolket som spør etter Jesus.  Dei har forventingar.  Dei spør og søkjer, dei jublar og lovsyng.  Akkurat det som Jesus ønskjer.  Og me treng. 

Å koma i jubelen
Nå tenkjer me litt på desse 2 gode måtane å nærma seg Jesus med forventning. Ta imot han som meir enn gjerne vil ta imot oss.

Den første måten er denne:   Du kan nærma deg Jesus som ein av mange i eit fellesskap. Du kan syngja i koret, sitja på kyrkje-stolar, gå på sundagsskulen, delta i forening og husfellesskapet, vera med der det skjer.  Du kan la deg riva med av litt begeistring og jubel. Du treng ikkje akkurat reisa langt vekk og finna super-predikantar og miljø med skikkeleg åndeleg høgtrykk. Men kan hende lyfta hender på lovsang og konsert, på barnesangar i alle fall. La gleda få kroppspråk og stemme i gudstenesten sitt drama.

Mange har hatt livsforvandlande møte med Jesus i den store folkemengda.  Du kan så og sei ta palmegreinene i hendene, slik dei gjorde i Jerusalem og nærma deg Jesus i festen og gleda og folkemengda og storfellesskapet.  Syngja Jesus er kongen min!

Å koma stille
Men du kan for det andre også koma stille.  Åleine og ganske stillferdig utan oppstyr.  Du kan gjera som grekarar og spørja deg litt fram for å finna ut meir om Jesus.  Ta kontakt med nokre du trur kjenner Jesus litt bedre enn deg.  Oppsøkja dei utenom møter og samlingar.  Ein privat samtale som kanskje kan føra deg vidare uten at nokon legg merke til det.  Du vert kanskje presentert for nokre fleire, kanskje for ein forfattar eller ei god bok eller ein god film.  Som igjen kan føra deg nærare Mesteren.  Mange har hatt avgjerande møte med Jesus gjennom ein god medvandrar.  Med nokon som sa det vidare til andre at du ønska å verta meir kjent med Jesus, kyrkja og trua.   Du kan så og sei koma slik grekarar på påskereise i Jerusalem kjem.  Ein veg som passar tankemenneske vel så godt som følelsesmenneske.  Introverte like godt som ekstroverte.

Dei oppsøkte Filip, ein av dei tolv, og sa:  ”Vi ville gjerne møta Jesus!”  Desse framande grekarane vert løfta fram til ein kjempeviktig rolle på palmesundag. Ja, alle dei som ikkje finn seg så godt til rette med hosianna og halleluja, dei som ikkje har særleg lyst til å bruka mykje tid verken i kyrkjebenk eller kor og forening.  Men som likevel ønskjer å møta Mesteren, som spør seg fram i stillheten meir enn i støyen, som har veldig god bruk for medvandrarar og truverdige vitnesbyrd om Jesus.

Begeistra og beskjedne møtt av Jesus
Jesus oversåg ikkje slike gode folk som spør! Han såg og ser den enkelte!  Han møter oss alle der me er. 
Slik møtte han dei begeistra, med å ta imot jubelen, men ri på eit esel.

Slik møtte han dei beskjedne, med ord om at det vesle beskjedne kveitekornet skulle gøymast i jorda og gje enorm grøde og ringvirkningar. 

Det var og er hans timing.  Hans veg til oss. Vår veg til han.
Denne påsken kan absolutt vera god timing til å ta imot og takka.  Timen er komen.

Powered by Cornerstone