Tilgjeving
10.sundag i treeining 2019. Semesterstart. Markus 11,25-26

Tilgjeving

Rett i ansiktet. At den gode retten til å få vera for Guds ansikt, ikkje skal skje utan at min brors ansikt er med i møtet.

Film: NRK Brennpunkt, om møte mellom Kjetil Klungland og Kjell Alrich Schumann.
https://tv.nrk.no/serie/brennpunkt/2013/MDUP11001813/avspiller  

Spor 3 fram til 10.20  +  Spor 9, 46.45-48.00

Det gjer eit voldsomt inntrykk å sjå dette. Ein son har mista far i drap og vil finna ut kva tilgjeving betyr. Og etterpå kunna sei det til drapsmannen, for å gje han mulighet til eit betre liv. Men allermest gjer han det for sin eigen del, for å sikra sin eigen livskvalitet.

Vanskeleg og viktig
Det kan vera ekstremt vanskeleg å tilgje.  Og tilgjeving kan vera den sterkaste helbredande krafta som fins.  Det er dette me skal tenkja på i dag. For det er Jesus sitt ord.  Klare ord.  Bydande ord. Frigjerande ord.

Det er ord til dei som står og bed, om å tilgje dei me anklagar.  Me både sit og står og bed i dag.  For Guds ansikt.  Me startar til og med semesteret i haust og motiverer til samling og fellesskap med Gud og kvarandre denne hausten.  Og så får me det rett i ansiktet. At den gode retten til å få vera for Guds ansikt, ikkje skal skje utan at min brors ansikt er med i møtet. 

Apropos bror.  Me har fått ei einestånde forteljing om 2 brør ansikt til ansikt i dag.

Esau og Jakob
I svik og hat og redsel og spørsmålet om det går an å forsonast i den bitre konflikten, eller det vil gå heilt galt.  Me skal la den forteljinga leda oss på vegen, om den tilgjevinga Jesus kallar oss til å leva i.

I dag møter me historien på slutten (1.Mos.33).  Før det avgjerande oppgjeret. Nå kan det ikkje unngås lenger.  Jakob må våga å møta Esau, tvillingbroren sin.  Og omvendt.

Jakob var livredd. Han var redd at forsoning var urealistisk og at tilgjeving var uaktuelt.  Det var mange år sidan Jakob hadde flykta frå bror sin.  Med god grunn.  Esau var såra og hadde begynt å hata.  For Jakob hadde lurt bror sin to gonger. Først hadde han loppa Esau for odelsretten for eit måltid mat, då Esau kom svolten heim frå jakt. Esau fekk linsesuppa som Jakob behendig hadde klar til ein veldig trengjande bror.  Men Jakob stilte vilkår: Gje meg førstefødselsretten, du som kom først av oss.  Odelen som betydde at du fekk far sin autoritet og eigedom og familienavnet.  I byttehandel med linsesuppe, kokt på lureri.

Seinare gjorde Jakob avtale med mor Rebekka om felles svik mot far Isak, slik at det også vart Jakob som fekk ein blind gammal mann si velsigning. Den som Esau, den eldste, skulle ha. Så Esau la Jakob for hat.  Tvillingar som skulle leva som gode brør, var i konflikt.  Den eine var redd og den andre hata. Så Jakob flykta langt heimefrå og etablerte seg med familie i slektningar sin storfamilie.  Der også dreiv han i overkant kreativt og vart ein rik mann med list.  Han kunne lesa i blikket til morbror Laban at han levde utrygt, så Jakob flykta for andre gong.  Fekk med seg konene Lea og Rakel og den store buskapen han meinte han hadde skaffa seg – nokså kreativt og tvilsomt. 

Å møte Gud før bror
Vegen gjekk heimover. Det kom meldingar om at Esau kom mot han med 400 mann.  Ei natt var Jakob åleine og kjempa med ein ukjend mann.  Han ante det var Herren, slåss til hofta gjekk or ledd og naudba den ukjende:  «Eg slepper deg ikkje utan at du velsignar meg.»   Han fekk til svar at han hadde kjempa med Gud og menneske og vunne.  Den natta vart han velsigna. Derifrå visste han at han hadde møtt Gud før han skulle møta Esau. 

Me tek ein stopp her og tenkjer litt:
For her skjer det kampar på liv og død.  Stort alvor.  Slik det også kan kjempa voldsomt inni oss før me vågar å ta konfliktar ansikt til ansikt.  Det kan vera stor kamp å be om tilgjeving, og endå meir å kunna gje tilgjeving og tru på tilgjeving.

Kan me sjå Jakob føre oss?  Si eiga lukka sin smed.  Alt han har, har han streva for sjølv.  Altfor kreativt også.  Odel, namn, velsignande ord, rikdom.  Hans eige verk med list. Familien sin, bedriftsledelsen sin, kulturen Jakob sitt livsverk byggjer på.

På ei natt – i ein kamp med Gud – er han ferdig med å vera bedragar.  Han kjempar den ærlegaste kampen han kan kjempa.  Han tryglar om ei velsigning ingen list og eigeninnsats kan skaffa.  Guds velsigning.  Så fekk Gud Jakob inn i den posisjonen som verkeleg kan velsigna.  Å vera knust.  Å forstå kva me ikkje kan byggja oss og klara i eigen kraft.  I den posisjonen får Jakob i gåve det som han ikkje kan ordna med si eiga kreative kraft.  Han får ein ny identitet.  Han vert velsigna.  Han ber eit arr og haltar resten av livet, for å vita kven han er i Guds kraft.   Ja, at det er Guds godhet som driv til omvending.  Ja, det er Guds godhet som skal gå føre møtet med Esau. 

Verken han eller me kjem heim og i mål utan å møta fortida ansikt til ansikt.  Viss ikkje me får ta oppgjeret med det vanskelege som ligg bak og skurrar og gneg, vil det jakta oss så lenge me lever.  Både Jakob og me treng Gudsmøtet før me møter bror vår.

Var forsoning muleg?
Då dagen kom, såg han Esau med 400 mann. Korleis skulle dette gå?  Ville han berga livet? Var Esau blidgjort av store gavar som var sendt føre.  Hadde tida lækt sår og mildna hat?  Var forsoning mulig?  Hadde Gud endra noko i Esau også?  Kunne det utrulege skje at Esau var stor nok til å tilgje, og vera lysten på å vera god bror etter alle desse åra?

De høyrde i teksten korleis det gjekk.  For Jakob vart det å koma heim, til bror sin, til seg sjølv, til Gud. Det er som han ser Guds ansikt lysa i bror sin.  Møtet er skildra slik at det liknar på Jesus si likning om den bortkomne sonen som tuslar heim i skam og uro og finn far sine gode auge på han langt borte frå.  Far sprang imot han, kasta seg om halsen på han og kyste han, akkurat som Esau gjorde med Jakob og var ein glans av Guds ansikt.  Forsoning og tilgjeving.

Dette er det beste som kan skje oss.  I forholdet til Gud.  I møte med bror vår.  Forsoning og tilgjeving. Opne fang.  Det er derfor me likar å kalla Brynekyrkja for «Den opne famns kyrkje».  Me vil unna kvarandre dei aller beste relasjonane til Gud og til menneske, til alle som kjem her og kjenner dei kjem heim her.

Tilgjeving kan vera knall vanskeleg og kjempe viktig. Eg likar å sitera og gjengje noko som Paul Leer Salvesen har lagt vekt på og uttrykt.  Han har arbeidd meir enn mange med skuld og soning, forsoning og tilgjeving.

Ubetinga tilgjeving
Paul Leer Salvesen sorterer tilgjeving i to typar.  Den eine er den ubetinga tilgjevingn.  Det er tilgjeving som er gitt heilt fritt.  Ein gave.  Rein nåde.  Ei slik tilgjeving er eit under.  Det er ein sånn tilgjeving Gud møter oss med. 
Me ser han hos Jesus på korset: «Far, tilgje dei, for dei veit ikkje kva dei gjer!»  Me ser han av Jesus sitt verk på korset.  I sin grenselause kjærleik til oss som vender Gud ryggen, rettar Gud einsidig opp det som gjekk galt. Jesus soner for vår skuld.  Gud ønskjer å tilgje.  Ubetinga, fritt.  Ein gave.  Dette er det kristne evangeliet:  Gud elskar og tilgjev. Ubetinga, av nåde.

Det hender at menneske også kan nærma seg den ubetinga tilgjevinga.  Å velja å gje gaven det er å tilgje.  Å velja det i kjærleik.  Å velja det i takknemleghet for Gud sin ufattelege nåde mot oss.  Å velja det i ydmykhet, for me veit jo kor skrøpelege me kan vera og bør unna andre den same tilgjevinga som me ønskjer sjølv.  Eller velja å tilgje sjølv om krenkinga var så stor at forsoning og vennskap er umuleg.  For i tilgjevinga set eg meg sjølv fri frå den som har krenka meg, så fri at vond bitterhet ikkje skal stela resten av livet mitt.  Eg tilgjev for mi skuld. Eg vel å gjera det sjølv om ingen kan kreva det av meg.

Oppgjer og ny veg
Den andre typen tilgjeving er den betinga.  Den handlar om at noko må skje i forkant. 
At det er anger og oppgjer, at det er sorg og bønn om tilgjeving.  At tilgjeving vert søkt og ønska.  Kanskje det er rett å sei at Jakob håpte på den betinga tilgjevinga med alle sauene han sende føre seg til Esau, mens Esau ikkje ser ut til bry seg om ein einaste sau og faktisk er klar for ubetinga tilgjeving, den som gjer at ansiktet hans ser ut som Gud sitt.

Ingen kan forlanga at andre skal gje ubetinga tilgjeving. Den som er djupt krenka, skal ikkje verta krenka på nytt med krav om å tilgje i tillegg.  Også bibelen held tilgjevinga i hop med at me bekjenner syndene våre og bed om tilgjeving, slik me gjer i starten av kvar gudsteneste.

Men på slutten av han, får me den ubetinga tilgjevinga. Nattverd. Ny nåde på det som Jesus har gjort. Ny veg vidare i han som er hos oss og med oss på vegen, same kven og kva me møter. 

Me treng det når me skal møta bror vår.  Me treng det når me skal vera noko som liknar på Guds ansikt for dei me møter.  Ja, mange rundt oss treng å møta oss slik.  Ikkje utan arr, kanskje synleg halte, men med mykje gjenskinn av Guds ansikt.  Det som gjer at me lever forsont og i forsoning.

Powered by Cornerstone