Vitne om Jesus - eit pinseeventyr
Fellesgudsteneste på hovudscenen Jærdagen 28.05.2017

Vitne om Jesus - eit pinseeventyr

Trollet stakk fram det kritiske hovudet sitt og brølte: ”Nå kjem eg og tek deg…” ”Å, nei, å nei, ikkje ta meg. Eg er så altfor liten til å bry seg om,” summa det tilbake frå kyrkja.

Godtfolk!
Kristne forsamlingar i kommunen held ikkje på kvar for seg med si eiga yndlingsgreie i dag. Me er felles og samla. Me hevar oss over ting ein ikkje ser heilt likt på, og er bare i hop om det viktigaste, han som alt handlar om. Me er rett og slett vitne om Jesus. Her på Torjå og Jærdagen. Akkurat det som kyrkja skal vera til for, her i byen og alle plassar.

 

Bibelteksten for i dag handlar om å vera vitne for Jesus. Me har snakka mykje om teksten i frokostane me har i Bryne kristne lederfellesskap. Me har delt tankar som ligg bak denne talen, som eg altså ikkje er heilt åleine om. Og når me nå høyrer Jesus sine ord frå Joh.15, så anar me kanskje at det er slik det skal vera: Me er ikkje åleine om trua og han me er vitne om. Me skal ikkje vera det. Jesus seier:

 

26 Når Talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Far, Sanningsanden som går ut frå Far, då skal han vitna om meg. 27 Men de skal òg vitna, for de har vore med meg frå første stund.

 

Desse orda er så viktige, at eg har vald ein spesiell sjanger til å få det fram. Eit eventyr. Evangeliet innpakka i ei eventyrforteljing som både små og store kanskje kan kjenna seg litt igjen i.

 

Trollet som vakta brua til framtida
Det var ein gong eit troll som budde under brua der det meinte at utviklinga gjekk framover.
Trollet tenkte om seg sjølv at det vakta brua til framtida. Trollet hadde heile 3 hovud, med kvar si greie det var ekstra stolt over. Det eine hovudet var fylt med skarp kritisk sans. Det andre hadde nase for tidsånda og det som rørte seg i tida. Det tredje gjekk rundt og tenkte på toleranse: «Er ikkje alt lov? Er ikkje alt relativt? Er ikkje det meste like sant?


Ein vårdag i 2017 – mon det ikkje nærma seg pinse? – høyrde trollet at noko var på ferde. På lang avstand kunne det høyra lyden av sang og mange som var ute og gjekk. Dei strøymde visst til, frå Storgata, Torggata, Jernbanegata og Arne Garborgsvei. Store og små. Unge og gamle. Trollehovudet som hadde nase for tidsånda fekk fort oversikten og kviskra til dei andre:

 

Desse slepp aldri forbi oss. Dei er jo gammaldagse og subbar rundt tunge av tradisjonar og utdaterte holdningar. Eller dei er naive om dei er aldri så ivrige og unge. Dei gamle kjem aldri til å henga med tida og trendane! Dei unge er lett bytte for alt som bare kjem til å lokka meir enn kyrkja. Desse fiksar me greitt!».

 

Vitner som undrar seg
Ikkje lenge etter begynte det å trippa på brua, og trollet set i med djup røst:
Kven er det som trampar på mi bru?”


Å, det er den kristne kyrkja som er vitne om Jesus, på veg inn i framtida for å veksa seg stor - i tru, håp og kjærlighet, ” kom det oppe frå brua. Trollet kunne høyra den lyse vårstemninga i kyrkja sin stemme – tydelegvis stolt og glad over bakgrunnen sin.

 

Aha”, tenkte trollet, ”den kristne kyrkja på veg over brua til framtida – trur ho. Ho gjev sikkert seg sjølv æra for det meste som har gått framover her i verda. Eit lett bytte,” tenkte trollet, som var heilt sikker på at det heldt vakt over brua til framtida. Det stakk fram det kritiske hovudet sitt og brølte: Nå kjem eg og tek deg…”

 

Å, nei, å nei, ikkje ta meg. Eg er så altfor liten til å bry seg om,” summa det tilbake frå kyrkja. Ikkje eit ord sa kyrkja om kor verdensvid ho var, kor viktig ho hadde vore for kulturutvikling og samfunnsliv, for menneskerettar og verdiar dei fleste rekna som sine. Ikkje eit ord om nødhjelp og misjon, arbeid for å forbedra levekår og gje folk noko å leva for. Ingenting sa ho om kor mangfoldig ho var, kor mange barn og unge, hudfargar og folkeslag ho besto av. Ingenting av dette. Bare: Eg er så altfor liten til å bry seg om, eg forstår ikkje sjølv at eg er til.”


Og så fortalde ho historien om dei 11 ulærde disiplane som fekk oppdraget om å gå ut og gjera alle til disiplar. Dei forsto ikkje kva som skjedde, då orda og livet deira gjorde at mange nye kom til tru. Dei fleste dreiv ikkje med trusforsvar, dei var vitne. Dei fortalde, av og til med ord, men mest med livet, om det dei hadde sett og erfart. Om han som hadde berga dei, sendt dei og gitt dei noko stort å leva for. At absolutt alle kunne kjenna seg som vitne og gjera sitt for å gje trua vidare til neste generasjon og la ho forma livet heime og på arbeid. Kyrkja sto der på brua og undra seg! Over nye som kom til, sjølv om det var upopulært i samtida og risikabelt for livet. Ei kyrkje som vaks tross motstand. Trass i utrue tenarar, maktovergrep og feilgrep. Trass i at kyrkja var barn av si tid og like ofte etter si tid som før si tid.

 

"Ikkje ta meg!"
Eg er ikkje noko å ta
”, sa kyrkja. Og dei som har prøvd før, har tatt utan å kunna ta. Eg forstår ikkje sjølv at eg er til. Du må ikkje ta meg, men Guds Ånd som står bak meg. Eg er bare resultatet. Guds Ånd er årsak. Mykje større og viktigare enn meg!”

 

Trollet var forundra. Her nytta det visst ikkje å skræma med makt og skarp kritikk. Det var faktisk ydmyke og frimodige vitne som kom på brua, ikkje folk som gjekk i forsvar og lot seg skræma. Vitnene på brua tenkte visst å gå vidare slik dei alltid hadde gjort, dei. Det måtte bare vera ein hemmeleghet bak dette. Større enn kyrkja, så trollet fekk heller venta på den.

 

Det trong ikkje venta lenge. I kjølvatnet av kyrkja som passerte, vart det ganske stille. Så stilt at du kunne høyra lyden av ei svak susing. Var det vengeslag? Noko som likna ei kurrande due? Eller bare vinden som strauk over brua. Trollehovudet som hadde nase for det som rørte seg i tida, tok sjansen på å bryta stillheten, men valde den mest elskverdige stemmen det hadde: Kven er det som sviv så stilt på mi bru?”

 

Ein som vil bli mindre
Å, det er bare Guds Ånd som er på veg inn i framtida for å verta mindre
.”

Kva for noko! Bli mindre?” Trollet stakk fram sitt andre hovud i sjokk. Tidsånda hadde aldri høyrt om nokon som seriøst tykte det var stas å bli mindre.

 

Ja,” sa Guds Ånd, ”mindre! Så liten at eg finn nokre å bu hos. Så liten at eg kjem inn i sprekkene til det knuste hjarta. Så liten at eg kan gje glans til gamle bibelord. Så liten at eg peikar på ein som er større. For bare då kan kyrkja veksa og verta rikare i tru, håp og kjærlighet.”

 

Det andre trollehovudet vreid seg i sjokk. Det var ikkje akkurat vanleg i tida å lyfta andre fram og gjera seg liten for at andre skulle verta større. Trollet rista det av seg og fekk ein lys idè:

 

Ha! Ånd er luftige og usynlege greier! Lett match for tidsånda. Kven bryr seg om Ånd? Kven vil tru på noko dei ikkje kan sjå? Folk vil mykje heller ha kroner på kontoen og underholdning å kosa seg med. Dei vil sikkert mykje heller ha nye opplevelsar i hjarta enn Guds Ånd.”

 

Oppmuntra av sine eigne tankar heva trollet stemmen mot Guds Ånd: Nå kjem eg og tek deg!”

 

Talsmann
Å, nei, ikkje ta meg
,” sa Guds Ånd, ”bak meg står ein som er mykje større enn meg. Eg er bare eit vitne, eg er bare talsmannen, sendt frå himmelen i eit anna namn enn mitt. Eg har ikkje eigne ord, eg skal bare minna om det som Guds Son har sagt og gjort. Det er han eg skal vitna om og gjera stor. Det er hans kyrkja eg skal fylla med liv og kraft. Eg er bare ein hjelpar som skal vera liten. Det er han du må ta, viss du skal stoppa både meg og kyrkja på vegen inn i framtida.”

 

Trollet begynte å verta ganske fortvila over desse som bare vreid seg unna og peika vidare frå seg sjølv. Det fekk ikkje tak på dei. Det var som dei var av ei anna verd. Kritisk sans beit ikkje på der kyrkja var ydmyk. Det som var vanleg i tida, såg ikkje ut til å ha makt over det evige. Materialisme trumfa visst ikkje ånd.

 

Trollet begynte å manna seg opp til den store konfrontasjonen. Og snart høyrde det noko som likna steg på brua. ”Kven er det som trampar på mi bru?”

 

Han som har gått føre
Ein mild og myndig stemme svarte:
Det er han som har gått føre dei to andre som nettopp har passert her!”

 

Gått føre?” skreik trollet – med støkk i seg for at noko hadde gått hus forbi: Kven i alle dagar trur du at du er…!”

 

Eg er Guds Son. Jesus Kristus, han som kyrkja trur på og Guds Ånd gjer synleg og vitnar om. Eg er alfa og omega, den første og den siste, opphavet og enden, trua sin opphavsmann og fullendar. Eg går alltid føre, også før framtida.

 

Då buste det tredje trollehovudet fram og fekk fylgje av dei to andre: Ja, du må vera litt av ein type etter alt som dei andre her har sagt om deg!”

 

”Nei”, sa Jesus, ”Far min er større enn eg, men eg er vegen, sanninga og livet, ingen kjem til Far utan gjennom meg.”

 

Vegen, sanninga og livet
Kva for noko
”, skreik trollet, og nå var det ingen tvil om at det var det tredje hovudet som knaka i nakkefestet og førte ordet.
I toleransen sitt navn: Du må`kje koma her og sei at du er sannheten. Folk har slutta å tru at det bare er ein sannhet. Det er jo ganske lett å finna ein alternativ sannhet og presentera alternative fakta og koma unna med det. Ingen har hevd på kva som er sant. Ingen kan seia at dei er den einaste vegen til noko som helst. Trur du at du er brua til framtida? Den er det eg som vaktar,” sa trollet - og gløymde heilt å vera tolerant.

 

Du får tru kva du vil om det,” sa Jesus. Han sa ikkje noko om himmelbrua som var bygd på Golgata, kva det hadde kosta og at seieren alt var vunnen. Han visste at kyrkja aldri ville slutta å forkynna dette. Ordet om korset. Vera vitne om det dei hadde sett og erfart. Han visste at det var Guds Ånd åleine som kunne overbevisa skeptiske hovud prega av tidsånda.

 

”Du får tru kva du vil, troll, men ein ting vil eg seia deg: Spør hjertene til kyrkja som nettopp gjekk forbi deg. Du skulle ha spurt om kva som bur i hjarta. Det hjelper ikkje med 3 velutvikla hovud viss du ikkje lyttar til det som bur i hjarta, viss du ikkje tolkar lyset i auga. Hadde du spurt, då ville du ha sett at dei er vitne, dei har sett visjonen av den beste framtida, dei har sett at brua er bygd og vegen opna, dei har kjent at Guds ånd vitnar med dei og i dei. Meir er det i grunnen ikkje å sei.

 

Nei, gode folk på gudsteneste på «torjå»:
Meir skal det ikkje seiast. Troll kan ikkje ta dei som er vitne om Jesus. Gud velsigne deg i det å vera vitne. Til beste for by og kommune. Til beste for framtida. Til beste for deg sjølv. For det er sanninga si ånd som bur i den som trur.

Powered by Cornerstone