Brød i Bibelen
Kulturkveld Time historielag og Bryne sokneråd i Bryne kyrkje 22.03.2022

Brød i Bibelen

Brød i Bibelen har visst med det meste å gjera.  Levegrunnlaget.  Dei sterke forteljingane og verdiane om godt og vondt.  Den sentrale bønna å be.  Kallet til å arbeida og dela og sjå andre sine behov, ikkje eigen grådighet. Det dampar liv, jord og meining av brød i Bibelen.
  • Dei siste vekene har gitt mange lesetider, mens kroppen skal koma i gang igjen etter ein operasjon.  Ny litteratur og gammal. Knausgård og Garborg, for eksempel.  Gjensyn med Arne Garborg sin roman «Fred»….
     
  • I ei vårvinne kjem Torkjell Tualand til Enok Hove og er arbeidshjelp.  Torkjell er god til å arbeida viss han er på lag,
    men:  (s.75)
    Ein Leide var det med `n Torkjell: han kunde kje styre Munnen sin.  Mest alt reiv han ned paa, og helst paa slikt som Gud vilde me skulde hava Vyrdnad fyri. So naar det ikkje hadde vore for Sælebot skuld, so hadde han Enok heller vilja havt ein annan Mann i sitt Arbeid.
  • Mens dei sit til bords i eit måltid, vert det ganske munnrapt. Det vert snakk om å selja alt sitt gods og gje til dei fattige, og då klarer heller ikkje Anna til Enok å halda seg… (s.77)
    «Ja men daa vart me fatige alle,» sagde ho Anna, «og so vart det ingen til aa hjelpa dei som leid Naud.»

    «Eg trur kje det vart nokor Naud, naar me stelte oss rett. Faa burt all Embetsslarken og alle Prestemagane og all Militærdingelen, so vert det misæl Mat til oss alle i hop. Heh! – rart, um Vaarherre skulde ha skapt fleire enn han kunde føda!»
    Det var Uraad aa binne Munnen paa han Torkjell; Enok tagde reint av. -

     
  • Eit og eit kvart århundre seinare kan me mest undra oss om Vårherre har skapt fleire enn han kan føda.  Eller om det er skapningane hans som steller seg så ringt at det daglege brødet er alvorleg truga…
  • Jorda var i alle fall atskillig tynnare befolka i den tusenårsperioden Bibelen sine bøker vart til. Like fullt har dei ein tidlaus relevans til andre tider og situasjonar. 
    Så her er
    ein liten ettertanke om brødet sin plass i Bibelen.
    Og me får ikkje bare tenkja historisk, men sjå med briller som høyrer nåtida til. 

     
  • Eg har valgt å halda meg til ordet «brød» i bibelen, sjølv om det er andre nærliggjande ord som jord og korn og åkrar.
  • Hebraisk: læchæm. Gresk: artos
  • Datasøk på ”brød” i Bibelen gir 201 versreferansar.  Ikkje meir? – for ei så dampande, duftande, jordnær og himmelsk bok.  Såpass bør det vera!
  • Skal det vera kronologisk eller tematisk lesning?
     
  • Eit kronologisk søk på ordet brødgjev ein interessant observasjon:
    Ingen brød i opphavet og enden, i Edens hage eller i den nye himmel og nye jord i den siste Openberringsboka. Riktignok er jord og frø og frukt og natur sterkt til stades.  Mennesket er forma av mold frå jorda og livspust frå Gud inn i nasen. Ein enhet av kropp og sjel. Men: Brødet er ikkje i åpningsvisjonen og sluttvisjonen.  Ikkje i Edens hage og i visjonen av livets tre og livets elv og gatene av gull…  Betyr det at bonden og bakaren skal få kvile frå sitt strev, slik dei eingong fekk alt som frukter frå Guds hånd i starten?  At brødet er nåde og gave, før og etter det var strev og arbeid?

     
  • Kronologisk fortsetjing kan tyda på det.  For brødet dukkar opp i syndefallsforteljinga:
    1 Mos 3:19

          Med sveitte i andletet

          skal du eta ditt brød,

          heilt til du vender attende til jorda,

          for av henne er du teken.

          Støv er du,

          og til støv skal du venda attende.»

          Brød og hardt arbeid for livet sitt opphald, høyrer i hop.

  • Kronologisk søk på brød dreg oss fort gjennom den bibelsoga som dei fleste i min generasjon fekk som skuleballast.
    Her er nokre høgdepunkt…

    Brødet er:
  • Brød og vannsekk som Abraham sender med trellkvinna Hagar når ho og sonen Ismael vert sendt vekk frå nomadeteltet og ut i ørkenen. Ubarmhjertige vilkår! Med eit streif av omsorg i brødet som er sendt med.
  • Brød og linsevelling som Jakob lurer frå Esau førstefødselsretten med.
  • Brød som Josef i Egypt sørgjer for til far Jakob og brørne sine før han gjev seg til kjenne og uretten i barndommen vert gjort opp og forsoning skjer.  Brødet er resultat av matsikkerhet og kloke beredskapslager gjennom 7 gode år, før dei magre og vonde kjem. Eit bibelideal knytta til brød. Idealet viser fram ein klokskap som verda alltid vil ha bruk for, og som set eit skarpt skilje mellom gode og dårlege leiarar.
  • Usyra brød på den 14.dagen i måneden når påskelammet vert slakta og måltidet skjer i hast og eit slavefolk får setjast fri frå farao i Egypt og vert eit fritt og eige folk.  Brødet er eit minneteikn på ei storhending som alltid har vore ein inspirasjon til frigjering, for dei som er undertrykte og utsette for dei mektige si vald.  Gud er på dei undertrykte si side.
  • Det er brød som vert sanka på morgonen for ein einaste dag om gongen i Israelsfolket sine 40 år i ørkenen.  Guds omsorg sitt brød.
  • Brød får flyktningen Rut ved den mektige Boas i Betlehem sitt bord.  Ho får gå og plukka kornaks som ligg igjen etter skurden.  Og meldinga frå Boas til oppsynsmennene er å leggja igjen raust, og gjerne dra aks ut av kornbanda.  For dei fattige og flyktningar og Guds øvrige skapningar si skuld.  Og for kjærleiken! Og beundringa for ein flyktning sitt mot og gode gjerningar. 
  • Det er brød i hunger. Ei enke i Sarepta som i tru baker sitt siste brød til seg og son sin og profeten Elia – og vert velsigna!
  • Det er brød nevnt utallige gonger hos profetane, å skaffa brød til dei som er på flukt, om småbarn som tiggar etter brød, om beleira byar i krig, der invasjonsstyrkane herjar og der ein går tom for brød og vatn og håp.  Ord om brød der alle aktuelle moderne redsler sviv for augene våre, når brød er mangelvare, livet på det skjøraste og volden på det uhyrlegaste.

Brød i kronologisk perspektiv
Eit godt søkeord å dra oss gjennom bibelsoga med.  Eit ord som vitnar om ein Gud som vil berga og frelsa og gje omsorg og liv. Og kva det gode menneskelivet består i.  Ein lang historie som er eit klart speil, der det gode og det vonde ikkje kan skjula ansiktet sitt. Og me får sjå kva som er viktig og tel i livet. Brød er det basale behovet i alle slags omskifte i eit liv og i historien.

Brød i tematisk perspektiv:

Brød i fysisk meining.  Korn malt og bakt, så det duftar og smaker og er ein Guds gave! Det er brød i hop med vatn når du også er tørst eller får fengselskost.  Det er brød i hop med vin når det fest, eller det nærmer seg det sakramentale fellesskapet.

Brød kan også vera uttrykk for livsopphold, for maten livet treng.
2 Tess 3:12: 
 Slike folk byd og formanar vi i Herren Jesu Kristi namn at dei skal arbeida i det stille og eta sitt eige brød.

Brød er uttrykk for det å dela godene med andre.

Jes 58:7: å dela ditt brød med svoltne

          og la hjelpelause og heimlause koma i hus.

          Du skal sjå til den nakne og kle han,

          du skal ikkje snu ryggen til dine eigne.

         8 Då skal lyset renna for deg som morgonròden,

Kan det vera meir aktuelt i byen vår, der flyktningar idag står i kø og registrerer seg?

Nokre punkt om brød knytta til evangelia og Jesu liv:

Brød er den midterste sentrumsbønna i den bønna Jesus har lært oss.
Matt.6.11: Gjev oss i dag vårt daglege brød.

Og brød er symbol og metafor for det grunnleggjande som livet treng, for å seia at menneske ikkje bare er kropp, men ånd, og treng mat for alle deler av livet sitt, ikkje bare noko å leva av, men også for.

«Det står skrive: Mennesket lever ikkje av brød åleine, men av kvart ord som går ut frå Guds munn.»

Denne metaforiske bruken av brød, vert mykje utvikla i Johannesevangeliet.  Særleg kapittel 6.  Ein gutt med 5 brød og 2 fisk kjem og stiller sitt til disp slik at Jesus velsignar og gjev oppdrag om å dela ut dette vesle, til eit under av nok fysisk mat til ei stor svolten folkemengde.  Og heilt sikkert vert lyset i augene då sterkare, når Jesus fortel om brødet frå himmelen og kven han sjølv er.

Brød vert eit konsentrert uttrykk for det som Jesus er og gir.

Joh 6:35: Jesus svara: «Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje hungra, og den som trur på meg, skal aldri tørsta.

Brød har vorte mysterium.  Det mest hellige mysteriet i bibelen og i kyrkja sitt liv.  Brød er det konkrete elementet i den mest hellige handlinga som er innstifta av Jesus og gjort til minne om han:

Mark 14:22: Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka og braut det, gav det til læresveinane og sa: «Ta imot og et! Dette er min kropp.»

Brød er det sakramentale brødet som er det sterkaste uttrykket for kristen einskap og fellesskap over alle grenser.

1 Kor 10:17: Brødet som vi bryt, gjev det ikkje del i Kristi kropp? Fordi det er eitt brød, er vi alle éin kropp. For vi har alle del i det eine brødet.

Det er jo eit veldig mysterium og ein kjempegod tanke at jord og himmel får høyra i hop på denne måten. Det mest grunnleggjande i livet som det daglege brødet er, er ein del av noko som overskrider alle grenser, og gjer oss til eitt med alle andre som lever og trur. Ja, med Gud sjølv.

Då er det meining i at brød faktisk også gjev himmelvisjonen i det måltidet som skal vera nytt i Guds rike. For vårt norske bibeluttrykk å sitja til bords i Guds rike, betyr reint språkleg å eta brød i Guds rike. Så då er det gjerne brød i himmelen likevel!

Til slutt:

Gje oss i dag vårt daglege brød, er ei bønn for det basale i livet. Brød i Bibelen er ei bønnesak, men eksempla er også utallige på at det er ei arbeids- og fordelingssak.
Brød i Bibelen har visst med det meste å gjera.  Levegrunnlaget.  Dei sterke forteljingane og verdiane om godt og vondt.  Den sentrale bønna å be.  Kallet til å arbeida og dela og sjå andre sine behov, ikkje eigen grådighet. Det dampar liv, jord og meining av brød i Bibelen. Ansvar for eige og andre sitt liv. Eit fellesansvar som strekkjer seg over alle nasjonale og etniske grenser. Brødet er det første behovet og verdien som står høgast når behov skal målast. Brød på bordet og mat for sjela.  Mykje jord og mykje himmel, slik det er med den gode bøkenes bok.

Kva nå då? Når verda sine kornkammer vert oversådde med granatar og valsa over av tanksbelter, og dei som skulle så og hausta ligg i ei massegrav? Då vil me samla oss til kort stillhet, i solidaritet med det ukrainske folket, med alle som er redde og ropar om liv og brød og fred og trygghet og frihet….

Med den urgamle salmebønna (NoS 730):

Gi fred, å Herre Gud, gi fred
i våre harde tider!

Stig sterk og nådig til oss ned
når vi i avmakt strider!

Gi verda fred, å Herre!

Og brød!

Powered by Cornerstone