Kva Jesus set i gang
3.sundag i påsketida 2019 - Markus 6,30-44

Kva Jesus set i gang

Det er herleg å få mat og verta mett! Det er endå sterkare å vita at du nå får vera midt i eit omsorgsunder! At det er bruk for deg, og ressursane dine vert så mykje større når Jesus får velsigna dei, og formålet er alle folk sitt beste.

Konklusjonen på brødunderet først: «Alle åt og vart mette!»  Omtrent som ei standard avslutning på ein skulestil på barneskulen:  «Me var alle samde om at det var ein fiiin dag!»  For Markus gjenfortel ein dag i livet til Jesus og læresveinane.  Ein dag med lukkeleg slutt. «Alle åt og vart mette!»  Og «alle» var 5000 mann på folkevandring langs Genesaretsjøen, med blikket festa på kor båten med Jesus og læresveinane ville landa.

Kven visste?
Ikkje ante folk at båten og dei som var oppi, hadde tenkt seg til ein plass der dei kunne få fred og ro og kvile.  Og slett ikkje visste dei at dei sjølv kom til å havna midt oppi eit spontant under.  Dei visste bare at dei fekk mat og vart mette.  Både kroppen og sjela hadde fått alt dei trong. «Alle åt og vart mette!»

Men kven visste at det var bare 5 brød og 2 fiskar og ei velsigning som var utgangspunktet?  At noko lite hadde vorte noko stort! Og at det var 12 fulle korger til overs etter matfesten?  Det visste bare dei næraste, dei som hadde oppdaga ei utfordring, fått eit oppdrag, starta med det dei hadde og latt Jesus ta velsigninga og regien.

Underet ingen såg, men alle merka
Alle dei andre visste bare om maten som fylte magen og under-visninga som varma sjela.  Slik Markus fortel om det, så er dette underet ingen såg, men alle merka.  Han fortel ikkje spektakulært for å overbevisa eit folk med Jesus si undermakt, han fortel for å visa kor stor Jesus si omsorg er.  Han avbryt ein retreat, han ser folk si nød, kva dei treng i hjarta. Og i magen. Det er eigentleg ikkje underet som er mest interessant, men kva som skjer med dei som er tett på Jesus og det han gjer. For dette er ikkje bare underet som skjer i Jesus sine hender, men i læresveinane sine, fordi dei gav vidare det dei hadde fått hos Jesus.

Denne dagen vart det erfaring det som Salme 23 skildrar:
«Herren er min hyrding, eg manglar ikkje noko!»

Salme 23
Mange er glade i Salme 23. Med natur og poesi har kong David klart å skildra det gode livet med Gud. Når me er midt i Guds omsorg.  Når omsorgsunderet er noko som me alle kan merka, sjølv om me ikkje kjenner heile storyen bak det. 

David har skildra dette slik at det er ord som ber gjennom tidene, det er sang som har funne mange tonar og strupar.  Dei har gjort fangerom til å halda ut, dei har gitt stover heime ein ny dimensjon, dei har gitt krevande situasjonar ein spesiell styrke, dei har smykka kyrkjerom og lyfta sjela i bønn og lengsel.  Ein salme der du bur i det daglege og likevel er midt i det evige. Du er der du er, og likevel ein del av noko større. For Salme 23 smeltar ihop det daglege livet og livet i det evige. Du er både i himmelen og på jorda når desse orda legg seg rundt deg. Ro i sjela og rom for sjela. Ei erfaring: Eg manglar ikkje noko.  Ei trøst: Uansett går du med meg, Gud. Ein lengsel: Eg skal bu i Herrens hus gjennom alle tider.

Det er feil å begrensa det store omsorgsunderet til ei strand ved Genesaretsjøen. Jesus si omsorg tek aldri slutt. Du treng ikkje plent sjå underet, bare vera i omsorga. I kyrkja på sundag er ein god plass for det, liggja i nåden sine grøne enger, få kvile og framtid i dåpen sitt vatn, bu i Herrens hus gjennom alle tider.

Underet å vera tett på
Og så skjer det eit anna slags under. Du er tett på. Du er i båten og anar Jesus sine planar. Du kan lesa av Jesus sitt blikk korleis han ser og møter folk.  Du er læresvein, lærling, ikkje bare folkemengde. Du ser litt av det som han ser og kjenner ansvar for. Du erfarer kor uendeleg mykje større våre små ressursar er, når Jesus får velsigna dei og formålet er alle folk sitt beste. For kropp og sjel!

Det er herleg å eta og verta mett. Det er endå sterkare å vita at du får vera midt i eit omsorgsunder, det er bruk for deg. Og Jesus si omsorg er like sterk både for læresveinar og folkemengde.

Så då skal resten av denne talen gjera 3 ting i teksten heilt konkret og tett på oss.  Noko som gjeld i dag.  Og det er Jesus som har sett det i gang.  Kva er det Jesus set i gang her?

1. Jau, det er omsorg i form av retreat og stille tid
Jesus set i gang retreatbevegelsen og stillerommet!

Jesus overraska nemleg læresveinar som hadde vore ute på oppdrag og turnè.  Dei var sendt ut av han, to og to, dei tolv.  Dei skulle gjera Guds rike synleg.  Det hadde vore krevande dagar. Kun med stav i hånda, utan brød, veske og kobbermyntar i beltet hadde dei forkynt for folket at dei skulle vende om. Dei opplevde store ting og kom begeistra og oppglødde tilbake.  Det hadde gått bra!  Folk tok imot. Sjuke vart friske.

Kva gjorde Jesus.  Jau, han sa: «Kom med meg til ein aud stad der vi kan vera åleine, og kvil dykk litt!»  Verken dei eller me kan alltid vera sendte, alltid på oppdrag, alltid på veg til andre som treng oss. Jesus tok dei med på retreat.  Lot dei vera åleine med han. Ga dei kvile og påfyll. Fellesskap med han.

Dette les og høyrer me i dag. Det er obligatorisk for alle idealistar som brenn for å gjera noko for andre.  Me kan ikkje alltid vera alt for alle eller nokon. Det er viktig å koma avsides med Jesus, ein plass der alle krav og inntrykk held fred med oss. 

Eg veit kva retreat gjer med meg. Eller naturfred. Eller musikk å kvila i. Eller den viktige timen i veka i bønn og song og lyttande holdning her i kyrkja, skjerma frå kvardagen sitt stress, og få gå ut til han med ein fred i gåve.

Veit de: Travle liv treng dette!  Me kan ikkje bare fylla på tilværelsen vår med nye oppgaver, nye fristar, nye varsel på mobilen, nye oppkoblingar på nyheter og sosiale medier.  Me endar med å leva i stress og uro og lågare livskvalitet.  Livet vårt vert ikkje autentisk, ekte, viss alle inntrykk utanfrå får bombardera oss fritt.  Jesus unner oss noko meir, noko djupare.
Salme 23:  Han let meg liggja i grøne enger, han fører meg til vatn der eg finn kvile.

Invitasjon frå Jesus til retreat og stille tid:  «Kom med meg og kvil dykk litt.»  Anten me er unge eller gamle, treng me stillhet i støyen, ro i jaget, fred i kampen, tid til å gå djupare.  Alle har me nok av tid som me kastar vekk på vas, der me enkelt kan unna oss eit møte mellom Jesus og hjarta vårt i stillheten. Noko av det finaste de foreldra kan gje ungane dykkar, er denne stillheten og Jesustida. For dette set altså Jesus i gang!  Retreat og stille tid!

2. Og så set han i gang det eg vil kalla empatien sitt varmaste blikk
Omsorg det også.

For ingen stillhet kan og skal vara.  Slik er ikkje livet, og slik er ikkje Jesus.  Me som er der han er, vil merka at me aldri kan stengja oss ute frå verda og det som møter oss.  Folk si naud og andre sine behov trumfar retreaten, fortare enn Jesus og gamle og nye læresveinar hadde tenkt.

På dette punktet i preikearbeidet fekk eg det i fleisen sjølv.  Ein telefon om å koma til ein person som ønska samtale på institusjon.  Eg visste med ein gong at konsentrasjonen om bibelordet og fred med pc-en og formidlingslyst, måtte brytast av. Nå var noko viktigare. For eg sat akkurat og las om det som gjorde at Jesus braut av retreaten. Han såg folk som han fekk inderleg medkjensle med. 

Den medkjensla er skildra med sterke ord, om noko som gjer at det indre er sterkt berørt.  Og så viser forteljinga at dette ikkje bare var empati i det indre, det var empati i praksis og handling.  Jesus ser oss slik me er.  Om me er som sauer, er han hyrde.  Om me slit med retningen i livet, leder han på rett veg.  Om me tørstar etter meining og samanheng i livet, kan han gje oss det me lengtar etter.  Han har ord og undervisning om fyller hjarta med håp.  Han har oppfinnsomhet og velsigning når magar går tome.  Dei som følgjer han, vert involverte: «Gje de dei mat.»

Slik vil kyrkja, slik vil dåpsforeldreog fadrar, slik vil dei som trur, fortsetja med den praktiske omsorga som spring fram av empatien sitt blikk. Det varmaste av det blikket er Jesus sitt. Han har sett i gang noko som aldri skal ta slutt. 

Så dette omsorgsunderet set altså Jesus i gang.  Retreat og stille tid. Empatien sitt varmaste blikk. Og så set han i gang:

3. Det som me med eit enkelt ord kallar kyrkjekaffi.

Og nå skal eg forklara!  Folk får jo mat.  Åndeleg omsorg og kroppsleg omsorg skal ikkje skiljast frå kvarandre. Etter forkynning går det over til sosialt fellesskap, mat og drikke. Slikt vert det brødunder i ørkenen av.  Og dåpsfest. Og kyrkjekaffi. Og andre deler av kristent arbeid der mat og det sosiale høyrer med.

Det er faktisk Jesus som organiserer dette. Å bruka maten dei har. Organisera folket i matlag, slik at alle får. Der var det grønt gras som galdt.  Her er det bord og mingling rundt bord. Det greske ordet for desse matlaga heiter faktisk symposium. Eit fremmedord med ein viss klang, der grunnbetydninga av symposium er «drikkelag». Så med ein viss god rett kan me sei at Jesus innstiftar kyrkjekaffien – og dåpsfesten.

Då gudstenestegruppa som har ansvaret i dag, sette i gang med arbeidet sitt i haust, definerte dei nokre verdiar som slike gudstenester som dette skal ha. Dei ligg tett på det som Jesus sette i gang her:

Dei sa: Det skal vera lett å kjenna seg velkommen og bli sett. Det skal vera god kyrkjekaffi med sosialt liv.
Det var visst rett og slett dei 3 gode tinga Jesus set i gang: Stille tid i hop med Jesus. Empatien sitt varme blikk. Og kyrkjekaffi med godt sosialt liv.

Eit nytt under i dag! Som alle kan merka, men ingen heilt forstår. Bare at noko her først har vore i Jesus sine auge, hender og hjarta. Og så har funne vegen vidare til dei som ønskjer å følgja han.

Powered by Cornerstone