Lys og salt
Allehelgensdag 07.11.2021 - Matteus 5, 13-16

Lys og salt

Dei gode lysa og saltkorna i verda er dei som spør oppmerksomt: Kor trengs det lys nå?  Det er ikkje lyset i seg sjølv som er greia, men at nokon får det der det trengs mest.

Eit lys er tent for ein nydøypt gutt.  Det står og lyser i globen. I hop med alle andre lys kloden rundt, dei som har fått lyset tent av det store lyset som Jesus er.  Han er lyset i verda og kallar faktisk  følgjarane for lyset i verda. Utruleg!

Lyshav
Det er helga for lys. Mange tenner lys ved ei grav. Eg var ved Timekyrkja i går og hadde varme- og tørkestove for dei som trødde over råtna lauv og ville stella ei grav og gjera klar ei lykt og eit lys. Og kanskje også få vaffel og musikk.  Eg skal tilbake i kveld og ha minnegudstenesten for 2020, den me ikkje kunne ha i ei koronastengt kyrkje i januar.  Det vert eit lyshav inne i kyrkja.  Eit lys for kvart namn.  Og heile kyrkjegarden kjem til å stå i eit endå større lyshav.  Lys for sorg.  For minner. For takk. For tap.  For fang me ikkje kan gløyma.  For ansikt og blikk som såg oss, ord som forma oss, hender som lærte oss, og kjærteikna. Tap som var tunge å ta.  Det er helga for lys.

Og det er fint at det eine, sterke lyset i feiringa av livet sin start, får høyra i hop med lysa for dei som har gått ut av tida. For midt i mellom er alle me andre som skal finna ut av gode måtar å lysa på, å ha lys på vegen vår og å lysa for andre.

Frå kraft til kraft
Me kan få mykje av det i musikken og bibeltekstane i dag. Sjølv likar eg veldig godt eit uttrykk frå Salme 84.  «Dei går frå kraft til kraft…»

Litt av eit utrykk. Poetiske ord frå Salme 84. Om dei som er pilgrimar på veg til templet. Dei lengtar og ventar på det dei skal møta. Målet lyser.  Forventninga er slik det kan bobla i oss når det er rett før noko me har investert i, trent for, trudd på, satsa på, gått for. Det byggjer bare på seg av forventning.  Om desse seier Salme 84 at dei går frå kraft til kraft. 

Høyrest ikkje det ganske herleg ut? Tenk om me kunne få gå frå kraft til kraft! Anten det var religiøst eller profant.
For me opplever fort andre slags vandringar.  Frå krav til krav, for eksempel.  Det kan vera frykteleg slitsomt å rekka over alle utfordringane, nå opp i alle konkurransane, strekkja til i alle krava.  Ei vandring altfor mykje frå krav til krav. Frå frist til frist, kav til kav.

Eller den andre vandringa som går for mykje frå tap til tap, frå sorg til sorg, frå grav til grav, frå trist til tomt. 

Gode folk seier at det du gjev oppmerksomhet i livet, gjev du kraft.  Så kva er blikket festa på for å kunna gå mykje frå kraft til kraft?  3 tips frå tekstane i dag.

1. Fest blikket på målet. 
På dei som har gått føre, på det som ventar oss, på han som ventar oss.  I dag får Youtube gje oss det glimtet. Tonane er dei same som den gamle musikklæraren min, Oddbjørn Jonsbråten, laga Brynesang av.  Men nå er det  Bruce Springsteen og the Seeger Session band Live in Dublin som syng Oh when the saints go marchin in.  Det er framført med ein inderleg lengsel som gjer at lysten til å vera med, dirrar…

Springsteen sin versjon av sangen startar i allehelgensmodus: «Me går alle i fotspora til dei som har gått føre,» syng Bruce. «Ein dag skal me verta forente med dei».

Så skildrar bandet stemningsfullt situasjonen når sola nektar å skina og når trompetlyden kallar.  Og så kjem the Boss sjølv med den sterke teksten:  «Nokre seier at denne verda i trøbbel er den einaste me kan sjå.  Men eg ventar på den morgonen når den nye verda kjem til syne.  Når dei hellige vandrar inn, då Gud, vil eg vera ein i talet av dei…»   Fest blikket på målet!  

Gripande musikk. Fest blikket på målet.  Det er der lengsler vert fødde og vandrarar får det momentet som heiter å gå frå kraft til kraft. I alt det som eit liv kan streva og plagast med, er det ein faktor som løftar livet opp og fram.  Dei får noko, dei har noko som utgjer forskjellen.  Dei går frå kraft til kraft!

Det er fint å "joina" den store pilgrimsvandringa på Allehelgensdag.
Å vera med i litt av eit tog gjennom verda og tida. Stillferdig. Annleis.  Spreidd over alle kontinent.  Til stede i ulike kulturar.  På veg gjennom alle tider. Små og store går.  Krøplingar og atletar. Kvinner og menn.  Mange har gått føre og har nådd målet.  Nye sluttar seg til.  Det er like mykje sorger og plager og prestasjonskrav og nederlag i dette toget som i andre, men det har dette momentet som reiser opp, som får nederlag snudd til seier, sorg til håp, maktesløyse til mot, krav til kraft.  Dei er gjort til saltet på jorda.  Dei er i fylgje med han som er lyset i verda og reflekterer utruleg nok eit lysskinn.  Dei går frå kraft til kraft.

2. Fest blikket på det du kan gjera ein forskjell i.
Der du kan vera lys og salt. 

Me treng ikkje studera teologi i ørten år for å forstå poenget med lys og salt.  Lys gjer det lett å finna fram, tryggare, gjer vekst muleg, jagar mørket vekk.  Salt gjer at mat ikkje vert øydelagt. I år har me hatt jubileum for Hans Nielsen Hauge.  Fengsla i 10 år i ein justisskandale.  Midt i oppholdet var nauda i Norge så stor av blokadar rundt Napoleon sine krigar at han fekk fri frå fengslet for å reisa rundt og læra folk å utvinna salt, slik at dei kunne ta vare på kjøt og fisk og overleva.

Salt og lys brukt om folk er ord om å gjera ein forskjell der det trengs.  Om å vera forbilde, om å oppdra og gje omsorg som foreldre og fadrar, om å vera gode rollemodellar der det er me som kan vera det.  Me snakka om dette i gudstenestegruppa og fant ut at poenget med å vera lys og salt, er ikkje å flagga store meiningar «loud and clear».  Dei gode lysa og saltkorna i verda er dei som spør oppmerksomt: Kor trengs det lys nå?  Poenget er ikkje lyset i seg sjølv, men at nokon treng det, og får det der det trengs mest.

Å tenkja på dei som har gått føre oss, hjelper oss med dette. For kva takkar me for og hedrar?  Ikkje kor mykje det skein av dei, men lyset som kom med dei, fordi dei såg oss og gjorde noko godt der det trongs, ikkje der det viste mest igjen.  Gjerne kvardagsheltar som betydde noko på vegen din og gjorde at han gjekk litt meir frå kraft til kraft.

3. Til slutt: Fest blikket på Jesus,
seier Hebr.12. Etter å ha minna om alle gode vitna om tru og håp i gammal tid.  Sjå på Jesus. Han som er trua sin opphavsmann og er grunnen til at me sit her, til sundag og dåp og ettertanke om livet og tru.  Jesus som også er trua sin fullendar og er grunnen til at me ein dag kan samlast hos han, alle, i dette underlege toget som går gjennom verda og tida.

Du kan sjå han på korset, slik kunsten i Brynekyrkja gjev aning om og Hebrearbrevet sin forfattar skarpstiller, og sjå at det beste i livet kostar. God motivasjon til å halda ut når livet er tungt.

Du kan sjå han i bergskråninga ovanom Genesaretsjøen, slik Matteus gjer.  Folk har begynt å fylgja han.  Dei første ferske følgjarande.  Med ulike og brokete liv.  I dei byggjer Jesus ein ny identitet. Han gjev dei peptalk for livet, kampane, vandringa, det som betyr mest. De er saltet på jorda!  De er lyset i verda!”
Slått fast!  Dette er ikkje noko de kan bli med litt skjerping.  De er! I mitt følgje.

Det er verd å prøva å ta han på ordet. Be om å få vera slike som vandrar frå kraft til kraft.  Slike som ser på Jesus og lar seg prega av han, har enorm betydning for livet i verda.  Dei er ikkje overjordiske lys, som er vanskelege å forhalda seg til.  Dei er bare det som dei har fått.  Av han som er lyset i verda.  Dei spør kor kan eg gjera ein god forskjell. Dei har eit mål å gå mot.

Powered by Cornerstone