Ut av verda eller inn i ho
Kristi himmelfartsdag 25.05.2017. Markus 16,19-20

Ut av verda eller inn i ho

Med takk til Eyvind Skeie sin tekstverkstad...
Kristen tru og samtida sin kunnskap vert ikkje konkurrentar. Trua minkar ikkje av etter kvart som universet utvider seg. Det vert ikkje mindre og mindre plass for Gud, når ein ser det slik.

Me er visst laga slik, me menneske, at me likar å sjå ting for oss. Det er lettast med det konkrete som me kan sjå og ta på. Dei abstrakte tinga må helst vera knytta til ei førestilling eller ei oppleving. Viss ikkje, vert det diffust og fjernt for oss.

 

Så då er det ikkje lett med Jesus sin himmelfart! Det er abstrakt. Det konkrete i det forsvann med eit gammalt verdensbilde. Og kva førestillingar kan me eigentleg gjera oss i dag slik at trua og tanken på himmelfarten har feste?

 

Alle spørsmåla
Det er vel sant og seia mange som lurer, og spørsmåla er fleire enn svara:

Kor drog Jesus hen då han vart teken opp til himmelen?
Kor er denne truna som han sit på, ved Faderen si høgre hand?
Korleis kan han vera på ein plass me kallar himmelen og
samtidig fylla alt, slik me les i teksten frå Efeserbrevet?

Korleis kan me forstå dette med fornuften og slik me har kjennskap til jorda og universet, tida og rommet?

Og ikkje minst: Kva er det religiøse budskapet i himmelfarten? Kva er det kristne menneske kan tru og håpa og satsa på her?

 

Svære spørsmål. Vanskelege. Men sikkert ikkje lurt å gå utenom det som gjer at folk flest himlar med augene eller trekkjer på skuldrene og ser føre seg ei slags førkosmonautisk oppskytning frå jordoverflata, eller noko på linje med dei beste illusjonistane, bortsett frå at Jesus ikkje kom tilbake og viste seg etterpå.

 

Det gamle og det nye verdensbildet
Markus og Lukas skriv om himmelfarten i ei tid og ein kultur der dette var lettare å førestilla seg konkret.
Verdensbildet i antikken ga ei anna hjelp. Ei himmelreise førestilte ein seg frå jordoverflata til himmelhvelvingen, og der – på den andre side av kuppelen – var ein i himmelen. Der var Gud på si trune.

 

Men – som me veit – frå bibelsk tid har universet vakse noko aldeles voldsomt. Det synlege universet er nå så ufatteleg enormt, for det meste eit tomt og taust rom, der avstanden mellom stjerner og galaksar vert målt i millionar år med lyset sin hastighet. Å tenkja seg ei fysisk reise ut av universet, gjev ikkje fnugg av meining.

 

Ei tid kunne ein kanske tenkja seg Gud der ute i plassen for Gud der oppe - og få litt hjelp av tanken på det. Men nå er det nok mange si erfaring at forsking og kunnskap om livet sin opprinnelse og universet sin karakter, gjer at det er vrient og vanskeleg å finna ein forståeleg plass for dette andre, det me feirer i dag, det me kallar Gud, eller himmelen, eller den plassen der Jesus befinner seg på eller i etter sin himmelfart.

 

Evangelieteksten sine ord om at Jesus vart teken opp til himmelen kan rett og slett virka utdaterte, primitive og uforståelege for folk flest, slik dei oppfattar tilværelsen.

 

Kva kyrkja kan tru og sei
Me som trur, eller skal ha noko å seia på kyrkja sine vegne, kan sjølvsagt sei at dette er bildespråk og ikkje naturvitenskap.
Guds høgre hand er ikkje ein plass, men ein teologi. Gud regjerer. Men kvifor skal me gjera det fortast muleg lettast muleg for oss? Når det faktisk er eit anstøt og ei hindring på veg mot trua for andre.

 

Me skal kanskje ikkje bare sei at orda må tolkast ut frå si samtid og så videre. Me skal undrande bera fram det som er kristen tru sin hovedpåstand i påske fram mot pinse: Gjennom sin oppstandelse gjekk Jesus ut av det som tilhøyrer vår jordiske eksistens og inn i noe anna, som det er vanskeleg å sei kva er. Me manglar rett og slett ord.

 

Og orda kjem ikkje lettare når budskapet er at Jesus ikkje gjekk over i ein åndeleg eller sjelelig tilværelse, men at den jordiske kroppen hans også vart ein del av dette nye, som er utanfor det som me kan kjenna og erfara.

 

Kva skal me gjera? Skal me sei at dette er eit spørsmål om tru? Mysterium? Og så la det vera med det. Og ikkje hjelpa verken oss sjølv eller andre nærare noko me kan halda meir konkret fast på?

 

Gode hjelparar
Eg trur me skal gå på leiting etter gode hjelparar!
Og me treng ikkje gå langt.

 

Først til Paulus i dagens tekst frå Efesarbrevet. Han skriv (Ef.4,10): «Han som steig ned, er den same som steig opp, høgt over alle himlar, for å fylla alt».

 

Dette er ein ganske vågleg setning av apostelen Paulus.I den finn me ikkje noko som minner om at himmelen er ein plass. Den oppstandne Kristus, som er den same som han som kom, fødd av Maria, er heller ikkje plassert i himmelen i og med desse orda av Paulus. Han har stige høgt opp over alle himlar for å fylla alt.

 

Salmediktaren Olaf Hillestad
Presten og salmediktaren Olaf Hillestad var ein god hjelper då eg vaks opp.
Han var der med gode ord i livsfasen når byggesteinar skal verta eit hus. Når du skal få det til å henga i hop, det du har høyrt i forkynning, det du har lært på naturfaglinja, det du sjølv les i bibelen og granskar med teologauge, det du syng i ungdomstida og snart skal preika om på oppdrag for kyrkja. I Salmer 1973 kom nokre av desse gode orda som får dei ulike delene av livet til å henga i hop. Nokre av dei lærte Terje Vold oss i ungdomskoret Te Deum. Nokre av dei vart innsungne eit år på Menighetsseminaret i Oslo og i studietida.

 

Allerede i 1964 skreiv Olaf Hillestad teksten Se universets Herre i rommets kongehall. I denne teksten prøver han å gjera eit moderne, naturvitenskapeleg basert verdensbilde gyldig i ein salmetekst. Han oppfordrer oss som kristne til å se universets Herre (vers 1), han som tenner lyset i rommets kirkesal (vers 2) og han som skaper livet i rommets dunkle skjød (vers 3). Me skal syngja salmen snart. Kjenn på Guds storhet!

 

Og me starta gudstenesta med Olaf Hillestad sin versjon av Store Gud, vi lover deg. Der skriv han vidunderleg vist og knytter Guds storhet og universet sin storhet i hop med orda: Overalt er du til stede, fyller stoff og tid og rom, verden er din eiendom.

 

I det tredje verset har han funne ord som gjev djup meining når me vil tenkja og tru på Jesu himmelfart: I en ukjent dimensjon, skjult for vitenskapens øye, jubler englers legion for din trone i det høye.

 

Dette er salmediktning for si eiga tid, der trua og tida sin kunnskap og livsfølelse ikkje vert konkurrentar. Trua minkar ikkje av etter kvart som universet utvider seg, for å sei det sånn. Det vert ikkje mindre og mindre plass for Gud, når ein ser det slik.

I brevteksten for i dag plasserer ikkje Paulus Jesus eller trua i ein eller annan krok av universet, eller utanfor universet. Han seier at Kristus fyller alt. Og han seier meir om det i Ef.1,20-22…

 

Jesu himmelfart og kyrkja si sjølvforståing
Dette
skal kyrkja tru, be og arbeida for!

Vår oppgave og vårt ansvar er å sjå korleis Jesus fyller alt, både det som var, det som er og det som kjem.

Gjennom sin oppstandelse går ikkje Jesus ut av verda. Han går heller inn i verda på ein ny måte, med ny kraft. Og han gjer det gjennom sin nye kropp i verda. Denne nye kroppen er den kristne kyrkja. Me som trur, er Kristi nye kropp i verda.

 

Me skulle mykje heller undra oss over korleis Jesus går inn i alt og fyller det, enn korleis han går ut av alt og forlet det.

Sagt på ein annen måte:

Det er Jesu nærvær som er den store saka, ikkje hans fråvær.

At Jesus vert teken opp til himmelen, forsterker nærværet. Slik forsto dei første vitnene dette. Dei oppfatta ikkje at Jesus forlot dei. Dei opplevde nærværet sterkare. Dei visste dei var hans kropp. Dei gjekk ut og forkynte. Dei merka at han som sat på Guds trune var hos dei og sto for ein eventyrleg vekst i det som dei sådde.

 

Han som fyller alt i alle
Jesus går inn i alt og fyller det.
Han gjer det som den korsfesta og oppstandne. Med all Guds kraft og fullmakt.

 

Tenk på kva det betyr! I ordet og sakramenta er han her. Når han er her, er himmelen her. Når me kneler eller står og får brød og vin, får me han som på sitt spesielle løfte går inn i dette og fyller dette. Med løfte om sitt nærvær, med tilgivelse, med ny nåde og kraft, med himmel ikkje bare over livet, men i livet.

 

Det er noko ganske anna enn å leita etter ein liten flik av tilværelsen som naturvitenskapen ennå ikkje har funne og der Gud og himmelen muligens måtte vera.

 

Det er noko av dette Aage Samuelsen på merkverdig vis har funne ord for i salmen O Jesus, du som fyller alt i alle. Ein tradisjonell vekkelsessang har fått ei vedvarande kraft fordi han opnar så for denne store samanhengen å sjå livet i.

 

I dag skal me høyra forteljinga om Kristi himmelfart i dette veldige perspektivet. Me skal syngja oss inn i det før og under nattverden.

 

Kristi himmelfart er ikkje ei reise verken opp eller ned i geografisk forstand. Det er ikkje ein plass som er målet for reisa, men ein tilstand, ein ny tilværelse for Jesus hos Gud, i treenigheten sitt store mysterium. Der ser me Jesus på denne dagen.

 

Forkynning og håp!
Og det skal forkynnast!

Det er vårt kall og vår oppgave som kristne og som kyrkje å forkynna det mektige håpet om lys og liv hos Gud for alle som bur her i den døyelege verda.

 

Me er sendt ut av Jesus for å sei til alle at det fins håp. Me er ikkje ei ubetydeleg brikke i verdensrommet sitt store ensomme tomme rom. Me er på veg mot Gud. Mot vår eigen himmelfart.

Me skal sjå han som me trur på.

Oppstandelsen sine krefter bur i oss.

Den store pilgrimsreisa har begynt.

Jord og himmel skal forenast.

Alt skal verta nytt.

Jesus sit på truna, sann Gud og sant menneske, vår frelsar, befriar og forløysar.

Me er venta heim.

Ja, me skal visst verta Jesus lik.

Powered by Cornerstone