Møte som set spor
Alle me som er her i kveld, har sett spor i andre. Dei har møtt noko i oss som har sett spor. Nokre spor har vore vanskelege, men i kveld tenkjer på dei gode, dei som har gitt hjelp til å leva, vore lys i det grå og mørke. Lysande og varmande. Nokre spor anar me, mange kjenner me ikkje. Men me har sett slike spor! Me har fått slike spor sett i oss gjennom gode møter med andre.
Nokre spor er ferske. Dei kom inn i livet i kveld. Eller i går då kyrkja her var på sitt mest sosiale og likna ei sjømannskyrkje. Spor frå sangen, frå messe og mat og samtalar og delte liv og tankar.
Overraska!
Me veit alle kor viktige slike spor er. Men det som er voldsomt overraskande og helst ufatteleg å ta inn over seg, det er at desse møta som set spor, står heilt i sentrum på den siste grensa mellom tid og evighet. Dei er ein del av noko livsavgjerande. Når sluttrekninga skal gjerast opp.
Alle i Jesus si forteljing vert overraska. Dei høyrer noko dei ikkje hadde sett sjølv, ikkje heilt var klar over, ikkje ante rekkevidden av. Dei visste ikkje kor viktig det var. Men det er så enkelt som at grunnleggjande behov vert dekka. Svoltne får mat, tørste får drikke, framande vert inkludert, nakne får klede, sjuke får omsorg og fengsla får besøk.
Resultatet er betre liv, med klede på seg, mat i seg, omsorg rundt seg og ny verdighet inni seg. Pluss ei ennå større overrasking frå Jesus: Han seier at det som er gjort for å skapa meir verdige liv for andre, det er gjort mot han! Det som er gjort mot ein av hans minste søsken, er gjort mot Jesus.
Større enn me trur?
Det er skrive tjukke bøker om kva det kan bety, og nå føyer me til eit lite kapittel her i kyrkja. Kan det bety at gode spor me set i andre og dei i oss, er større enn me trur? Å gje andre verdighet, å støtta nokre til gode liv, å visa respekt, å møta folk i behov og lengsler, er det handlingar som ikkje bare er gode i seg sjølv? Dei har ein overraskande, svimlande rekkevidde: Gjort mot Jesus? Ja, møter som set spor i han?!
Me glir inn i advent og skal få feira på nytt at han kom som ein liten, sårbar som oss, utan å missa sin guddom. Han er – på finaledagen i kyrkjeåret - kongen i det høge. Han skal dømma oss til sist. Men det er godt at det er han som skal gjera det, for han er Menneskesonen som kjenner oss og har delt absolutt alt som høyrer med til menneskelivet. Dommen skal fellast på om og korleis me tok i mot han. Også då han kom som ein av desse minste som trong hjelp og omsorg.
Sortera trua sin kjærleik?
I Matteusevangeliet kan det godt vera at det er tenkt på disiplar, på desse minste som vart forfulgde då dei representerte Jesus og kom i fengsel og nød og vart avviste i samfunnet. Omsorg for desse er trua sin kjærleik gitt til Jesus sjølv. I så fall er det ei stor, ståande utfordring til å støtta og hjelpa menneske som står i press på grunn av trua si. Me har høyrt i dag om arbeid i eit tyrkisk samfunn der kristen tru er under press, og har misjonsprosjekt til kyrkjearbeid i Antalya.
Samtidig er det ikkje noko ideal i kristen tru og kristent menneskesyn å sortera kven tru og kjærleik skal praktiserast mot.
Jesu minste søsken er overalt, her me lever og rundt om i verda der nordmenn reiser eller bur. Nokre av dei er plaga av angst og reparerer med rus. Dei er barn som veks opp i gater og landsbyar der bomber legg i grus og kuler tek livet. Dei er redde og trengjande og kjempande mot ei grådig okkupasjonsmakt på ukrainsk jord. Dei minste syskena har opplevd omsorgssvikt og treng avlastningsheim og venner og oppreisning for gamle sår. Dei sit i celle på Åna eller slit med å koma i gang med livet etterpå.
Sjølv i dei mest effektive samfunn fell mange utanfor. Me veit ikkje alltid korleis og kva me skal gjera. Altfor ofte verken tør eller vil me. Men det er rett å prøva å halda idealet oppe: Kva ville Jesus ha gjort? Ofte veit me det. Han møtte menneske som trong hjelp, omsorg, forståing, oppreisning og ny start. Han såg noko verdifullt i menneske som andre såg ned på. Ja, så sterkt identifiserer Jesus seg med dei utstøtte, hjelpelause og forkomne, at det er i dei han vil møta oss i kvardagen. Gud er i såra og smerten og der me ikkje fiksar livet.
Møte som set spor
Diakoni og kristen omsorg er møte som set og skal setja spor. Midt i kjernen av det livet me er kalt av Jesus til å leva – og det me ein dag skal målast på.
Så, det er eit fint førjulsprosjekt å gå på jakt etter gode spor å setja i andre. Dei skal ikkje vera notert andre plassar enn hos den som tok i mot dei.
Og me får prøva å ta til oss at gode spor sette i andre, er gjort mot Jesus sjølv. Han som har opna himmelporten for alle feilande som søkjer han, som inviterer til nattverd for dei som treng mykje nåde og like mykje styrke til å setja nye spor i gode møter.
Me bed:
Kjære Jesus, hjelp oss å setja gode spor. Og la din store nåde vera spor som fører oss inn i den evige festen i ditt rike.