Kva skal me gjera og venta på?
Lukas 3,7-18. Tredje sundag i adventstida 17.12.2017

Kva skal me gjera og venta på?

Guds ord er ikkje ferdig snakka når det er avlevert. Ordet er skapande. Ordet ventar respons. Det kjem frå Gud. Det skal tas imot og føra til noko.

Likar de predikanten? Har de sans for innhaldet i det han seier?
Eller har det allereie begynt å dukka opp ein respons inni dykk? Eit spørsmål, ei forventning, ein bestemmelse som er prega av predikanten og det han seier.

Eg spør ikkje om denne predikanten nå.  Ikkje om alle slags predikantar heller.  Nå – på 3.sundag i advent – er det døyparen Johannes.  Asketen og profeten uti ørkenen med kamelhårskappe om kroppen, «ormeyngel» ropt ut med kraftig røst og ein peikefing som både røskar i livet og ydmykt melder om ein større som kjem etterpå.

Likar de predikanten? Har de sans for innhaldet i det han seier?
Eller har det allereie begynt å dukka opp ein respons inni dykk?

Ja, for det er responsen som er poenget.  Slik var det uti ørkenen attmed Jordanelva der Johannes døypte.  Slik er det alltid.  Guds ord er ikkje ferdig snakka når det er avlevert.  Ordet er skapande.  Ordet ventar respons.  Det kjem frå Gud.  Det skal tas imot og føra til noko.

Kva førte budskapet i dag til?  Kva var responsen på Johannes sin tale?  Jau, to spørsmål: «Kva skal eg gjera?» Og: «Kva skal eg venta på  Kva skal eg nå gjera?  Kven er han som skal koma og berga oss?  Er det Johannes eller ein annan?

Me skal fylgja dei to spørsmåla nå.  Ta dei inn og gjera dei til vår respons siste sundag før jul.

Kva skal me gjera?
Johannes utfordrar.
 Alt er strippa ned til det enkle og basale. Ei røst ropar i ørkenen.  Nake landskap.  Plassen for dei nakne og ærlege behova.  Alt som flimrar forbi og stel pusten og roen i tida sitt jag er ikkje der.  Bare dei heilt elementære behova.  Og lengselen etter det som ber og held.  Johannes ropar ut kva det dreier seg om. Han utfordrar slikt som livet er så altfor fylt opp av.  Med det asketiske livet ute i ørkenen.  Med motkulturen sin stemme. Med lova si røyst. Med omvendinga sin dåp.  Med profetisk stemme som er upolert og direkte.  Han seier me skal bera frukt og ikkje vri oss unna med sjølvtrøst. Folk vert gripne og spør kva dei skal gjera. 

«Kva skal me då gjera?»

«Del med deg», seier Johannes.  «Del mat og klede.  Vær ærlege og redelege.  Vær rettferdige med andre og nøkterne med pengar. Ikkje misbruk makt de har fått og muligheter for å utnytta situasjonen i det yrket du har.»  Sånt gjeld ikkje bare tollarar og soldatar som lett kunne misbruka makt i eit okkupert land.  Det gjeld disiplar som har fått Jesus sin etikk å leva etter.  Den set fokuset like sterkt, og på det same, som Johannes si  profetrøst gjer. Å sjå medmenneske og handla til deira beste.

I yrke og arbeidsplass
Kva skal me gjera? 
Nå spør me konkret i dag?  I desse dagane før jul.  Me snakka mykje om dette i gudstenestegruppa sist veke.  Kva er det me skal gjera,  me som har meir enn to kjortlar og meir enn nok mat? Korleis kan me dela?  Kva er det me vert utfordra til i det yrket som er vårt?  Me møter nesten vår der. På alle arbeids-plassar møter me det gode og det vanskelege.  Også der gjeld det at det er betre å tenna eit lys enn å forbanna mørket.  Me kan gje ei viktig oppmuntring, me kan våga å varsla om noko som er urett og vera ei støtte for nokon som må ta ein viktig kamp.

I desse dagar har mange reist seg opp i kamp for ein betre yrkesetikk.  Dei vågar å fortelja historiar om seksuell trakassering, om misbruk av posisjon og makt for å tilfredsstilla eigne lyster eller maktbegjær.  #Metoo er ein viktig kampanje.  Og andre måtar å støtta andre med god yrkesetikk. For eksempel å støtta og respektera dei som møter krav som går på akkord med samvittigheten i deler av yrket.

Eller: Kva tid er me med på å auka opp ein grådighetskultur gjennom krav eller valg me sjølv gjer i profesjonen vår?  Går me glatt inn i ordningar som vert det motsette av å dela mat og klede, og som faktisk bare aukar opp urett og naud?

Kva skal me gjera for å bera god frukt i yrket vår?
Til Johannes kom dei gruppevis og spurde.  Her frå kyrkja kan me kanskje ta vår eigen respons tilbake til vår yrkesflokk.  Kva skal eg gjera for å dela og unngå urett?  I klasserommet på skulen. I det eg legg ut på nettet.  I måten eg debatterer og omtalar andre.  I helse og omsorg og alle valga som har med liv og død og menneskeleg verdighet å gjera.  På kontoret i kamp for kontraktar og forteneste.  Det er yrkesetikk korleis me behandlar dyr i eit fjos, maskinar i ein hall og folk på eit kontor eller via internett.

Me skal aldri slutta å spørja kva me skal gjera.  Sundagen i kyrkja er ikkje ein pause frå livet.  Gudsordet forventar og skapar respons i livet og til livet.

Kva skal me gjera for å dela?
Det går gode aksjonar i førjulstida.  Mange muligheter rett rundt oss. Misjon her i dag. Ein fortalde med letta stemme at dei hadde bestemt seg for å forenkla familiære gavar og heller gje julegave til dei som verkeleg treng det.  Hjarta var visst også letta.

Det seiest at 150.000 også i Norge i løpet av 2017 har erfart å ikkje ha mat på bordet.  Me veit om heilt andre milliontal på dei som er på flukt og lever på eksistensminimum.  Kva skal me gjera?  Alle kan hjelpa nokre! Oppmuntra. Gje tid eller pengar.

Det seiest også at gjennomsnitts julehandel pr. nordmann ligg på 10,700 kr.  Ein del av det kan nok karakteriserast under forbruksjag og panikkhandel.

Kva skal eg gjera?  Eg kan ikkje gjera alt.  Men eg kan gjera noko.  Eg kan vera med og laga advent for andre med livet.

La nokre merke til korleis responsen etter døypartalen kom?  Han kom innanfrå, frå dei det galdt.  Johannes sa ikkje konkret kva folk skulle gjera, før dei kom og spurde han, enkeltvis og i grupper.

Responsen på budskapet er alltid din.  Personleg.  Så nå tek me eit minutt med musikk mens du tenkjer og kanskje gjer eit valg om ein ting du vil og kan gjera, i livet, i heimen, på arbeidsplassen…

Responsen å venta...
Johannes var ikkje ferdig med budskapet når han hadde røska i folk og fått dei til å tenkja på kva dei skulle gjera. 
Han peika på han som skulle koma etter han.  Han framkalte responsen å venta.  Han såg sine eigne grenser.  Han var vegryddar, ikkje frelsar.  Han skulle utfordra folket på omvending og frukt som gjorde at dei spurde kva dei skulle gjera.  Men det folket skulle venta på, var noko anna.  Ikkje kva folk skulle gjera, men kva som skulle gjerast med dei.  Ikkje ytre neddykking i Jordanelva, men dåp med Heilag Ande og eld.  Ikkje ytre gjerningar dei sjølv skulle gjera, men ei gjerning i det indre som frelsaren skulle utføra.  

Den heilage Ande peikar Johannes på, han som me skal få inni oss.  Motivator som gjer oss brennande. Trøstar som gjev tru.  Talsmann som kunngjer kva frelsaren vil og gjer. Inni oss slik at me ikkje treng valfarta til gudsprofetar for å vita kva me skal gjera.

Johannes beskriv frelsaren si gjerning slik: Han skal reinsa kornet. Det skal eg venta på.  Han skal eg venta på.  Han som gjer meir enn å kalla meg til å bera frukt.  Han reinsar meg slik at frukta gror fram. Frå han som held oss i si gode frelsarhånd.

Øks ved rota eller reinsa korn...
I Johannes sitt kraftige domsspråk har Gud lagt øksa klar ved rota av treet. 
I Johannes sitt varme ord om Jesus er øksa bytta ut med det som gjer at korn kan verta reinsa.  Vekk med det ytre og fram med det indre.  Jesus skal sjølv reinsa kornet. Det er ein vesentleg forskjell:  Om eg skal fokusera på å bera betre frukt, eller eg skal be Jesus om å reinsa meg, setja i gang noko som gjer at frukt kan gro fram.  Fokus på det indre og ikkje det ytre.

Då Jesus kom, fortalde han at han var vintreet og me greinene.  Om me skal bera frukt, må han få reinsa og skjæra vekk.  Det viktigaste er å vera i han. Då  er han i oss, og me ber mykje frukt.  Hans frukt.  Og det skjer det det trengs: innanfrå. For i det indre gror såra, det bitre og uforsonlege som gjer at frukt vert forringa.

Så stort er det å vera døypt og ha fått den heilage Ande!  Då ligg ikkje øksa med rota kvar gong me trør feil, sviktar og rotar det til for oss sjølv og andre.  Me har fått nåde.  Me er hos Jesus.  Treet vårt er poda inn med hans rettferdige liv og med Den Heilage Ande sin eld og kraft.

Døypt og grunnleggjande reinsa kan me koma til nattverden og verta reinsa på ny, få nåde og kraft på ny, få Jesus.

Johannes såg frelsaren med kornet i hendene, fordi han var den som kunne reinsa vekk agnene og ta vekk det ytre skalet som ikkje skal vera der.  Han kan slikt, frelsaren.  Om me kan, er eg atskillig meir usikker på.  Me har nå veldig lett for å festa augene på det ytre og utvendige, som om det er det me treng og vil ha.  Frelsaren veit betre.

Desse dagane fram mot jul, kan me la han få gjera gjerninga si.  Då vert det reinsing i det indre og frukt som veks fram innanfrå.

Og kanskje meir avslappa glede i livet vårt.  Me treng faktisk ikkje streva livet av oss med å laga perfekt ytre og laga glansheimar til jul. Me treng Jesus.  Han som reinsar oss i det indre. 

Powered by Cornerstone