Det skjer visst noko nytt...
Kristi himmelfartsdag 2014 og Markus 16

Det skjer visst noko nytt...

Er det slik det er å tru at Jesus har all makt og ser meg? Gjer det meg utrygg, ufri, ute av stand til å tenkja nytt og stå for det eg trur er rett og godt, sant og hellig? Slik eg ser det, er det ingen andre enn Jesus som er god nok til å ha all makt og allvitande blikk.

Etter at Herren Jesus hadde sagt dette til dei, vart han teken opp til himmelen og sette seg ved Guds høgre hand. Men dei gjekk ut og forkynte alle stader. Herren sjølv var hos dei og stadfeste Ordet med dei teikna som følgde med (Markus 16,19-20)

Kristi himmelfart.  Seier me ja til eit forelda verdensbilde med å tru på dette?  Ikkje i det heile!  Me skal ikkje sjå føre oss verken himmelen høgt der oppe, eller ein himmelfart der Jesus stig opp som ein annan fugl eller astronaut og forsvinn langt vekk frå oss. Himmelfarten er at Jesus får plassen på truna i Guds rike.  Han er kongen vår.  Han har vunne seier.  Han har ikkje forsvunne frå jorda, han har gjort det store å flytta frå ein plass til alle plassar, frå ei tid til alle tider.  Me treng ikkje finna opp tidsmaskinar som sender oss tilbake til det hellige landet i år 30 for å oppleva han.  Han er her og nå og alle plassar.  Alltid.  Det store uttrykket for det er at han regjerer ved Guds høgre side.  Ruler som konge, slik ungdommar helst vil sei det.

Ein litt annan synsvinkel på det:  Når det er jul, feirer me at Gud kjem til jorda, inntek jorda, vert eitt med vår tilværelse.  Når det er himmelfartsdag, feirer me at mennesket inntek himmelen.  Ved Guds høgre sit eit menneske.  Jesus slutta ikkje å vera ein av oss etter oppstandelse og himmelfart.  Han la ikkje igjen kroppen i ein krok av grava.  Han plasserte ikkje sin menneskelege natur i eit garderobeskap på Oljeberget før han tok avskjed med fysisk liv på jorda.  Det er noko av vårt menneskelege som har fått ein plass hos Gud når Jesus er der.  Det fullkomne mennesket.  Mennesket forsont med Gud.  Den som trur, skal fylgja etter han.  Og imens går Jesus  god for oss på Guds trune.  Veit om vår sak og ber for oss, slik me song.

Det har skjedd noko nytt i himmelen, og det skjer visst…
For det merkast på jorda.  Det er jo litt av ei greie at dei som opplever at Jesus forsvinn for augene deira, plutseleg vert dei mest frimodige og effektive vitne som verda har sett.  Dei forkynner evangeliet alle stader.  Det breier seg fortare enn ein lyngbrann i ei knusktørr jærhei.  Det sprengjer seg ut av ein kultur og inn i mange.  Det bryt barrierar som er sett av språk og sosiale og transportmessige skiljelinjer.  Dei første må jo ha sett det som sterkt motiverande at Jesus var teken opp til himmelen.  I tillegg erfarer dei det som Markusevangeliet fortel, at «Herren sjølv var hos dei og stadfeste Ordet med dei teikna som fulgde med.»  Jesus var jo på truna i Guds rike og erfaringsvis hos dei, der dei var sendt med evangeliet. Begge deler. Han er flytta frå ein plass til alle plasser, frå ei tid til alle tider. Det har skjedd noko nytt i himmelen, det skjer noko nytt på jorda, og det ser ut som det aldri tek slutt, det som står fast på øverste hold og hender i vanlege liv.

Nokre eksempel kan hjelpa oss til å undra oss endå litt meir i hop over dette.

Me har feira Norge si grunnlov i år. Ei av dei eldste i Europa har halde si kraft i 200 år.  Ho er vår nasjon sine ord frå øverste hold.  Ho har utvikla eit kvardagsliv i Norge der vanlege folk har hatt frihet til å tenkja, tru og meina.  Det har vorte skapande liv og stor breiddevirkning av dette. Eit eineståande samfunn å høyra til i. Gjennom feiringa dette året er det mange barn og unge, ja folk i alle aldrar som har oppdaga verdien av grunnlova, kjent seg stolte og takknemlege, kjent at dette forpliktar til å ta arven vidare og la nye gode ting skje.

Gjennom dei 200 åra med grunnlov, har me fleire gonger måtta stoppa opp og sagt:  «Nå skjer det visst noko nytt»   Friheten til å meina, tru og tala har utvida perspektivet og opna for nytt liv, ganske mykje til det betre.  Grunnlovsteksten har ikkje vore til hinder.  Prinsippa har stått fast og paragrafar har vorte endra.  Dei største endringane skjer  i vår tid med religionsfridom, endra relasjonar mellom stat og kyrkja, menneskerettar innbakt i grunnlova og moderne språk.  Dei fleste er glade for dette.  Grunnlovsteksten står fast som vår nasjons øverste hold fordi han held prinsippa fast og let noko nytt skje og forma livet.

Det liknar på noko som har med Markusevangeliet å gjera.  Alt tyder nemleg på at Markus avslutta evangeliet med Jesu oppstandelse.  Sluttorda var ord om kvinnene ved grava.  Dei var i sjokk. Sprang skjelvande frå grava.  Dei hadde møtt det store mysteriet som ikkje lot seg fanga i ord.  Overvelda.

Alle dei eldste håndskriftene etter Markusevangeliet sluttar slik.  Først fleire tiår seinare dukkar det opp ein ny avslutning av Markusevangeliet.  Andre enn Markus må nok ha skrive dette.  Om Jesus som viser seg for læresveinane og gjev misjonsoppdraget og blir teken opp til himmelen.  Slik som Matteus og Lukas har fortalt.  Det er opplagt ein meir lykkeleg slutt.  Noko som lovar godt for framtida. 

Me kan bare spekulera i kvifor etterorda kom.  Kanskje hadde forfylgjingar av kristne vorte grusomme.  Mange sette livet til i blodige gladiatorkampar.  Måtte stå for trua med livet som innsats. Og viss det var Markusevangeliet som skulle stå for trøsta og motet, så var det ikkje så lett med sluttorda om dei som flykta frå grava, overvelda av det som hadde skjedd og sin eigen redsel.  På denne tida visste dei jo om misjonshistorien.  Om den nye trua i alle byar i det store Romerriket.  Det vart trøst og mot at Jesus var på truna og stadfesta Ordet med teikn som fulgde med.  Så Markusevangeliet si grunnlov om Jesus liv, død og oppstandelse fekk eit tillegg.  Eit tillegg som var heilt sant og veldig sakssvarande i situasjonen. 

Nå står det og fortel: Me trur på ein levande Gud.  Heile tida skjer det noko nytt.  For Jesus er konge på truna i Guds rike og går med oss heile tida. Der våre utfordringar er.  Der me treng mot til å tru, krefter til å leva og elska, og håp for framtida.

Eg trur at Jesus ser meg.  Heile tida.  Det er godt.  Det er det som er verkeleg godt.

Ei ny bok fortel om ein annan måte å bli sett på.  Sett ovanfrå i betydning av tittelen på boka: «Overvåket».  Om Edvard Snowden sine avsløringar av NSA si omfattande og ulovlege overvåkning av andre lands borgarar.  Sven Egil Omdal i Aftenbladet beskriv problemet slik: «Situasjonen for ethvert tenkende og menende menneske blir konsist oppsummert på side 189:  Hvis du aldri kan unnslippe blikket til en høyeste autoritet, har du ikke noe annet valg enn å følge autoritetens påbud.  Du kan bare glemme å gå opp din egen sti.  Hvis du alltid blir iakttatt og dømt, er du i realiteten ikke et fritt menneske

Er det slik det er å tru at Jesus har all makt og ser meg?  Gjer det meg utrygg, ufri, ute av stand til å tenkja nytt og stå for det eg trur er rett og godt, sant og hellig?

Eg opplever det ikkje sånn.  Slik eg ser det, er det ingen andre enn Jesus som er god nok til å ha all makt og allvitande blikk.  I den norske grunnlova er makt fordelt på 3 instansar og dette er eit prinsipp som ikkje skal rokkast.  Makt er fordelt som lovgjevande, utøvande og dømmande makt.  Den enkelte borgar i Norge skal sikrast mot maktmisbruk.  Det skal ikkje vera same personar eller organ som gjev lover, som set dei i verk, som passar på dei, som dømmer deg etter dei.  Slik må det vera i demokratiet og rettsstaten.  Makt kan så fort misbrukast.  Borgarar kan så fort li under maktmisbruk viss det er for mykje makt på same hånd.

Men i Guds rike, der er det godt at det er Jesus som har fått all makt.

Lovgjevande makt. Jesus har gitt den store lova om å elska Gud først av alt og nesten som seg sjølv.

Utøvande makt. Jesus har sjølv utøvd og levd etter den store lova. Den beste rollemodellen.  I hans verd er utøvande makt lik frelsande makt og sett med våre auge er det frigjerande makt.

Dømmande makt. Når Jesus skal dømma verda, er dommen at han har betalt og sjølv teke dommen for vår skuld.  Nå brukar han makta si på Guds trune til å sjå oss og be for oss.  Til å gå med sida vår og gje alt me treng, der me er sendt med det glade budskapet, der me bur og til jorda sine endar. 

Dette feirer me på Kristi himmelfartsdag.  Det som står fast på øverste hold og hender i vanlege liv.  Stadig skjer det visst noko nytt og godt.  Om Markusevangeliet har fått skrive siste vers, så er nye kapittel i Guds rike på gang.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Powered by Cornerstone