Kav eller kraft
13.sundag i treeiningstida 2022 - Joh.15,13-17 og Apg.6,1-7

Kav eller kraft

Ballane i lufta hadde visst vorte skjøre egg som smalt i bakken, knust til noko som absolutt ikkje vart omelett.  Ja, me kunne visst sjølv kjenna oss som eit skjørt egg med sprekker i skalet. 

Eg har vore stressa.  Alle har vel det. Meir forkava enn det som er godt.  Når det ikkje bare er godt travelt, men vondt.  For hektisk.  Når det du trudde var gode ballar i lufta, ikkje var løysande å få landa kontrollert i ei hånd.  Ballane hadde visst vorte skjøre egg som smalt i bakken, knust til noko som absolutt ikkje vart omelett.  Og me sjølv kunne kjenna oss som eit skjørt egg med sprekker i skalet. 

Å rydda i stress
Det er ikkje godt å vera stressa.  Når overskrifta over dagane helst er ordet «kav».  Eg har mått læra meg det som mange må.  Rydda i oppgaver. Sei nei til perfeksjonisme og ja til «godt nok», La noko liggja. Merka gleda over at andre fekk sleppa til og bruka kompetanse og krefter betre enn eg kunne gjort, anten eg var stressa eller ikkje. 

Det har heldigvis vorte betre gjennom livet.  Tenesten er for Gud og skal vara eit langt liv. Han er ein del av eit fellesskap fullt av kvalitet og nådegavar. Overskrifta over ein teneste for Gud er ikkje kav, men kraft.  Å få tena med noko som me har fått og får.  Ei glede å gje vidare.  For tenesten for Gud er ei frukt, noko som veks fram av å vera ein del av treet, av å høyra til hos Gud og leva nær han.  Det me vert døypte til.  Utvalde.  Elska.  God frukt må alltid få modnast fram – i si tid.

Men det er veldig fort å gløyma at det er slik det er. Når stress og kav får overtaket, gjer det vondt. For alle.  For den som er stressa, og for dei som skal halda ut med den forkava, overbelasta stressaren. For kav og stress gjer deg veldig snever i blikket.  Det vert vondare å sjå og oppdaga andre sine behov.  Og det vert vanskeleg å sjå kva som verkeleg er viktigast.  Kjernen druknar i detaljar.  Me kavar, me stressar opp andre, og me held fort på med heilt feil ting.

Klok svigerfar
Tenk å ha ein sånn svigerfar som Moses hadde!  Ganske kult! Sa me i gudstenestegruppa som hadde ein god tekstsamtale. Svigerfar ser stresset.  At den store lederen slit ut både seg sjølv og dei han skal ta seg av.  Klar analyse og melding:  Dette er ikkje bra.  Du må delegera og outsourca.  For di skuld, for folket si skuld, for Guds skuld.  Det er omsorg og ledelsesfilosofi på høgt nivå.  Rett nivå.  Alle tider og alle ledarar har mykje å læra!

For stress og mangel på delegering ender alltid med misnøye. Konfliktar vaker i vannskorpa.  Også det første begeistra fellesskapet av Jesustruande opplevde dette. Og nå skal me prøva å sjå det føre oss – og ta eit djupdykk i orda som er lesne frå Apostelgjerningane.

Sårbare innflyttarar
Det starta med ein eventyrleg kyrkjevekst!  I den første tida etter at Guds Ande datt over apostlane og tru på Jesus Kristus eksploderte.  Med vekstunderet kom vekstsmerter.  Ja, verre:  Klaging og murring.  Det var sårbare i fellesskapet.  Slik det alltid har vore og vil vera.  Enkene.  Dei som hadde mista, ikkje berre mannen, men livsgrunnlaget.  Dei hadde ikkje anna sosialt sikkerhetsnett enn det som dei fekk i det tidlege fellesskapet av dei som var døypte og trudde.

Dei mest sårbare var dei gresktalande enkene.  Innflyttarar til Jerusalem.  Jødar som var komne frå ein eller annan plass i det store hellenistiske riket som romarane nå herska over.  Dei snakka ikkje hebraisk slik som dei innfødte palestinajødane.  Dei hadde heller ikkje nettverk i familiar og slekter som kunne fylla viktige levekårsbehov.  Kan me sjå dei, der dei kjem til den daglege matutdelinga rundt apostlane, og finn at det er for lite å få for dei som treng det mest?  Sto dei under på rangstigen?  Var dei tilsidesette og nedprioriterte, slik dei kjente det inni seg?   Hadde apostlane andre som dei kjente betre og var raskare til å dela ut til? 

Forskjellsbehandling og problemløysing
Ei kulturkløft vida seg altså ut med kyrkjeveksten.  Hadde apostlane mista oversikten?  Var dei overbelasta? Hadde stress begynt å pipla ut i pannesveitte og stive apostelskuldre og innsnevra blikk, så dei ikkje klarte å sikra likestilt fellesskap?  Fekk diskriminering eller opplevd forskjellsbehandling feste i fellesskapet? Tok konflikten og matutdelinga så mykje tid og krefter at anna viktig måtte vika? 

Noko måtte gjerast. Det vart gjort. Ikkje svigerfar, men allmøte. Kyrkjelydsmøte. Leiarskap. Ord på problemet. Løysing. Tenestedeling. Nye medarbeidarar i diakonar.

Eg har tenkt og reflektert mykje på denne forteljinga dei siste par åra.  Det har vorte klart og viktig at ho viser kva kyrkja skal vera og gjera først av alt.  Ho teiknar opp 3 kjerneoppdrag for kyrkja.  Eg tenkjer at dei står konstant ut over den konkrete situasjonen.   De kan sjå dei på skjermen. Den frukta me er sett til å bera.

Kyrkja sitt kjerneoppdrag:

  1. Ordet si teneste (på gresk: diakoni). «Å ikkje forsøma Guds ordÅ halda oss til …  tenesta med Ordet. Guds Ord breidde seg ut
  2. Bøna.  «Sjølve skal vi halda oss til bøna…  Dei bad og la hendene på dei
  3. Diakoni.  Teneste ved borda.  Ta seg av sosial og fysisk naud. Førebyggja konflikt og unngå diskriminering og forskjellsbehandling i fellesskapet av døypte og truande.

Budskapet frå Apg.6 er at desse 3 kjerneoppdraga er uoppgjevelege.  Ingen av dei kan forsømmast.  Er ein av dei i klemme eller nedprioritert, så virkar det inn på dei to andre også.  Dei høyrer saman. 

I vår folkekyrkje er desse 3 der i dei store merkehendingane i livet. I dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd, som gjer kyrkja til livsløpskyrkje.  Ordet og bøna og omsorga frå kyrkja når eit barn er fødd, når ein ung skal våga seg på vaksenliv, når to skal formalisera den sterke kjærleiken og danna familie, når ei sorg skal ritualiserast til avskjed og få trøst og håp om oppstode og evig liv.

Det er eit stort privilegium å vera kyrkje, prest og kyrkjemedlemmar i livet sine sterkaste fasar og ganske sårbare stunder.  Alle 3 kjerneoppdraga må få vera der like fullt og heilt.  Det går galt med Ordet og bøna om omsorg kladdar seg til, og sårbare menneske kjenner seg oversett og tilsidesett.

Såra
Og det er dette som er så forpliktande.  Eg veit om såra.  Ugifte mødre og fedre som fekk vanskelege dåpssamtalar og posisjon ved døypefonten.  Sjølvdrap som ikkje ga grav innanfor kyrkjemuren.  Gapestokken ved huset for Ordet og bøna og gudsnærværet.  Konfirmantar som vart rangerte i kyrkja sin midtgang.  Iver over evne i Ordet som kunne verta for skarpt, med for lite omsorg i gravferd. Noko seier meg at farane vart størst der godene var store.  Når kyrkje og kultur gleid i eitt, og staten var kyrkjestyre eller kyrkja hadde posisjon og makt over både samfunn og sjeler.

I vår tid har me fått ei riktigare arbeidsdeling.  Også presten er mindre åleine.  Mange hender gjev omsorg.  Mange hjarte bed. Mange øyre lyttar og finn dei rette orda.  Ikkje bare i dei sjeldne merkedagane, men dei vanlege kvardagane og sundagane der kyrkja er eit felles vi, slik me held det fram i haust.  Der me er ei kyrkje av frivillige som er frie til å tena og villige til å dela på oppgaver og bli brukte, for Gud og medmenneske.

For meg sjølv har det vorte ekstra viktig å vera i det 3-delte oppdraget.  Å forkynna evangeliet for alle med heil glede.  Å be for alle som ønskjer det, utan sortering.  Å vera ein del av eit fellesskap som utøver omsorg på ein slik måte at alle kan kjenna seg inkluderte og trygge.  Dette er ikkje kav, det kjennest som noko som gjev kraft. 

Venner kjenner...
For det fins ein stor hemmeleghet! 
Ein relasjon til Jesus, som alt står og fell med.  Viss eg går rundt og tenkjer på alt eg skal tena han med, og læra av han, og gjera som han, kan det fort verta kav og stress og misnøye.

Men viss eg tenkjer på dagen si helsing, er det ganske annleis.  Jesus kallar oss ikkje tenarar.  Han kallar oss venner.  I religionen si verd er dette ganske unikt.  Jesus kallar sine følgjarar for venner.  Han er den ultimate vennen som set livet til i kjærleik. Venner kjenner kvarandre sine hjarte, og har lyst til å gje det som hjarta er fullt av eller lengtar etter.  Fritt.  Av glede.

Ikkje kav, men kraft
Gode folk.  I kyrkja er det ikkje kav som gjeld.  Det er kraft.  At du er utvald av Gud.  Døypt til å tilhøyra han.  Elska med den kjærleiken som skapte deg.  Elska med den kjærleiken som ga livet for deg, for alt det som står i manko i vår kjærleik, same kor mykje me skjerpar oss. 

Eg avsluttar med ord frå gudstenestegruppa, for dei tek oss rett vidare til salmen me alle kan syngja:

Alt er gitt oss.  Alt er på plass. Å vera på stammen gjev moden frukt.  Gud vår Far har gjort alt kjent, og vil svara den som bed. Jesus har valgt oss ut.  Det berande i tenesten for Gud og kvarandre er å elska kvarandre, slik me er elska.  For ingen har større kjærleik enn han som gjev livet for vennene sine.  Han har tenkt dei skal leva i kraft, ikkje i kav.

Powered by Cornerstone