Meir enn ei skjeva
4.sundag i fastetida 2022. Joh.6,24-36

Meir enn ei skjeva

Seinare i livet er det utruleg mykje som ordnar seg når me får mat og drikke!  Så me ropar etter matsikkerhet for tida.  Etter jordvern i matfatet. Etter fred i verda sine kornkammer søraust i Europa. Etter alt det som gjer at folk ikkje svelt i hel i utbomba byar eller ikkje får den daglege matrasjonen i Nord-Afrika, fordi kornet ikkje vart sådd i Ukraina dette året.

Me bur midt i matfatet. Me arbeidar og nyt godt av den maten som held livet i gang – og «som forgår». Produsentane er mange. Konsumentane likeså.  Og midt i mellom dei har byen vorte full av gode kafear og restaurantar.  Ein av dei siste som kransar Bryne torg, heiter «Meir enn ei skjeva».  Eit flott konsept som samarbeidar med NAV og lagar veg for ungdom inn i skule og arbeid.  Dei vil gå vegen frå å vera offer til krigarar.  Dei lagar ein herleg, open og fri møteplass for alle slags kvardagsmenneske, som vil ha ei «skjeva» og «meir enn ei skjeva».  For begge deler er djupe behov.

I bibelteksten for i dag hadde mange folk fått ei skjeva og var så begeistra at dei søkte og leitte etter noko som var meir enn ei skjeva.

Dialog med forbisnakking?
Dei hadde høyrt Jesus undervisa om Guds rike.  Hjarta vart varmt og fylt. Magen gjekk tom. Så hadde dei fått magane metta og opplevd eit utruleg under med 5 brød og 2 fiskar som vart velsigna og delt og delt ut så det vart nok til 5000.  Dei hadde fått nok mat, men ikkje nok av Jesus.  Dei leita og oppsøkte. Fòr til andre sida av sjøen for å finna. Sjølv om dei hadde sett teikn, søkte dei nye teikn.  Når Jesus snakkar om åndeleg liv og føde, tenkjer dei endå mest på fysisk liv og på mat. Når han snakka om teikn, såg dei helst brød.  Når dei tenkte på gjerningar og prestasjonar, snakka han om tru og om å koma.  Når han snakka om Gud, tenkte dei på Moses.  Når han løfta blikket mot himmel og evighet, fokuserte dei på historien.  Når han med ord og gjerningar viste at Gud nå er midt iblant dei, tenkte dei mest på kva Gud hadde gjort før.  Samtalen er ikkje heilt lett å følgja og kan sjå ut som ein studie i å snakka forbi kvarandre. 

Sei det du vil sei!
Me drøfta dette i gudstenestegruppa. Ein av oss visste noko om mediehåndtering og svarteknikk når du får spørsmål. Dei som ønskjer å nå fram med eit budskap, må vera meir oppteken av å sei det som er viktig å sei, enn å vera nøye bunden til intervjuaren sine spørsmål. Sei det du vil sei!  

I den dialogen som evangelieteksten er, så ser det ut som Jesus heile tida er litt før spørsmålet.  Han veit meir enn dei som spør.  Det kan sjå ut som forbisnakk, men er vel så mykje at han tek styringa.  Når folket spør, er han ikkje bunden av spørsmålet, men han forstår kvifor dei spør og kva dei spør om, kva som ligg i mellomrommet mellom orda. Og ikkje minst kva han sjølv ønskjer å formidla. Slik fører han dei lenger inn.  Dei får meir enn ei skjeva.  Meir enn brød i magen.  Meir enn eit under.  Meir enn den kongen dei kjem og vil gjera han til. 

Inn i djupare behov?
Og me kan undra oss:  Er det alltid slik når me kjem til Jesus med spørsmåla og ønskjene våre?  Ønskjer han å ta oss med eit steg lenger enn me ser og spør om.  Inn i djupare behov.  Større visdom.  Levande brød som verkeleg mettar det me hungrar og tørstar etter, meir enn me veit.

Maslow sin behovspyramide
Ein kjend psykolog og pedagog som heiter Abraham Maslow har laga ein pyramide der han har sett opp dei 5 grunnleggjande og djupe behova det ser ut for at me menneske har.  Eg måtte tenkja på dei når Jesus seier at han er livsens brød.

Fysiologiske behov
Det første av Maslows behov – på grunnlinja - er det reint fysiologiske, å få tilfredsstilt svolt og tyrst.  Det var det første me hadde behov for og skreik etter då me kom ut av mors liv.  Og seinare i livet er det utruleg mykje som ordnar seg når me får mat og drikke, ikkje sant?  Og me ropar etter matsikkerhet for tida.  Etter jordvern i matfatet. Etter fred i verda sine kornkammer søraust i Europa. Etter alt det som gjer at folk ikkje svelt i hel i utbomba byar eller ikkje får den daglege matrasjonen i Nord-Afrika, fordi kornet ikkje vart sådd i Ukraina dette året.  Mat og drikke er grunnleggjande livsvilkår, det første behovet me må få dekka før me vert oppmerksomme på andre behov.

Så seier Jesus at han er livsens brød, som gjer at me ikkje skal svelta eller tyrsta. At han er like viktig for oss som desse grunnleggjande fysiologiske behova.  Og han viser med heile seg at han ser og anerkjenner dei grunnbehova me har i livet.  Han metta dei 5000 svoltne. Sette disiplar i arbeid med å dela ut. Han brydde seg og bryr seg når me strevar med å få endane til å møtast.  Han lir med dei som svelt.  Han fortel om sin himmelske Far som veit at me treng alt dette.  Og kyrkja bekjenner og held høgt den første trusartikkelen om skaparen som held alt ved lag i si store omsorg.  Me skal arbeida i tru på den omsorga, be om det daglege brødet for alle.  Det grunnleggjande behovet som brødet er, og som Jesus er, han som kallar seg livsens brød. Meir enn ei skjeva.

Trygghetsbehov
Det andre behovet som dukkar opp når dette første er dekka, er behovet for trygghet, seier Maslow.  Eg treng å vera nokolunde fri frå angst og usikkerhet.  Eg har behov for trygghet, stabilitet, orden, grenser og lover å leva etter. Trygghet er utruleg viktig. Utrygge ungar lærer lite!  Utrygge unge kan gjera dårlege valg. Utrygge vaksne kan vera veike veiledarar. Eller rigide. Utrygge samfunnsliv har me kjent på gjennom ein pandemi, og er rysta over eit land i Europa som angrip eit anna.

I 1944 heldt president Franklin D. Roosevelt ein tale i den amerikanske kongressen.  Han sa: «Vi er kommet til den forståelsen at sann individuell frihet ikke kan finnes uten økonomisk trygghet og uavhengighet. Mennesker i nød er ikke frie mennesker.  Sultne og arbeidsløse mennesker er det materialet diktaturer lages av.» 

Og nå har ein annan president vist veg med å leda folket sitt i ein heroisk kamp for den tryggheten som bare frihet og demokrati kan gje.

Behovet for trygghet er grunnleggjande djupt!  Det er ikkje for ingenting at trusopplæringa i kyrkja og heime først av alt lærer oss bønner og Jesusforteljingar og sangar som gjer trygg og set fri. Det gjeld livet gjennom. Det er ein ufatteleg trygghet å vita at Jesus er full av tilgivelse, at mine verste sider ikkje skal brukast mot meg.  Det er ikkje noko som kan gje ein sånn trygghet når eg skal døy som meldinga at han har gått føre.  Og dei grensene eg treng for å leva rett og trygt, har han gitt i bud og gode levereglar.

Jesus er livsens brød.  Han står for det eg treng for å leva grunnleggjande trygt.

Sosiale behov
Når behovet for mat og for trygghet er dekka, då seier Maslow at det er eit tredje behov som me søkjer å få tilfredsstilt.  Det er behovet for kjærleik og fellesskap.  Me er sosiale vesen som har behov for å elska og verta elska, for å høyra til og knytta bånd til andre.   Slik er det bare!

Og nå veit me det på den harde måten, gjennom alle karantenane i pandemien: Avstand, avstand, avstand.  Til og med i ei kyrkja som pr.definisjon er kropp med ulike lemmer, vintre med alle slags greiner, målsetting og bud om å elska kvarandre.  Det må ein del kreativitet og forsaking til for å få til slikt ved å halda avstand!

Men fekk du merka i denne vanskelege tida at Jesus melde noko ganske anna enn avstand?  At han er livsens brød, som vil dekka vår djupe tørst og svolt etter kjærleik og fellesskap.  Og nå er han her.  I si kyrkje. Det me får her, er meir enn ei skjeva til kyrkjekaffien.  Og brødet i nattverden er meir enn noko som er bakt på diakonissehuset.  Nattverden er meir enn brødet og vinen. Det djupaste mysteriet og fellesskapet. Oppover, utover og innover, som med legg vekt på i Brynekyrkja.  Nattverdbordet samlar oss til det djupe behovet for kjærleik og fellesskap.  Med Jesus sjølv.  Med alle som kneler ved same bord.  Med alle som trur og tilbed og strevar og kjempar i heile Guds kyrkje på jorda. 
Og då veit me også godt at kyrkjelyden er meir enn eit årsmøte med aldri så gode saker. Ja, at kyrkjelyden er mykje meir enn folk som likar kvarandre og trives i hop og er her akkurat nå.  At Guds folk er meir enn eit meiningsfellesskap.  Me er eit stort mangfald av mange ulike personlegheter og preferansar som har det eine og viktigaste felles.  Jesus. Han som er livsens brød.  Han som stiller hunger og tørst.

Me treng eit dikt om dette.
Margreta: «Gud elsker ikke bare dem vi liker…»

Når me syns at me går på trynet og har vondt for å sjå oss sjølv og andre og Gud i augene, så er vegen kort til hjarta sin hunger og tørst, mot han som elskar oss frå djupet av seg sjølv inn i alle slags djup i oss. Han er livsens brød.  Meir enn ei skjeva.

Vekstbehov
Dei to siste behova i Maslow sin pyramide kort til slutt. Dei handlar begge om behov for å veksa, om behovet for å oppleva anerkjenning og respekt og få realisert seg sjølv på ein god måte.  Nokså moderne behov.  Kanskje oppstår dei sterkast i kulturar der dei grunnleggjande behova er dekka?

Men eg trur at Jesus er livsens brød også i desse behova.  Han lærde oss noko om å elska nesten sin som seg sjølv.  Og viste veg med å anerkjenna andre på ein måte som sette fri til nytt og forandra liv. Han gjev det viktige korrektivet å veksa nedover. 

For den sterkaste måten å realisera seg sjølv på, er å realisera andre, det er å seia nei til seg sjølv, ta korset opp og følgja Jesus. Og viss me spør slik som dei som bombarderer Jesus med spørsmål i dagens bibeltekst:  «Kva gjerningar er det Gud vil vi skal gjera?»   Så er svaret enkelt.  Godt.  Alltid aktuelt. Til å kvila i. Utan hovmod. Ikkje over evne. Ordet frå Jesus sjølv til oss her og nå:  «Tru på han som Gud har sendt.»  Relasjonen til han er alt.  «Eg er livsens brød.  Den som kjem til meg, skal ikkje hungra, og den som trur på meg skal aldri tørsta

Powered by Cornerstone