Eit hjarta som flyt over
Maria bodskapsdag 2021 - Lukas 1,46-55

Eit hjarta som flyt over

Det flyt over for Maria. Ho takkar. Syng. Lovsyng Gud. Korleis kunne ho vita at sangen blei den mest berømte og brukte av alle sangar i verda?

Kva gjorde Maria då ho fekk greie på at ho skulle verta mor til Guds Son?  Kva gjorde ho?
Jau, først stokk ho. Kven hadde ikkje gjort det?

Så spurde og grov ho og forhandla litt med engelen som kom og fortalde dette ufattelege. At ho hadde fått nåde hos Gud, og ei heilt unik rolle i Gud sin store frelsesplan.  Så sa ho forsyne meg ja.  Og stakk av garde til ein eldre slektning for å finna ut av dette.  Og der, gjennom 3 månadar i Elisabeth sitt hus, får ho bearbeida og bekrefta dette som ikkje liknar på noko for nokon. 

Det nye som veks fram
I fjor på Maria budskapsdag og neste år får me grunda på desse hendingane. Maria sitt møte med engelen og med slektningen sin.  Men i år og i dag og nå er det om det som veks fram i Maria der i Elisabeth og Sakarja sitt hus. Ikkje bare eit nytt liv i magen, men ein ny tone i hjarta.  Noko som ikkje kan haldast tilbake.  Ein sang. Poesi. Ein lovsang til Gud.  Om Gud. Noko som liknar salmar som Maria har levd i og kjenner.  Orda liknar andre sine, men nå er dei Maria sine, forma av det som ho har fått og skal stå i. Prega av personleg erfaring og ei veldig skildring av kven Gud er.  Ikkje bare for Maria, men for alle.

Maria bare song det ut, ho.  Korleis kunne ho vita at sangen blei den mest berømte og brukte av alle sangar i verda?  For det blei han.  Alle kyrkjer i heile verda syng og les han i dag.  Maria sine ord og gjendikta ord med stadig nye tonar. Slik har det vore i 2000 år.  Kvar kveld.  I kyrkjer og kloster og heimar som har aftensang.  Maria sin lovsang i fast tidebøn.

Å bli med i stafetten
La tanken fyka ei lita stund om dette.  Me syng om Maria og som Maria her og nå. Kjenn takken for at du får vera med i ein sang som rullar som ein stafett. Med tidssonane kloden rundt i dag.  Med åra som går bakover i tid.  I alle tunge og glade og strevsomme og engstelege tider har Maria sin sang løfta ein lovsang til Gud.  Heilt tilbake til Lukas samla stoff til evangeliet sitt. Og skriv det ned samla, kanskje åtti år etter at Maria song. 

Korleis visste Lukas om sangen?  Det er god grunn til å tru at han hadde intervjua og snakka med Maria minst ein gong.  Og at sangen allerede var i bruk der kristne samlast til gudsteneste. Så takk for Lukas som har bevart sangteksten og fortalt kor han kjem frå.  Maria som frydar seg og undrar seg og syng om Gud. Sin og vår frelsar.

I dag og nå er det me som får syngja det som Maria syng.  Her i dette kyrkjerommet.  Her i denne tida å leva i.  Her på ein sundag litt før påske.  Samla til gudsteneste i rare tider.  Samla til årsmøte og kva me vil vera som kyrkje i Bryne.  På denne dagen bed eg dykk ta imot 3 ting frå Maria sin store lovsang.
Eit hjarta som flyt over.
Tydeleg tale om Gud.
Takk for Jesus.

Først: Hjarta som flyt over
«Mi sjel høglovar Herren, og mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar.» Det er noko som flyt over her.  Renn ut.  Strøymer ut frå det indre. Maria set seg ikkje ned og skriv ein sang.  Nei, han fløymer ut.  Ho har møtt Gud.  Ho har smakt Gud.  Gud i hennar folk og slekt sin historie, er nå Maria sin Gud på ein veldig personleg måte.  Ho skal fø Guds Son til frelse for verda.  Og lovsangen er svaret.  Fødd av erfaring.  «Store ting har Gud gjort mot meg.»  Høyr!

Det er ikkje bare Maria som syng.  Kyrkja syng.  Kyrkja er ikkje full av ord, ho er full av sang.  Ho syng og festar.  Ho sørgjer når ho ikkje får samlast og syngja.  For får me eigentleg til å syngja bak ei digital skjermflate?  Får hjarta flyta over?  Nå har me rigga oss med 2 meters avstand for å kunna syngja!  La hjarta flyta over!

For det andre:  Tydeleg tale om Gud.
Det som flyt ut av Maria sitt hjarta er tydeleg tale.
Slik er vår Gud!  Ikkje bare mot meg, men mot alle. Slik går Gud på jorda.

Maria syng om han. Gud er Gud, ubegrensa mektig og heilag. Gud er Gud med like stor miskunn og krav om rettferd. Dette er konsentratet av det gamle gudsfolket sin lovsang. Gud løftar opp dei små og mettar dei svoltne.  Han bryt dei mektige si makt og dei rike sin grådighet. 

Slik Gud er, skal folket hans vera. Kyrkja, som også har Maria som mor og lovsangen hennar som program.  Meir himmel på jorda, seier vår kyrkje sin visjon.  Det er eit presist motto, forma tett på Maria sin lovsang og tydelege tale om Gud.

Meir himmel.  Meir tru på Gud.  Meir tillit til Ordet hans. Meir ånd og kraft i liv og forkynning.  Meir song og gudstenesteglede. Meir stillhet i hjarta og fred i kyrkja. Meir håp, til og med i pandemi.

Meir himmel på jorda. Det kan ikkje verta for mykje jordnært, det som kjem frå Gud.  Me kan ikkje verta for glade i livet og koma menneske for nær.  Me kan ikkje våga oss for langt ut med evangeliet og koma for djupt ned i samfunnet på dei svake si side. 

Å syngja med Maria er å syngja som Maria, å seia det same tydelege om Gud som Maria gjer.  Så me syng og bed om meir himmel på jorda, tydelegare tale og modigare handling, djupare lovsang og friskare diakoni.

For det tredje:  Maria sitt hjarta som flyt over i tydeleg tale om Gud, har ein kjerne, eit sentrum. Ein takk for det gryande livet i magen. Mysteriet.  Underet. 
Ein takk for Jesus.

I dag er det vår tur til å takka.  Etter lang tid utan å kunna samlast i kyrkja til det største mysteriet i trua, så kan me og gjer me i dag. Jesus i vår mage.  Hans kropp i vår kropp.  Hans blod i vårt hjarta.  Noko flyt over.  Gud så synleg og tydeleg i livet.  Takk for Jesus.

Viss kyrkja får vera open framover, vert det nattverd her neste gong på skjærtorsdag.  Dagen då Jesus innstifta nattverden – og etterpå gjorde som Maria gjorde, og den lovsyngjande kyrkja gjer.  Jesus song lovsangen ihop med disiplane før dei gjekk ut til Oljeberget og Getsemane, fortel evangeliet.

Han song slik som Guds folk alltid hadde sunge.  Han song slik Maria hadde sunge mens ho bar Jesus under hjarta.  Han song om Guds miskunn som varer frå slekt til slekt. Han song om den mektige, heilage Gud som bur i eit lys der ingen kan koma. Han song om den miskunnsame, nådige Gud som brenn etter å stiga ned i støvet for å reisa opp.

Og mens Jesus syng, får han kraft til å seia ja i Getsemane. Ja, til å vera sonoffer for synd og skuld og urett. Ja, til å møta flomlyset frå den heilage Gud og til å vera den kjærlege Gud. Ja, til å gjera synleg for all verda kor høgt Gud elskar. Ja, til å kviskra og ropa inn i ditt hjarte: Det er ingen fordømming for den som er i Kristus Jesus. Kor langt nede du er eller nokon gong kjem til å vera: Jesus har vore djupare. Han har vore der for å reisa deg opp, setja føtene dine på fjell og leggja ein ny sang i munnen, ein lovsang til vår Gud. Eit hjarta som flyt over.

Takk for Jesus! Han som aldri nokon gong stiller seg utanfor mitt liv.  Store ting har han gjort mot meg. Store ting vil han bruka meg til. Eg vil vera ein del av den kyrkja som bekjenner meg til han.  For: "Kristus, konge, du regjerer..."

Powered by Cornerstone