Etikk for livet
Kveldsgudstenesteserien våren 2017 spør kva kyrkja har å bety for folk idag, slikt som me ikkje har frå før eller like godt kan finna ein annan stad enn nettopp i kyrkja.
På den første kvelden hadde Tom Hetland føredraget som ligg ved nederst, og tekstmeditasjonen min over Lukas 18 starta slik:
Medan me sit med ferske inntrykk av eit velformulert og tankevekkande føredrag det var lett å kjenna seg att i og ennå viktigare å finna ut kva kvar enkelt av oss vil gjera med, så skal me ta med oss dette:
Ein blind tiggar ropar utanfor Jeriko. Kyrie eleison. Det fortvilte bønneropet som aldri har stilna, ropet som har krevd sin faste plass i liturgien, i orda kyrkja vender seg til Gud med, kvar sundag, verda over, i 20 århundre. Ropet stilnar ikkje av. Verken i kyrkja eller på gata. For midt imot det står han som høyrer det, stoppar opp, tek ropet og mannen på alvor, og returnerer det spørsmålet som er det viktigaste etiske spørsmålet å stilla: «Kva vil du at eg skal gjera for deg?»
Etikk for livet er Jesus si holdning i møte med dei han møtte. Det er Jesus sitt program. Å la det etiske valget vera lyttande. Å la det vera bore av hjartelag, interesse og respekt.
Så det skal me med ei kyrkje. Eit fellesskap på tvers av alle landegrenser, tider og kulturar som ber den store Mesteren sitt spørsmål vidare: «Kva vil du at eg skal gjera for deg?»
Det gode etiske valget handlar om kva som er best for medmennesket, for personar som sjølv skal få setja ord på ønskje og behov.
Kva skal me med ei kyrkje? Mange ting, men i kveld dette: Me treng kyrkja til å vera eit fellesskap som er forplikta på Jesus sin etikk. Etikk for livet som gjer verda til ein betre plass.
Kyrkja sin etikk er bygd på forpliktande gudstru, på trua på den treeinige Gud og på eit menneskesyn som gjev seg av den trua. Slik ønskjer eg at mine etiske valg skal vera prega.
Etikk med Jesus som vegvisar
Først har dei Jesus som rollemodell og vegviser . Dei er bygd på den andre trusartikkelen, at Jesus er det sannaste mennesket og veit kva som bur i mennesket og likevel spør og til slutt ender opp med å gjera ei offer- og forsoningshandling ingen av oss kunne spørja han om. Kyrkja trur: Han er sant menneske og sann Gud . Han er Guds ansikt og stemme, han gjev meg bud å fylgja, ein etikk som er forankra i noko mykje større enn meg sjølv. Øverst har han sett det dobbelte kjærleiksbodet om å elska Gud med heile meg og elska nesten som seg sjølv. Konkretiseringar har han gitt med å gjenta dei 10 bud og radikalisera dei, med å heisa ideala himmelhøgd og kombinera høge bud med raus nåde.
Etikk for livet med Jesus som rollemodell og rettleder er human etikk, hjartelagsetikk, sinnelagsetikk, forankra i forpliktande bud og i praktisert kjærleik som set Gud og medmenneske først.
Etikk med Gud som skapar
Etikk for livet er for det andre også etikk for alle Guds skapningar. Det etiske valget mitt skal spørja kva det betyr at Gud er skapar. At Gud sjølvsagt har ein vilje for alle sine skapningar og for heile skaparverket. Gud som skapar, skapar fortsatt. Han har gitt menneske eit kulturoppdrag, ikkje bare ein bibel. Han har gitt oss fornuft, vit og alle sansar, seier Luther i forklaringa til første trusartikkel. Å tru på skaparen betyr å ta til seg ny kunnskap og forsking og lytta til erfaring. For det etiske valget skjer i ein bestemt situasjon. Mange av dei er ikkje skildra i bibelen, men oppstår i tida. Nokon gonger er dei store etiske dilemma, der det kun er det minste ondet som virkar som det realistisk beste.
Mennesket er Guds skapning og skal stå i dette også. Saman med alle som vil finna best felles veg i store, skiftande etiske utfordringar. Kyrkja skal ikkje tvinga Guds skaparvilje på folk og driva å einsretta kulturar. Men kyrkja skal vitna om at dei gode etiske valga skjer når dei skjelnar mellom det som Gud rår over og det som menneske skal ta seg av. Trua på Gud som skapar set opp ei viktig grense når mennesket sin skapande trong vert grådig og vil designa liv og gener som om mennesket åleine er Herre over liv og død.
Kristen etikk for livet respekterer kva som er Guds sak. Det er mi tru at ein slik etikk også fremjar mennesket si sak.
Etikk for livet i lys av Gud som skapar, er etikk som vurderer kva konsekvensar etiske valg gjev for medmenneske og framtida. Og han skal alltid kvalitetssikrast med å spørja: Kva ville Jesus ha gjort? Kva har Jesus sagt?
Etikk i kyrkja sitt fellesskap
For det tredje er etikk for livet forankra i den tredje trusartikkelen. Om Guds Ande og om kyrkja. Kva skal me med ei kyrkje? Jau, etikk for livet!
Det etiske valget mitt skal eg gjera i bønn, med å lytta til Guds Ånd som til alle tider i historien har kalla til å gå inn i nye tider og gjera valg som er forankra i bibelordet og aktuelt i tida akkurat nå.
Derfor skal kristne søkja fellesskap – også i dei etiske valga. Spørja korleis gode valg kan vera fellesskapsetikk, uttrykk for ei, heilag, allmenn kyrkje som vil godt liv og evig liv for alle. Men aldri utan å gløyma Jesus sitt spørsmål til den eine: «Kva vil du at eg skal gjera for deg?»
Kva skal me med ei kyrkje?
Jau, eit fellesskap som viser veg og sjølv går han. Etikk for livet. Bibelsk etikk. Hjartelagsetikk, konsekvensetikk og fellesskapsetikk, som er forankra i trua på den treeinige Gud og inspirert av menneskesynet som ligg i spørsmålet: «Kva vil du at eg skal gjera for deg?»
Dette er ein av kyrkja sine store gavar til verda. Eit høgt kall – og dermed «høyt at falle», som diktaren seier. Slike fall vert det mange av. Forhåpentleg landar dei i fanget på han som seier dei utrulege orda: «Trua di har frelst deg, min nåde er nok for deg.» Der er skatten som kristen etikk gror best i. Paulus kallar det Andens frukter: «Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, audmjukskap og sjølvdisiplin.»
Det skal me med ei kyrkje!