Svigermors draum
Rut 1,7-11, 16-19 - sept. 2013 - 15.sundag i treeiningstida

Svigermors draum

Ei preike som blei til etter samtale i ei kreativ gudstenestegruppe
... ei svigermor som gjer svigermorvitsar flaue. Ei svigerdotterhistorie som gjer det meiningslaust å tru at svigermors drøm plent gjeld mannekjønn. To kvinner vender tragedie til framtid.

Element frå preika:

Historien startar i Betlehem. Med ekteparet Noomi og Elimelek.  Med sine to søner Mahlon og Kiljon danner dei ein liten familie i byen Betlehem.  Livet er stabilt og lukkeleg.  Men så skjer saker og ting som lyftar familien ut av nabolaget og tida og skaper ei forteljing om sorg og kjærleik.  Så sterk at ho er ei håpsforteljing for oss andre som kjenner at livet kan vera ei tøff påkjenning, og ei forteljing om det trufaste livet som alle tider treng, vår tid mest.

Hungersnød rammar Betlehem hardt.  Elimelek tek ansvar for familien, ein folkevandrar og flyktning som så mange opp gjennom historien.  Dei flytter til slettene i nabolandet Moab og håpar på eit betre livsgrunnlag.  Dei to sønene stiftar familie og får koner frå Moab, Orpa og Rut .  Men så rammar tragediane ennå hardare.  Først misser Noomi mannen og så sønene sine. Tilbake sit ei enke med sine svigerdøtre som høyrer til eit anna land og ei anna tru.  Tung av sorg. Tappa for livsgrunnlag som var knytta til mann og søner. Når Noòmi får høyra at det er betre tider i Betlehem, vil ho reisa heim til landet sitt og slekta.  

7 Noomi gav seg i veg vekk frå staden der ho hadde budd. Begge svigerdøtrene følgde henne.
Dei gav seg i veg for å venda attende til Juda.
8 Men Noomi sa til dei to svigerdøtrene sine: «Vend attende, gå, kvar til si mors hus! Måtte Herren vera god mot dykk, slik de har vore gode mot dei døde og mot meg! 9 Måtte Herren la dykk begge finna ein trygg heim, kvar i sin manns hus!» Så kyste ho dei. Men dei brast i gråt10 og sa til henne: «Nei, vi vil følgja deg attende til folket ditt.»11 Men Noomi sa: «Vend attende, døtrene mine! Kvifor vil de følgja med meg? Skulle eg enno føda søner de kan få til menn?12 Vend attende, døtrene mine, gå no! Eg er for gammal til å gifta meg att. Og sjølv om eg tenkte at eg enno har von, ja, om eg alt i natt fekk ein mann og så fødde søner,13 skulle så de venta til dei vart vaksne? Skulle de stengja dykk inne og leva utan menn? Nei, døtrene mine! Det er mykje bitrare for meg enn for dykk, for det er meg Herrens hand har råka.»14 Då tok dei til å gråta att, og Orpa kyste svigermor si til avskil. Men Rut klyngja seg til henne.15 Då sa Noomi: «Sjå, no vender svigerinna di attende til folket sitt og guden sin. Vend attende, du òg. Følg henne!»16 Men Rut svara: «Tving meg ikkje til å skiljast frå deg og venda attende, for:
Der du går, vil eg gå,
og der du bur, vil eg bu.
Ditt folk er mitt folk,
og din Gud er min Gud.


17 Der du døyr, vil eg døy,
og der vil eg bli gravlagd.
Måtte Herren la det gå meg ille
både no og sidan
om noko anna enn dauden
skal skilja meg frå deg!»

18 Då Noomi såg at ho stod fast på sitt og ville vera med henne, tala ho ikkje meir til henne om det.
19 Så gjekk dei vidare til dei kom til Betlehem.

Rut såg det som eit ansvar å ikkje forlata svigermor, sjølv etter at mannen var død.  Om ho ville for sin eigen del, eller for Noomi sin del, eller for ei gudstru Noomi hadde gjort truverdig, dette seier ikkje forteljinga noko om.  Men me anar kanskje at ting heng i hop, at det er slik ny meining vert skapt, når respekt og frie valg og ansvar og truskap og kjærleik ikkje er 5 ulike ord, men ei og same sak.  Det er eit oppriktig hjarta som handlar.  Om det er frivillighet i det eine hjartekammeret og forpliktelse i det andre, så pumpar blodet ein veg.  Rut vil vera ein trufast medvandrar!

Og dette rippar i eit sår i vår kultur.  Kunne det bare reinsa såret og få noko til å gro på nytt!  For me slit med forpliktelse.  Me gjer det i samliva våre, i medvandrarfunksjonane våre, og i dei større engasjementa som trengs i heim, kyrkje og samfunn.  Vår kultur skyr forpliktelse, for me trur at me då misser ein valgfrihet.  Me er redde for å binda oss opp, slik at me ikkje er klar når eit betre tilbud ser ut til å dukka opp.  Men fruktene er dårlege. Samliv skrantar. Relasjonar ryk. Medarbeiderkrisene i kyrkje og misjon aukar. Draumar brest fordi me får for lite av den store lykka det er å stå last og brast og gå veger i hop og gje kvarandre følelsen av at den andre og dei andre er så verdifulle at forpliktelse er ei glede.  Sånn som denne gudstenestegruppa opplever!

Rut er eit eksempel på trufast forpliktelse, gitt i fri vilje, gitt i takknemleghet og tru på at ho kunne bety noko og få ei framtid gjennom det. 

Nokre av relasjonane våre er ei gåte å finna ut av.  Me ser verkeleg som i eit speil og må passa oss for å ikkje bare få auga på oss sjølv. Me ber på savn og sorg som Rut og Noomi må ha gjort.  Me er tvinga til å ta valg om framtida vår, mens me ennå ser som i ei gåte. Men Paulus minner oss om at det kjem ein dag då me skal få sjå ansikt til ansikt.  Då me skal kjenna alt fullt ut, slik me er fullt ut kjende av Gud.

Då er det godt om me kan ta håpssteg fram mot det som kjem.  Trussteg.  Kjærleikssteg.  Slik Paulus teiknar som den beste vegen og Rut forpliktar seg til å gå i praksis.

Heile preika kan du lesa her...

 

Powered by Cornerstone