Fest blikket!
Allehelgen 03.11.2024 - Matteus 5,13-16

Fest blikket!

I lyset frå det gode blikket hans vert disiplar oppgraderte til saltet på jorda og lyset i verda! Han festar blikket på oss og gjer oss til det han ser.  Me får festa blikket på han. Då vert me mindre av det me ser i oss sjølv, og meir av det som han ser i oss.

Kva festar du blikket på?  Og kva er drivkrafta bak det som du gjev oppmerksomhet?
Dei to spørsmålet hang i lufta då gudstenestegruppa gjekk frå kvarandre etter planleggingsamlinga sist veke.

Det ligg så opp i dagen i bibeltekstane. «Fest blikket på Jesus, tenk på han», seier Hebrearbrevet, « så de ikkje trøytnar og vert motlause». Evangeliet fortel om Jesus som festar sitt blikk på dei som følgjer han. Dei får høyra kjerneorda i det som skal verta den berømte Bergpreika.  I lyset frå det gode blikket hans vert disiplar oppgraderte til saltet på jorda og lyset i verda! Nå er det oppfylt på ein ny måte, det som Salme 84 fortel.  Om dei som har blikket vendt mot den levande Gud, mot templet som lyser av Guds nærvær i enden av pilgrimsvegen.  Dei kjenner seg på vegen heim. Dei går frå kraft til kraft, med lengt etter noko betre enn det som er.

Opprykk!
Kva festar du blikket på?  Kva er drivkrafta bak?
Me snakka i gruppa om den sterkaste drivkrafta. At det måtte vera lengt. Lengsel.

Så: Gratulera alle Brynesupportarar og byentusiastar etter festen i går! Lengselen drog eit fotballag fram til opprykk.  Og tilskuarar til fylt stadion.  Det lukkast! Lengsel vart innsats og seier. Hjarta utanpå og feiring av nådd mål.  Lengten er sterk. Følelsar meir enn ord.  Drivkraft mot opprykk.

Lengt som drivkraft
Den basale lengten etter å koma heim der me høyrer til, ligg visst djupt i oss.  I Bibelen sitt bodskap virkar det som dette er forunderleg gjensidig.  Me menneske ber den djupe lengten etter å koma heim til Gud.  Gud ber den djupe lengten etter å samla oss i sitt hus, sin heim. Pilegrimar og Jesus ber på same lengt.  Han festar blikket på oss og gjer oss til det han ser.  Me får festa blikket på han. Då vert me mindre av det me ser i oss sjølv, og meir av det som han ser i oss. Så me ikkje trøytnar og vert motlause. For det kan me jo verta. Til alle tider, og særleg i urolege tider.  Men ikkje på same måten med blikket på Jesus! Og hans blikk på oss.

Allehelgen
Eg startar der, i bibeltekstane.  Eg har tenkt å enda der også.  Men i mellomtida:  Denne dagen er ikkje berre bibeltekstar. Han er ein dag med følelsar og tradisjonar.  Allehelgensdag.

Eg var i Timekyrkja i går.  Mykje tradisjon og følelsar.  Graver vart stelt. Blomar planta om.  Friske roser sett i vase. Lys tent. Sorg kjent på. Takk for dei som var så viktige for meg. Såre og takknemlege følelsar oppå kvarandre.  Vafler og kaffi og samtale på kyrkjetorget.  Musikk og dikt inni kyrkja.  Pilgrimsmotiv med stykket «Dei urolege av hjartet» på kvelden.  

Allehelgensdag.  Kva dag er det?  Kva ord er det?  Viss ikkje ordet allehelgen er heilt på jordet, så betyr det gjerne at det er så mange helgenar at me kan bruka ordet alle om dei, eller dei er så vanlege at me alle har noko som helgenar har?

Vanleg eller helgen?
Me jærbuar kjem ikkje så lett på å tenkja slik.  Det er mykje lettare å sei:  ”Eg er i alle fall ingen helgen!”  Og tenkja at eg har meir lyst til å vera ganske allminneleg. Eg likar meg helst i hop med vanlege folk og leitar lite etter helgenar.  Dessuten: Helgenar har me teke nokså lett på i lutherske kyrkjer etter at reformasjonen gjorde slutt på dyrkinga av dei.

Men i dag tenkte eg me skulle spørja etter helgenar sidan me feirar Allehelgensdag.  For det har noko med Jesus sitt blikk på dei som vil følgja han, og det å festa blikket på han. Kva tenkjer Jesus om meg? Kva kallar han meg til å vera? Noko ganske allminneleg noko?  Eller noko som ber noko hellig i seg og med seg?
Så då spør eg: Kor finn me helgenar?  Er det mange av dei, eller er dei ein sjeldan rase?  Er dei her?  Eller kor? 

Kor finn me helgenar?
Her er nokre forslag eller spørsmål:

Nokre finn helgenar ved enden av ein pilgrimsveg.  Fleire enn på lenge går ei vandring som er meir enn tur og vanleg kvardag.  Til Røldal, Nidaros, Santiago de Compostela.  For nokre er målet overveldande. Møtet med helgenen, krusifikset og katedralen. For andre er vegen, vandringa og refleksjonane ved eit vegkryss i livet vel så viktig.  Å søkja eit helgenmål kan bety å forma livet sitt på nytt, få meir hellig lys over det allminnelege livet.  Eg har sjølv kjent og sett noko frå pilgrimsvegen til Santiago, sistestykket til Nidaros, og kva den enkle pilgrimsvandringa langs kongevegen på Jæren kan bety. Gud får tala gjennom stillheten, og gode bestemmelsar om vegen vidare opnar seg.

Kor finn me helgenar? Me kan finna dei i litteratur.  Bøker eller nettsider om kristne martyrar, om åndelege fedre og mødre som har gjort ein stor forskjell, vore lys og salt som har endra historien, gjort Guds rike ennå meir nært og kraftig. 

Me treng ikkje leita i Vatikanet sine register for å finna og takka for forbilder i Jesustru og kristenliv.  Me kjem faktisk langt med eit googlesøk om me vil. Og i dag fortel Hebrearbrevet om ei sky av slike trusvitne som er inspiratorar til å leggja av det som tyngjer, og festa tru, håp og blikk på Jesus.

Me finn helgenar når me ser bakover i historien.  Nokre går til kyrkjegarden ved allehelgen og stoppar ved grava til ein eller ei som betydde så mykje.  Kanskje me kunne trena oss i å sei at for meg er du ein helgen, slik du viste meg Jesus og det beste i livet!

Hovlandjubileum
Kor finn me helgenar? Finn me dei i salmane me syng i dag?  Me har vald kun salmar av Egil Hovland som ville blitt 100 i år. Dei gjer det muleg å finna helgenar i det me syng.  ”For alle helgner som til døden tro stod fast i kampen og har nått sin ro”. Pilgrimstoget som har vandra heim.  Det skal vera godt og sterkt å syngja i dag.  Å sjå glimtet inn i himmelen, å ana målet, å takka for dei som har vandra føre og vist veg.  Nokre av dei var enormt viktige for oss, dei har forma den vegen me går sjølv.

Bakover og framover
Kor finn me helgenane?  Jau, dei lyser i det dei var. Dei vitnar om målet der framme, og det er godt!  Dei er mange, ein stor skare!  Tenk om eg kunne vera litt som ein av dei?  Når eg kneler ved den halve alterringen, får eg tenkja meg i hop med dei som har nådd målet og feirar festmåltidet i himmelen. I hop får me syngja om folket på vandring, som finn styrke og stillhet, som får håpet som gjer sterk, i tider då me er langt nede, folket som skimtar heimen, som får styrka lengten, som er på vegen mot den heilage byen, ikkje den som var og som er, men den som kjem. Ei ukjend verd, eit anna liv. Det vonde og tunge er vekke, men ikkje dansen og sangen. Dei skal syngja ein ny, jublande song. Opprykk! Seier!

Då er eg gjort hellig for å leva og bu i den hellige sin nærhet.  Eg trur me skal trena tanken og gleda i dette også, eg. Den sterke drivkrafta i lengten.

Gjennomsiktig av lys
Viss me spør ein vanleg allminneleg nordmann om kor han eller ho finn helgenar, så svarar dei kanskje eitt av to:
Eg kjøpte eit helgenikon på ein gresk bokhandel, kor var det nå eg hengte den opp heime…?” 
Eller: ”Helgenar har eg sett i kyrkjer i Sør-Europa.  Det er ganske mange av dei i glasmaleria i kyrkjene.”

Det siste er veldig interessant.  Ei lita jente hadde vore i ei kyrkje og sett på glasmaleria.  Presten hadde fortalt om nokon av helgenane dei framstilte.  Jenta sprang begeistra heim og fortalde: ”Nå veit eg kor du finn helgenar!  Det er dei som lyset skin gjennom.”

Ja, slik er det med glasmaleri og slik er det med helgenar. Dei lyser ikkje av seg sjølv.  Dei lyser fordi sola og lyset er så sterkt, og dei er så gjennomsiktige at lyset får sleppa gjennom. I ulike fargar og former slik at ingenting vert heilt likt, men mangfoldig.

Eg har lyst å ha dette til lengsel, drivkraft. At livet kan verta meir gjennomsiktig for Guds lys. Av det som Jesus er så uendeleg mykje meir av. Så me er eit forunderleg fellesskap av både heilag og allmenn kyrkje.  Både godt planta i lokal jord og prega av lyset ovanfrå.  Både allminneleg, nær folk og livet, og hellig, nær Jesus og prega av hans ord og måte å møta andre på.

Peptalk
Tilbake til bibeltekstane og starten av preika. Fest blikket på Jesus, han som har blikket på deg.  I dag skal du skal sjå deg sjølv ikkje berre som heilt vanleg og allminneleg:  ”De er saltet på jorda!  De er lyset i verda!”  Programord i bergpreika. Peptalk til det kristne livet.  Ikkje sagt til kanoniserte helgenar og dydsmønster. Men til ein stor, mangfoldig flokk som valde å følgja Jesus. Lyttande. Lengtande. Undrande opnar dei seg for ein ny hellighet på jorda.  Livet krydra med nytt og ferskt salt.  Dei følgjer det nye lyset i verda.  Og får høyra dei utrulege orda:  ”De er….

Salt og lys
2 tankar om salt og lys frå samtalen i gudstenestegruppa:
Saltet virkar når det blandar seg og går i eitt med det som det skal gje smak til og halda friskt.  Saltet gjer gjerninga si når det vert oppløyst i væske og får trengja inn i mat.  Så nær og tett på det allminnelege livet vil Jesus me skal vera. Utan å missa krafta. Utan å vera dosert så sterkt at det gjev avsmak, eller får det til å svi vondt i mange av dei såra som mange av oss ber på.

Lyset virkar så sant det ikkje vert stengt ute.  Opnar me for lyset, så er det der. Slepp Jesus til i det som er mørkt og vondt i livet, så vil lyset hans ikkje bare fylla det mørke romet, det vil også pipla fram og vera gjennomsiktig i deg. Dess nærare det vanlege livet og dess nærare det hellige me er, dess lettare er det å sjå lyset.

Det er fint å tenkja at lyset skal vera både klart lys og varmt lys. Slik skildrar i alle fall glaskunsten i kyrkja lyset frå Guds auga.  Folk rundt oss treng klart lys for å finna vegen.  Og dei treng varmt lys for å kunna opna seg for Guds kjærleik.  Lyset skal skina for folk, seier Jesus, gjennom godhet.  Gode gjerningar er varmt lys. Ein lengsel som disiplar og folk flest og vår Far i himmelen deler. God drivkraft!

Fest blikket på Jesus!
I dag som alltid bekreftar og utfordrar Jesus!  Han bekreftar med veldige ord om identiteten vår og korleis han ser på oss med sitt blikk.

Han utfordrar like sterkt om det me skal vera der me bur og ferdast.  La saltet virka!  La lyset skina.  La folk få merka kor lyset og saltet kjem frå, så Gud får æra.  Ver gjennomsiktige med lyset frå Jesus sjølv.  La det merkast ein godhet og ein hellighet der du er, så får det vera det same om du eller andre finn meining i ordet ”helgen”. Nøkkelen er alltid. Fest blikket på Jesus. Det er han som er lyset!

Powered by Cornerstone