Anden si frukt er...
Pinsedag 2019. Joh.14,23-29

Anden si frukt er...

Å ha kjærleik er å vera pinsevenn. Å eiga gleda er å vera Kristi himmelfartsvenn. Å kjenna fred er å vera påskevenn

Den viktigaste oppgava for ein pinsepredikant er ikkje å tala om Den Hellige Ånd (DHÅ)!  Det viktigaste er å vera DHÅ sin tale. Å formidla ord som DHÅ får fylla, bruka, gjera levande for oss.

Det er ei svimlande oppgave som gjev noko matte kne på preikestolen. Det er bare ein ting som gjer det muleg å stå her: Jesus sine ord!  Det er dei, og bare dei som kan brukast til å vera DHÅ sin tale.

Kva seier Jesus sine ord i dag?  Jau, dei seier noko om at DHÅ aldri taler om seg sjølv. Han set ikkje seg sjølv i sentrum. Han er talsmann for andre enn seg sjølv. Han set Jesus og Jesus sine ord i sentrum. Han minner om kva Jesus har sagt. Den einaste talen han held om seg sjølv, det er om virkningane sine. Om resultatet av det han er og gjer. For Guds Ånd gjer levande!

I Galaterbrevet listar Paulus opp nokre av DHÅ sine frukter, slik han har lært dei å kjenna. "Andens frukt er kjærleik, glede, fred..."  Desse 3 fortel Jesus også om i teksten for i dag.  Kjempegode gavar!  Pinsegavar!  Me treng dei i livet vårt.  Me treng dei i samliva våre.  Me treng dei i kyrkjelivet vårt.  Andens frukter.  Den første er....

1. KJÆRLEIK...

Kjærleik er den første av Anden sine frukter. Ein kjærleik som Bibelen fortel er meir enn varme følelsar og å tykkja godt om. Han er å gjera godt for. Han er den praktiske, handlande, aktive, sjølvoppofrande kjærleiken som spring fram frå han som la seg på kne og vaska skitne føter og lot seg korsfesta for å gje tilgjeving til slike som hadde svikta, skuffa og gjort han imot.

Overalt i Bibelen står kjærleiken i særstilling. Han står først av Anden sine frukter. Han står der til sist som den ennå betre vegen etter at alle nådegavene er lista opp i 1.Kor.12. “Størst blant dei er kjærleiken”, seier Paulus. Og Grundtvig har gitt oss ein pinsesalme som fortel pinsebudskapet med å setja kjærleiken sentrum.  Me skal syngja han etter preika. 233: «Kjærlighet er lysets kilde…»

Kjærleiken.  Me lengtar heile tida etter å oppleva han.  Me håpar stadig å verta flinkare til å gje og formidla han. Me vert grådig skuffa når me opplever kjærleikssvikt.  Det boblar inni oss når me får gje og få kjærleik til dei me er glade i.  Kjærleiken har og skal ha mange retningar: Til ektefelle, til barn, til foreldre, til jorda me har fått, til venner og til fiendar. Men den første og viktigaste retningen på kjærleiken, den retningen som er avgjerande for dei mange andre retningane, den er til Jesus!!  v.23: «Den som elskar meg, held fast på ordet mitt…»

"Den som elskar meg..."  Der startar det. Det er pinse. Kjærleik til Jesus. Ein kjærleik som får ringvirkningar også i dei andre relasjonane me står i.  Faktisk er det slik at Jesus spør meir etter kjærleiken vår enn etter trua vår.  Då han møtte Simon Peter på stranda etter påsken og Peter hadde fornekta og svikta så grovt, så spurde ikkje Jesus etter Peter si tru. Han sa: “Simon, elskar du meg?”  Dette er pinsespørsmålet til oss alle: Kan eg sei at eg elskar Jesus?  Eller - om dette er for sterke ord: Er det viktig for meg å be om meir kjærleik, om større kraft til å elska?

I tilfelle viser Jesus oss i dag til Ordet, til å lesa og bruka og leva i og leva etter det bibelordet han har gitt oss.  Og til å be og åpna oss for den krafta til å elska som Anden er.  Det er han som skal læra oss alt, også det å elska. Han gjer det med å minna om det Jesus har sagt og opnar ein veg inn til hjarta og lengsler og djupe behov, slik at eg tek til meg det Jesus seier, held fast på ordet hans, og elskar Jesus.
Den Hellige Ånd gjer at Guds kjærleik er levande og vert den djupe krafta i livet vårt. Han som elska oss før me elskar han.  

Kyrkja sitt første kall
I dag markerer me kyrkja sin fødselsdag. Og kyrkja sitt første kall er å verta elska, å la seg elska av Gud.  Det andre kallet til å elska, spring fram av dette første.  Kjærleiken er ei frukt.  Ein gave frå Gud.  Så mykje større enn den kjærleiken han krev av oss.   Han som set oss fri til å vera glad i kvarandre, bry oss om kvarandre, og gje omsorg til kvarandre.

Så det kan eg gjera på pinsedag.  Takka for Guds kjærleik.  Takka for å vera elska.  Takka for at den livsviktige kjærleiken er Anden si første frukt.  Så skal eg måla vegvalga i menigheten og livet på kjærleiken. For viss kjærleiken ikkje får vera drivkrafta, så haustast det heller ikkje velsigning.

Derfor seier eg det så enkelt som dette: Å vera pinsevenn, det er å ha ekte kjærleik.
Og så ein ting til: Den andre av Anden sine frukter.

2. GLEDE....

V.28b:  «Elskar de meg, så gledde de dykk over at eg går til Far, for Far er større enn egMerkeleg måte å snakka om gleda på!
Ei glede på eit djupare plan enn mange av dei gledene me søkjer på overflata. Gleda er knytta til det at Jesus går til far, til Kristi himmelfartsdag. For Jesus går ikkje frå sine når han går til himmelen. Han forlet oss ikkje. Han lar oss ikkje vera igjen som foreldrelause barn. For Ordet fortel at nå, etter Kristi himmelfart og pinsedag, har eg og du 2 talsmenn. 2 som taler vår sak, som går god for oss og trør til for oss.

Først har eg Jesus som talsmann i himmelen. Han taler mi sak om eit fullbrakt frelsesverk. Han lar sitt fullkomne liv tilreknast meg. Han lar sin soningsdød gjelda meg. Han ber for oss at trua vår ikkje sviktar. Aldri kan me sjå for mykje og for sterkt inn i dette ufattelege. Jesus er min talsmann for den allmektige, hellige Gud.  Det gjer meg elska av Gud, mykje meir enn eg nokon gong kan fatta!

Den andre talsmannen er Den Hellige Ånd. Han som gjer Jesus sine ord levande og nye, skaper tru og takk. Ja, han bur hos oss. Ber fram våre bønner. Er Jesus hos oss og i oss. Skaper kjærleik, glede, fred.

Dette er den djupaste av alle gleder. Ei glede som ber om det er ting i livet som gjer at det er vondt å ha gleda på overflata.

Å ha kjærleik er å vera pinsevenn.

Å eiga gleda er å vera Kristi himmelfartsvenn.

Å kjenna fred er å vera påskevenn.

3.  FRED.

Den tredje av Anden sine frukter.  Jesus si avskjedshelsing til disiplane sine: v.27: «Fred etterlet eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det

Kva slags fred er det verda gjev?
Jau, er det ikkje ein fred me må prøva å leita oss fram til sjølv og kjempa for, ein fred som er avhengig av vår måte å takla livet og verda på, ein fred som heng på oss eller på ting me treng tilførsel av, opplevingar og dop og medisinar, og dessverre av og til maktbruk for å sikra freden.

Den freden som heng på oss kan vera vanskeleg å finna for mange. Fortida kan vera for konfliktfylt, vond og traumatisk. Framtida kan vera for utrygg. Nåtida kan dempa ned det djupe fredbehovet med så mange kortvarige erstatningar.

Men den freden Jesus gjev, er av eit heilt anna slag. Den vert gitt.  Den er gave. Den er Andens frukt. Den er ein tilstand, meir enn ein følelse. For han er fred med Gud. Ein fred Jesus har kjøpt oss på korset. Ein fred som ikkje let seg rokka av eit uroleg sinn. Ein fred som Guds ånd pustar inn i oss. Gjer levande. Å, me treng den freden. Me treng å ha han som dagleg fundament, som grunn å stå på. Fylt av Andens frukt. Som er kjærleik, glede, fred og altså litt til.

Velsigna mangfold
Det går an å spora desse fruktene i kyrkja sin historie, midt i villniss og ugras og alt som dessverre kan spora av. 
Men fruktene skimtast allerede på den første pinsedagen. I alle fall kjærleiken. Og gleda. Og ein fred som ikkje var spesielt fredeleg. Det suste av vind og eldtunger og disiplar som fekk og fann ord til alle språka som var på tur til Jerusalem.  Det som eingong vart ei babelsk forvirring då Gud stansa mennesket sitt hovmot med å forvirra språket, det vart nå ei bibelsk forståing.  Det som var trøblete mangfold i form av splittelse, vart nå til velsigna mangfold, ein rikdom som gjer at folk nå kan høyra og ta imot evangeliet på sitt språk, i sine erfaringar, personlegheter og tradisjonar.

Me skal aldri gløyma at dette er den første pinsen si store gåve, og kvar pinse sitt under.  At me forstår og høyrer Gud sitt storverk på vårt eige språk.
Då går det an å elska Jesus i eit personleg hjarteforhold.
Då går det an å bera på ei glede som ligg i dei djupe laga av livet.

Djup fred, stor glede, motiverte til kjærleik.  For Anden sine gavar er kjærleik, glede, fred.

- Som er å vera påskevenn: fylt av fred med Gud

- Som er å vera Kristi himmelfartsvenn: fylt av gleda over å ha både Jesus og DHÅ som talsmann.

- Som er å vera pinsevenn: å ha kjærleik.

Takk, gode hellige Ånd for dine frukter. Fyll oss med dei. Lær oss å leva i forventning til di gjerning i livet vårt, i samliva våre og i kyrkjelyden vår.

Powered by Cornerstone