Rekkefølgenåde
Reformasjonsdag 29.10.2017 - Rom.1,16-17

Rekkefølgenåde

Nytt ord for dagen. Rekkefølgenåde. Nåden først. Ubetinga. Gjerningane etterpå. For menneske kan gjera uendeleg mykje godt, viss det bare slepp å gjera godt i eit strev om å vera god nok. Det er dønn slitsomt for meg og for alle som måler seg etter kva andre held på med. Og slikt kan aldri blidgjera Gud, for han vil gje, ikkje få. Det er nåden som er i hans hjarta.

For to år sidan sto eg og kikka opp på Lutherhaus i Wittenberg, ein bygning som hadde vore ein del av klosteret til augustiner-eremittane. Der var Luther mange år munk, og seinare levde han der i sitt Lutherhaus, gift med Katarina og fekk ungar og hadde studentar og eit ekstremt arbeidsintensivt kontor, eit hus fullt av middagsgjester og alt som skulle drøftast midt i hovedkvarteret der bølgene av reformasjonen breidde seg ut over landegrenser og tider.

Luther si oppdaging
Ein plass her hadde han si reformatoriske oppdaging, ei gjenoppdaging av evangeliet som var så gjennomgripande, at hammerslaga frå 95 setningar – eller melding om dei - på kyrkjedøra i Wittenberg ei stund seinare vart eit torever som rulla over Europa. 
Det Luther protesterte mot, hadde gjenklang i hjartene, det var ei oppdaga sanning han måtte vera tru mot, kjempa for og orka å vera bannlyst og fredlyst for.

Nokre trur det skjedde i tårnet, muligens på do.  Eit aha som nok hadde ei modning både før og etter. Men det er knytta til teksten frå Rom.1.  Eg trur me skal gje reformatoren sjølv ordet.

Det krev litt oppmerksomhet og innsats.  Han var ikkje professor i bibelteologi for ingenting.  Og me er ikkje tanketome me heller.  Dessutan er Luther forfriskande ærleg.  Open om livskampen sin, kva han strir med, ikkje bare for seg sjølv, men på vegne av alle som spør etter Gud og etter nåde og noko som held og ber livet.

Han har skrive om det sjølv, i forordet til dei samla verka hans, eit år før han døyr, altså i 1545, 28 år etter reformasjonsstarten i Wittenberg:

Med hans eigne ord

«Jeg hadde vært og var grepet av en forunderlig trang til å forstå Paulus i brevet til romerne.  Det som hittil hadde stått i veien for meg, var ikke hjertets kulde, men ett eneste ord i første kapittel: «Guds rettferdighet åpenbares i det.»
Jeg hatet nemlig dette uttrykket «Guds rettferdighet».  Jeg elsket ikke den rettferdige Gud som straffer synderne og de som gjør urett.  Tvert imot, jeg hatet ham. For selv om jeg levde som en ulastelig munk, kjente jeg meg som synder for Gud og var urolig i min samvittighet. Jeg maktet heller ikke å tro at jeg hadde blidgjort Gud gjennom mine gode gjerninger.  Jeg var full av uvilje mot Gud, knurret ordentlig over at Gud skal føye ulykke til ulykke og true oss med sin forbistrede rettferdighet gjennom evangeliet også.  Slik raste jeg i min ville og forrykte samvittighet, men ble likevel stående der tålmodig og banke på dette stedet hos Paulus, full av brennende tørst etter å få vite hva det var han egentlig mente.

Natt og dag grunnet jeg på dette, inntil Gud forbarmet seg over meg og jeg ble oppmerksom på sammenhengen mellom ordene.  Den er nemlig slik: Guds rettferdighet blir åpenbart i evangeliet, som skrevet står: Den rettferdige skal leve ved troen.

Her begynte jeg nå å begripe at Guds rettferdighet er den rettferdighet som gjør at mennesket kan leve som rettferdig alene som en Guds gave, nemlig ved troen. Med denne rettferdigheten forbarmer Gud seg over oss og gjør oss rettferdige ved troen.

Nå kjente jeg meg nesten som om jeg var født på ny, som om portene til Paradis hadde åpnet seg, så jeg kunne gå inn.  Nå viste hele Skriften seg med et nytt ansikt for meg.  Jeg fløy gjennom de forskjellige skriftene etter hukommelsen og fant frem parallelle uttrykk, som Guds verk = det verk Gud utfører i oss, og Guds kraft = den kraft som Gud styrker oss med osv.

Like voldsomt som jeg tidligere hatet uttrykket «Guds rettferdighet», med like stor kjærlighet omfattet jeg nå det uttrykk som lød som den søteste musikk i mine ører.  For meg ble dette stedet hos Paulus på denne måten til selve porten til Paradis.»

Rettferd gjennom tru
Og for oss som høyrer til ei luthersk kyrkje og er evangeliske og protestantiske kristne, har dette vore og er ei kjernesak. 
Å vera rettferdig for Gud er altså ikkje eit nivå som menneske når opp til gjennom noko me gjer.  Rettferd er ei gåve frå Gud.  Av tru frå først til sist.  Det einaste me kan og skal gjera, er å stola på Gud som elskar oss så høgt at han gav Jesus, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.  At mennesket er rettferdiggjort av Guds nåde og ved tru åleine er ikkje bare Luther si tårnoppleving og Paulus og evangeliet sitt budskap, det er nøkkelen som gjer at kristen tru sitt sentrum i dag også skal vera definert til nåden åleine, Kristus åleine og trua åleine.

Gjev det meining?
Så er spørsmålet: 
Treng eg dette?  Gjev dette meining i dag?
Me har snakka mykje om dette i gudstenestegruppa før denne gudstenesta.  Spør folk flest etter ein nådig Gud i dag?  Reknar dei med at viss han fins, må han i alle fall vera nådig for å vera noko for meg?  Kva kjempar og strir me med, i og utanfor kyrkjerommet? Har det noko med Gud og nåde å gjera?  Er eg god nok?  Trur eg nok? Er nåde på billegsalg i vår kultur, eller er det nettopp den dyrt kjøpte nåden me treng?

Det kan vera lett å tenkja at Paulus og Luther og fokuset på rettferd ved tru er nokså avlegs, ei annan tid sitt spørsmål.  Det er ikkje så mykje sorg over synd og rop etter ein nådig Gud idag.  Nå er det andre spørsmål og svar som brenn.

Men me spurde i gudstenestegruppa om me trur nok og korleis me eigentleg ser på oss sjølv. Om behovet for å få nåde og kunna gje nåde.  Om frelse ved tru åleine betyr at  mennesket er ingenting og kan ingenting.

God nok?
Det kan godt vera at me strir med om me er gode nok for Gud i dag også. 

Det er i alle fall slik at me strir med om me er gode nok.

For der har mange lagt lista høgt.  Eg vil så gjerne vera god nok!  I andre sine auge.  I mine eigne auge.  Kanskje også i Gud sine auge.  Og eg strir sant å seia med å nå opp til ideala.

Skuleungdommar som høyrer til det som vert kalt «generasjon prestasjon» veit mykje om dette.  Ikkje bare karakterar, men verdi vert målt i kor godt me gjer det sosialt og fagleg.  Om det går godt eller gale, om nokre vert galflinke eller føler seg mislukka, så er det mykje av dårleg søvn, høge skuldre, symptom på utmattelse, angst og depresjonar.

Veldig mange av oss måler oss også mot andre.  Det er ikkje bare lyst som gjer at eg vil ha rette klede, nyaste duppedittar, den rette musikken på øyra eller i alle fall ikkje kjøra rundt i feil bil.  Det handlar om å sjå noko i den andre sitt blikk:  Er eg rekna med i gjengen nå?  Er eg god nok?  Høyrer eg til?

Nådelause ideal
Kven er det som får definera kven eg er og om eg er god nok i Norge i 2017? 
Er ikkje mange av idealbilda av kven me skal vera ganske nådelause?

Så pyntar me fasadane våre og håpar at ingen ser kor tome og slitne me kan vera på innsida.  Så ryddar me dei roma andre ser, men stuar rotet og nederlaga inn på eit rom me godt veit om sjølv, for det vert stadig trongare å gå der. 

Psykiater og forfattar Finn Skårderud seier noko vist om dette og kallar det for det store sjølvstendighetsparadokset: «Eg vil vera meg sjølv, men måten eg gjer det, er gjennom å kopiera deg
Det vert fort nådelaust!

Mennesket a la Luther
Går me tilbake til Martin Luther, så er det interessant korleis han definerer mennesket. 
Det er ikkje å vera seg sjølv ved å finna seg sjølv gjennom å kopiera andre.  Nei, det er noko anna som også har med relasjonar å gjera. For Luther er ikkje mennesket definert av kven ein måler seg med, men kven og kva du stolar på.  Sei meg kven du trøstar deg til, så skal eg sei deg kven du er og kven som er din Gud.  Og når Gud som har skapt oss i kjærleik, gjev oss det store budet å elska han av alle ting, då vert mennesket sitt problem og mennesket si synd å stola på noko anna.

Og der er det mykje å ta av.  Ikkje bare fromme gjerningar i eit kloster for 500 år sidan, men alt eit menneske kan finna på og utføra og kjøpa seg og forlysta seg til og vekk frå, bare for å kjenna at eg er god nok.  Då vert det mykje avgudar og lite Gud med stor G.  Det vert også lite nåde å få og gje, for strevet er konstant og behovet umetteleg.  Og av dette vert det mykje synd med stor S – som er å ikkje ha bruk for Jesus, for noko anna har kome i plassen.

Amazing grace
Men alt det andre vil ikkje dempa hjarta si uro. 
Like lite for oss som Luther sitt strev gjorde for han.  Det er faktisk noko anna me treng.  Budskapet om amazing grace. 
Forbløffande nåde.  At Jesus ga sitt liv for å kjøpa oss fri.  Frå synda som gjer at me vrir oss vekk frå han – innkrøkte i oss sjølv, som Luther seier.  Frå strevet med å verta perfekte eller gode nok eller bare aksepterte i våre auge eller andre sine.  Nåden og trusrettferdigheten seier at du er meir enn god nok gjennom den rettferdigheten Jesus har skaffa deg.  Den allmektige ser deg slik han ser Jesus!

Ein god og moderne forkynnar seier det slik: Nåden betyr at det er ingenting du kan gjera for å få Gud til å verta meir glad i deg.  Nåden betyr også at det er ingen du kan gjera for å få Gud til å verta mindre glad i dag.

Du er elska av Gud på hans initiativ og innsats.  I Jesus Kristus er du elska tilbake til Gud, tilbake gjennom det store syndefallet  og alle dei andre falla og inn portane til Paradis, for å vera i Luther sitt uttrykk. Du er skapt i Guds bilde og elska tilbake i familien!

Det sit to familiar i kyrkja og er eksempel på dette.  De elskar den lille med ubetinga kjærleik, heilt uavhengig av kva han presterer.  Og han tek imot nåden dykkar og nåden frå Gud i dåpen slik mennesket skal.  Med full tillit. 

Slik er Gud og hans gåve. Og slik er det evangeliet me ikkje treng skamma oss ved, for det vil ikkje gå av moten.  Det openberrar Guds hjarta og det kjenner vårt godt. 

Rekkefølgenåde
Og så er det ein rekkefølge her. 
Eg kallar det ikkje rekkefølgekrav sånt som myndigheter set som ein betingelse for å få lov å byggja.  Eg kallar det rekkefølgenåde.  Nytt ord for dagen. Rekkefølgenåde. Nåden først.  Ubetinga.  Gjerningane etterpå.  For menneske kan gjera uendeleg mykje godt, viss det bare slepp å gjera gjerningane til eit strev om å vera god nok.  Det er dønn slitsomt for meg og for alle som måler seg etter kva andre held på med.  Og slikt kan aldri blidgjera Gud, for han vil gje, ikkje få.  Det er nåden som er i hans hjarta.

Og når nåden finn oss først, så hjelper han oss til å sjå andre med nåde etterpå.  Vera rause.  For den som har fått nåde, vil gje nåde.  Fritt og raust.  Så enkelt er det.  Så evangelisk og gjerne også luthersk er det.  Ingen grunn til å skamma seg over dette. Nåde over nåde.  Nåde som flyt over.  Slik får me ta imot det. Slik vil me vera, ikkje sant?

Powered by Cornerstone