Kven skulle vi gå til?
Johannes 6,63-69 - 6.sundag i openberringstida febr 2014

Kven skulle vi gå til?

"Herre, kven skulle vi gå til?" Kva er alternativet? Når dagleglivet går ganske greitt. Og me alltids kan støtta oss til familie og venner, gå til facebook og nettet og finn.no og fastlegen og coachen. Treng me plent Jesus for å få livet til sviva?

Joh.6,63-69, Jesus seier:

Det er Anden som gjer levande; kjøt og blod kan ingen ting gjera. Dei orda eg har tala til dykk, er ånd og liv. Men det er nokre av dykk som ikkje trur.» For Jesus visste frå første stund kven det var som ikkje trudde, og kven som skulle svika han. Og han la til: «Difor sa eg dykk at ingen kan koma til meg utan at det blir gjeve han av min Far."
Etter dette drog mange av læresveinane hans seg unna og gjekk ikkje omkring med han lenger. Då spurde Jesus dei tolv: «Vil de òg gå bort?» Simon Peter svara: «Herre, kven skulle vi gå til? Du har det evige livs ord, og vi trur og veit at du er Guds Heilage.»

 

Eit spørsmål og eit svar.
Du kunne sikkert ha høyrt den berømte knappenåla falla. Eit lite klirr i bakken. Dørgande stilt.  Djupt alvor.  Eit vippepunkt.  Kva veg bikkar det nå?

«Vil de òg gå bort?»  Trekkjer de dykk nå?  Slik mange andre har gjort.  Jesus spør.  Han spør sine mest betrudde menn, dei tolv han hadde i opplæring, dei han hadde vist og gitt så mykje. «Vil de òg gå bort?» 

Kva skulle dei svara?  Kva skal me svara når spørsmålet kjem direkte frå boka som er Guds Ord til alle tider?  «Vil de òg gå bort?»  

.....  (Preika som heile kan lesast i lenka i botnen, siste del kjem her...)

Dei tolv sto der og visste:  «Nå må me velja!  Nå er det oss det gjeld.»  Så Peter tok ordet,  litt forsiktig først, ganske nøkternt og jordnært:  «Herre, kven skal vi gå til?»  Kva er alternativet? Ja, me har alltids båtane og fiskegarna, venner i landsbyen, eit daglegliv som går ganske greitt.

Ja, er det ikkje det me også har?  Heim å bu i, familie å støtta oss til, skule og arbeid, gode venner.  Og me kan alltids gå til facebook og nettet og finn.no og fastlegen og coachen.  Treng me plent Jesus for å få dagleglivet til å sviva?

Peter må ha sett og funne noko anna og meir.  I vandringa med Jesus hadde han sett noko og fått noko som ingen andre kan gje.  Noko som fylte dei djupaste behova, som svarte til lengt og draumar ut over det daglege, noko som la eit varmt lys og veldig meining over kvardagen.

Han måtte sei kva det var.  Bekjenna det:  «Du har det evige livs ord.  Og vi trur og veit at du er Guds heilage».

Me har alle lurt på kvifor me er til.  Me har undra oss over det mysteriet og underet livet er. Me har kjempa med dei dårlege sidene i oss.  Kvifor gjer me ikkje meir av det gode me eigentleg vil?  Kvifor er eg svak i fristelsar?  Kor kjem kjærligheten frå? Kvifor døyr celler, og kroppen aldrast og døyr?  Kor kjem me frå og kor går me? Kor har me fått alt dette nydelege og vanskelege, og korleis skal me leva med det?

Peter hadde sett kven han kunne gå til og få lys og meining og tilgivelse og håp. Der fekk han sin djupe identitet.  For Peter var ingen ubetydeleg tilfeldighet. Han var skapt av Gud og elska av han som ville gje livet for han. Han var ikkje bare kropp, men ånd som hadde fått Guds pust i seg.

«Du har det evige livs ord!»  Du har det som ingen andre kan gje, Jesus.  Eg skal ikkje råtna i ei grav som det siste som skjer.  Eg skal ikkje måtta plagast av skuld og vond samvittighet.  Eg skal ikkje mangla deg som høyrer bønner.  Eg skal vita kor eg kjem frå, kven eg er og kor eg går.  Og svaret er deg, Jesus.  Du har det evige livs ord. Dette fantastiske livet skal overgås av noko endå større etter døden.  For du er Guds heilage. 

Nå blei det visst min bekjennelse også i hop med Peter sin.  Kjenner du at det er din også?

Viss du kjenner det, så er det to veldig gode ting som skjer her.  Dei har eg lyst til å avslutta med.

Det eine er at du bekjenner deg til eit liv i hop med Jesus.  Du gjev han det svaret som gjer at du har evig liv, frelse, framtid og håp.  Det evige livs ord er ditt.

Det andre er at det er dette som er trua si framtid:  å sjå og bekjenna kven Jesus er.  Om kyrkja veks og trua pregar lokalmiljøet og når til jorda sine endra, handlar ikkje først og fremst om prognosar, kultursituasjon og strategiplanar.  Det handlar om å bekjenna kven Jesus er!

Brynekyrkja ønskjer å gjera det.  Me seier at me vil vera rause og tydelege.  Me vil ikkje skapa tvil om at alle er velkomne.  Me vil vera like tydelege på innholdet i budskapet:  Jesus er frelsar og Herre.  Han har det evige livs ord.  Det er ikkje andre å gå til for å vinna dette.

Den kristne kyrkja lever og veks på bekjennelsen av Jesus.

For Peter sin bekjennelse blei ståande. Han oppsto på eit vippepunkt, mens oppslutninga var laber.  Han sto der mens dei vandra engstelege inn i den siste påsken.  Bekjennelsen vart fornya spesielt for Peter etter Jesu død og oppstandelse. På pinsedag fekk bekjennelsen Guds Ånd si kraft over seg og førte til 3000 døypte.  Bekjennelsen sto i den eventyrlege kyrkjeveksten som skjedde i det første århundret og heilt fram til vår tid.  Det er bare å ta utfordringa: Bekjenna og spreia han vidare.

Bekjennelsen er nøkkelen. Kven som helst kan gje han vidare, og mange vil lika å høyra han og dela han:  «Herre, kven skulle vi gå til?  Du har det evige livs ord.  Og vi trur og veit at du er Guds heilage».

Heile preika...

 

 

 

Powered by Cornerstone