Absolutt krav og absolutt nåde
4. sundag i treeiningstida 2018. Matteus 16,24-27

Absolutt krav og absolutt nåde

Meinte du alvor med at me skal dømmast etter gjerningane våre? Du meinte i alle fall alvor med det absolutte kallet til å følgja deg og få eit mykje betre sentrum i livet enn oss sjølv.

Me har ikkje lytta til ei gammal bok, men til eit levande gudsord. Det inneber å tru at Jesus nå står her, rett framføre oss, slik han stod framføre disiplane. Han har akkurat fortalt at han skal døy.  Brutalt.  Skal slås i hel og lida mykje.  Men på den tredje dagen skal alt snus om.  Han skal reisast opp.  Nå førebur og briefer han om det som skal skje med han.

Og så går blikket til oss.  Til disiplar.  Til livet vårt.  «Vil nokon følgja etter meg?»  Fritt valg, men det inneber.  Me må seia nei til oss sjølv, ta korset vårt opp og følgja han.  Her er risiko: Ikkje halda noko tilbake.  Den som vil berga og sikra livet sitt, skal missa det.  Og her er store gavar:  Den som misser livet for Jesus si skuld, skal finna det.  Og berga den sjela som fort kan tapast.

Og for oss også, slik det er for han, skal spelet verta snudd. Ikkje på den 3. dag, men på den siste. Når Menneskesonen kjem med sine englar, skal han lønna kvar og ein etter det han har gjort.

Viss nokre nå skulle sei at dette er enkelt å leva etter, eller enkelt å forstå, då er han eller ho på ein annan planet enn meg og oss i gudstenestegruppa som har drøfta og snudd på mange av steinane i teksten.

Lønn etter det me har gjort?
For å ta det siste først: Å verta lønna etter det me har gjort.  Er ikkje det i dramatisk motsetning til det me nettopp fekk frå Paulus, at me ikkje vert frelste av gjerningar, men av nåde.  Er det ikkje meir folketru og muslimsk tru å dømmast etter gjerningar - enn det er kristen tru?  Og så er det Mesteren sjølv som seier slikt!

Nokre kvar kan kjenna seg litt matte og mållause når bibeltekstar spelar ball på denne måten, og det ser ut som ballen havnar i nettet og spelet ikkje går opp.  Bibelen er ei kompleks samling av bøker, ikkje utan indre spenningar mellom orda.  I dag er det slik.  Me er stilt på klare valg – og me får del i Guds ufattelege valg av oss.  Me møter det absolutte kravet og den absolutte nåden så tett på kvarandre at det riv og røskar både i tru og tanke.

Det enklaste då er å gjera som gode lutheranar og drivne protestantar og sei at Jesus med dagens ord representerer lova sitt absolutte krav, og Paulus er den som får koma med den frikjennande nåden for alle oss som sviktar og feiler i gjerning.  Altså at dei krasse orda om kors og etterfølgjing og nei til seg sjølv er sagt for at me menneske skal ha bruk for nåden, at Jesus sine ord er lova sine ord som driv oss til Jesus si gjerning for oss på korset, til evangeliet. 

Ein variant av det vart sagt av ein i gudstenestegruppa.  Denne spenninga i tekstane går bare opp viss den gjerninga me skal dømmast etter, er trua på Jesus sin nåde.  Og det er det mykje sant i.

Men: Er det slik Jesusorda i dag kjem til oss?  Eit førsteinntrykk av dei er vel ikkje akkurat at dei er eit slags pedagogisk triks for at me skal få bruk for tilgivelse og nåde. Jesus beskriv ein realitet for sine truande.  Eit reellt liv.  Om dei skal følgja etter han, må dei seia nei til seg sjølv og ta sitt kors opp og følgja han. Den som vil berga sitt liv, skal missa det. Men den som misser livet for hans skuld, skal finna det. Visst skal det verta god bruk for radikal nåde, men det gjeld faktisk eit radikalt liv, dette.

Tru som kostar
Det er ein risiko her.  Vinning og tap.  Liv og død.
Det er ein kostnad her.  Det er noko med tru og etterfølgjing som kostar og forpliktar i prioriteringar og kva som gjeld.  Du finn livet med å missa det for Jesus si skuld.

Så då må me bare opna det store blikket: Nokre misser livet for Jesus si skuld.  Over heile jorda fins dei.  Sjølvsagt kan hat, drap og forfølgjing forklarast på mange måtar.  Mykje har å gjera med etniske konfliktar, vanstyre, nedarva hat mellom grupper, fattigdom og uforstand. Slike årsakar fins, enten me snakkar om det som skjer i Indonesia, Nord-Korea, i mange av dei tidlegare Sovjetrepublikkane eller i land som Irak, Syria, Tyrkia og Egypt.

Men inne i dette ligg også noko anna. Det fins ei forfølgjing som skjer fordi folk er kristne og bekjenner Jesus sitt navn. Dei lever under korset og må nokre gonger betala den høgaste prisen for dette, med sitt eige liv. Dei går inn i den lange rekka av kyrkja sine martyrar. Det var det som hende med 21 egyptiske martyrar som vart henretta ein for ein på ei strand i Libya tidleg på året i 2015. Før henrettinga vart kvar av dei spurt om dei ville fornekta si kristne tru. Om dei gjorde dette, ville dei bli sett fri. Ein og ein vart spurt. Alle mista livet. Grusomt!

Det som hende, var eit klart brot på alle menneskerettar. Men protestane som kom, kunne ikkje gjera om på det som hadde hendt. Dei 21 unge anleggsarbeidarane hadde mista sine liv for Jesus og for trua.

Me lever i ein annan situasjon. Det er lite sannsynleg at nokon av oss vil koma i ein situasjon der me må velja mellom livet og den kristne trusbekjennelsen vår. Men me treng likevel å gjera martyriet til ein del av kristen trusoppfatning. Det gjer me med å setja oss inn i det som skjer med kristne søsken under forhold der martyriet er muleg. Me har ei plikt som lemmer på Kristi kropp til å vita om dette, til å be, til å gje politiske stemmar for trusfrihet og menneskerettar, og til å gje og engasjera oss i misjonsprosjekta våre.  For dei har denne verkelegheten tett på seg.  Det kostar å seia nei til seg sjølv for alle, og for nokre kostar det dyrt å følgja etter Jesus.

Forfølgjing eller forføring
I gudstenestegruppa snakka me om at det ikkje er forfølgjing, men forføring som er vårt problem.  Me er ein del av ein kultur der det å vinna heile verda, er drivkraft i næring og teknologi og underholdning.  Trua på Jesus er nødt for å vera ein motkultur mot drivande krefter i dette.  Det er ikkje bare me som taper vår sjel når me vert blenda av alt det som lyst og Mammon får oss til å gå etter.  Både medmenneske og miljø får svi og li under overfloda vår.  Og – må me sei i dag – under vår slappe og halvhjarta måte å seia nei til oss sjølv og følgja etter Mesteren.

Utfordring frå Josva
Kan det vera at me rett og slett treng dei sterke orda frå Josva si bok også?  Den er frå det aller siste kapitlet i forteljinga om Josva. Han har ført folket inn i det lova landet. Dei har busett seg der, har begynt å dyrka og hausta av landet sine rike avlingar. I velstand har dei allerede begynt å gløyma Gud som førte dei ut av Egypt og berga dei under ørkenvandringa. Trua deira har begynt å forvitra, av velstand og fordi nokre av dei har begynt å venda seg mot andre gudar. Nå stiller Josva dei på valg. Han fører dei tilbake til nullpunktet. Det er tid for folket til å fornya sitt valg og si grunnleggande pakt med Gud.

Kan det vera at det er me som kan ha behov for ein Josva?  Her under andre forhold og i ei anna tid?  Ein som seier: «De har gløymt det grunnleggande i evangeliet om Jesus Kristus! Velstand og jag etter materielle goder har sløra blikket for Guds rike og for nesten vår. Det er tid for å skilja seg av med falske gudar og venda hjarta til Herren»

Etterfølgjande kyrkje i dag
Det er eit spørsmål som skal utfordra både det me bekjenner og det me praktiserer som truande og som kyrkje.  Men me skal også som kyrkje ta det vidare til folket og samfunnet.  Josva talte til folket. Det må me, som kyrkje, også gjera. Me meiner faktisk i den kristne kyrkja at det bedre å gje enn å få. Det kan vera større meining i å tapa enn å vinna. Det fins noko som er meir dyrebart enn alt det me mennesker held høgt, og det er vår sjel.  Sjela er det som gjer oss til menneske, til slik me er skapte – i Guds bilde. Det som gjer oss eineståande i skaperverket, ikkje bare den enkelte av oss, men alle menneske som lever samtidig med oss på jorda.

I våre dagar møter me som kyrkjefellesskap, nasjon og enkeltpersonar enorme felles utfordringar knytta til krig, klima, fattigdom, forfølgjing og flyktningar. Me kan ikkje stengja dette ute. Kvar utfordring ropar på den enkelte av oss og på valg av ledarar som vil sjå globalt og langsiktig og menneskeverdig. 

I det perspektivet er Jesus sine ord til oss i dag ein gåve.  Det er han me skal følgja.  Han som ikkje sette seg sjølv i sentrum, men andre før seg sjølv.  Å følgja etter han er å visa at det har betydning å visa hjartelag. Me bekjenner, i tru på Gud som alle sin skaper, at eit menneske i flyktningeleir eller eit barn som skjelv av redsel og kulde i Syria, er like verdifullt som kvar og ein av oss og våre eigne barn. Me trur at Jesus Kristus leid, døde og oppstod for alle jorda sine ensomme, redde, svoltne og forvilla barn. Dette trur me. Han som lærte oss det, vil me følgja, sjølv om me har eit heilt anna format over liva våre enn han, og aldri vert så mykje meir enn vaklevorne og svake.  

Alvoret, løfta inn i det store mysteriet
Kyrie eleison, Herre, miskunna deg over oss.
Meinte du alvor med at me skal dømmast etter gjerningane våre?
Du meinte i alle fall alvor med det absolutte kallet til å følgja deg og få eit mykje betre sentrum i livet enn oss sjølv.

Og Paulus må i stort alvor ha trudd og forkynt den absolutte nåden.  For han oppheva ikkje dine ord.  Han løfta dei inn i det store mysteriet.  At du ga ditt liv for oss.  At kun nåden frelser oss. Ved tru og ikkje gjerningar. At det er Guds overraskande, ufortente gave, ikkje vårt verk.  Det er visst faktisk me som får vera Guds verk, nyskapte i Kristus, til gode gjerningar som er lagt ferdige, så me skal vandra i dei.  Dei er i hop med deg, Jesus.  Slik er det å følgja deg.  Borne av tilgivelsen si kraft og av nåden som reiser opp. Endå meir absolutt enn det store kallet du gjev oss. Herre, kven andre enn deg skulle me gå til? I dag seier me nei til sjølvstyrt liv og søkjer deg og dine gavar i nattverden.  Du ga deg heilt for oss.  Du vil gje oss kraft til å leva litt meir heilt for deg, og for andre som skal vinna livet sitt, ikkje missa det.

Powered by Cornerstone