Verkeleg fri
Kveldsgudsteneste 11.sundag i treeiningstida 2025 . Joh.8,31-36

Verkeleg fri

Vandrande pilgrim på merka og umerka stiar.  Du er stille og tenkjer og sansar sterkare enn elles. Det mektige skaparverket gjer deg både liten og stor.  Luktene samlar eit heilt liv i seg. Lyset vil inn i deg. Du vert oppmerksom på andre du ikkje kjente. Er det ei frigjering?  Å verta verkeleg fri? 

Ordet i kveld var skrift på veggen i sist veke.  Eg fekk vandra pilgrim i eit følgje på 20 langs kystpilegrimsleia frå Eigersund til pilegrimsmesse i Stavanger domkirke.  3 av overnattingane var på Ognatun.  Og der - på veg inn i den viktige matsalen – sto det stort og svart på den kvite veggen:  “Får Sønnen frigjort dere, blir dere virkelig fri.”  Det sto der i alt det som ein pilegrim først av alt skal gjera: Eta, sova, gå og vera open for landskap, Gud og medmenneske.  

Sikringskost og kjernestoff
Så eg gnei søvn ut av augene og dette ordet inn, stadig vekk. På veg inn til frokost, på veg ut med metta kropp og nistepakke 3 morgonar.  Det same om kvelden, på veg inn i matsalen med halvmøyr kropp og på veg ut igjen til kveld og natt, godt forsynt av herleg middag og dessert.  3 kveldar.  Kroppen fekk sikringskost og sjela fekk kjernestoff: “Får Sønnen frigjort dere, blir dere virkelig fri.” 

Eit sånt ord kan setja seg i kroppen, det også.  Det kan følgja deg gjennom dei kvardagane som kjem med sine rytmar og overraskingar.  Dei kan bu i deg når du går ei pilgrimslei, eller tenkjer at ja, i det store og heile er eg ein pilgrim på reise mot det store målet. 

Frigjering?
Etterkvart vart ordet med når knausane i Dalane vart bytta med jærstrendene og med fjorden inn mot byen.  Så godt det er å gå bak ein som leiar, i følgje med andre som vandrar, på merka og umerka stiar.  Du er stille og tenkjer og sansar sterkare enn elles. Det mektige skaparverket gjer deg både liten og stor.  Luktene samlar eit heilt liv i seg. Lyset vil inn i deg. Du vert oppmerksom på andre du ikkje kjente. Er det ei frigjering?  Å verta verkeleg fri? 

Det nærmar seg noko slikt.  Vandringsheftet for pilegrimar med tekstar, bønner og sangar, held fram pilegrimen sine sju nøkkelord om dette.  Nå får de eitt av nøkkelorda: 

Frihet
"Å vandre i naturen i langsomt tempo uten å bli styrt av kalender eller klokke, gir opplevelse av ytre og indre frihet fra hverdagens stress og kav.  Alene i naturen kan vi bli berørt av en frihet vi sjelden erfarer. Fri fra alt som binder oss, og fri til å høre fuglesang, barnelatter og til og med våre egne hjerteslag.  Den frie pilegrimen oppfatter veien som sitt livs eventyr.” 

Å pilgrim kan gjera dette lettare, å kjenna seg som pilgrim kan opna opp for å kjenna livet slik. 

Slavedrivaren
Men det er greitt å setja skapet på plass. Til og med dette er bare ein veg, ein måte, ja, ei skrift, eit ord på ein vegg eller i ei bok.  Kjernen er djupare:  Får Sonen gjort dykk frie, blir de verkeleg frie. 

Mest av alt treng eg Guds son! For det er noko eg må verta sett fri ifrå. Noko som bare han kan ordna opp i. Noko eg ikkje er i stand til å fiksa sjølv. Eit heftigare slaveri enn mange av dei andre tinga som kan binda oss til å vera ufrie, av sånt som kalendrar og mobilar og avhengigheter og appar og pengar og tics og traumer og tvang og sår og uvanar og alt det som kan gje oss ufrie liv.  

Det heiter synd. Det som øydelegg og bind, skapar slavar og held dei fast. Synda som set meg før andre og goder føre Gud og skylappar mot urett og vondskap eg skulle ha stått opp imot.  Slavedrivaren framføre nokon. Som bare kan missa makta si i møte med han som har betalt og sona for alle synder.   

Frigjeraren
Sonen gjer fri med å elska oss ut av slaveriet og inn i sitt følgje.  Der me er sett fri, me er barn og høyrer til og veit oss elska utan å måtta streva noko for å verta det.   

Ingen pilgrim kan gå av seg synda, slik som med mykje anna me kan gå av oss.  Men pilgrimen kan gå seg Jesu kjærleik, blikket som elskar, uansett kven me er og kva me har gjort.   

Ein av oss på kystpilegrimsleia delte dette så fint.  Nåden er som havet sin bølgjer som aldri sluttar å rulla og rulla, heilt inn der me folk går og trør.  Bølgene vaskar reint.  Dei slettar alle slags spor. Dei er alltid nye. Slik kan nye spor setjast fritt, for du er sett fri.  Får Sonen gjort dykk frie, blir de verkeleg frie. 

Powered by Cornerstone