Kom, så skal de få sjå!
12.sundag i treeiningstida 2025 - Joh.4,27-30.39-43

Kom, så skal de få sjå!

Kven vil ikkje ha meir av Jesusmøtet og trua sine sentralnøklar?  Å tåla å møta meg sjølv med eit ærleg blikk.  Å møta Jesus med ei forventning som vil ta imot.  Å møta andre sitt blikk med ei glede du vil dela.

Dagens spørsmål:  Er verdens første misjonær ei kvinne? Ei kvinne som i utgangspunktet også var nedvurdert, utstøytt og like lite akta som heile folket ho tilhøyrte?   

Den første misjonæren?
Ledande spørsmål?  Kanskje.  Det kom spissformulert i gudstenestegruppa som har planlagt denne sundagen.  Stemmer dette, slik at me kan vri spørsmålet til ein påstand, ei sanning? Ei kvinne frå Samaria, den første misjonæren!  

Og i tilfelle: Kva var det som hadde skjedd? Kan det skje like godt i dag, noko som me vert inspirert til og går inn i som vår misjon i vår tid og våre liv? 
Kva hadde skjedd?  Jau, kvinna ved brønnen i Samaria lar vasskrukka stå og har tenkt seg tilbake igjen til brønnen.  Men først vil dela ho det har opplevd. På byen sitt torg der ho nok elles ikkje likte seg, og til folket i byen ho elles lett slo auge ned for.  Kvifor hadde ho elles gått til brønnen midt i dagen sin hete når ingen andre gjekk.  Men nå har det skjedd ei enorm forvandling.  Eit nytt liv.  Eit ope blikk.  Ein stemme som har fått frimodighet: «Kom, så skal de få sjå ein mann som har sagt meg alt det eg har gjort! Kan han vera Messias?» 

Forvandla liv
Det gjer eit enormt inntrykk å møta eit forvandla liv. Viss det er Jesus som har stått bak endringa, så ser du kva Jesus kan gjera.  Du lar han finna sin forunderlege veg inn til det djupaste i livet ditt, du får levande vatn å drikka, du inviterer han inn i livet ditt og får modna fram ei tru som vaks fram fordi du har møtt han sjølv. Og dette vil ta du vidare til byen og folket ditt.  Vasskrukka og andre ærend kan kvila litt. 

Det er ikkje sikkert me kan generalisera dette til eit mønster.  Møte med Jesus er individuelle.  Veger til tru og forandring og frimodig deling likeså.  Men kanskje me kan skimta 3 enkle, vanleg tilgjengelege nøklar i denne eineståande forteljinga. 

Å tåla å møta meg sjølv med eit ærleg blikk. 
Å møta Jesus med ei forventning som vil ta imot. 
Å møta andre sitt blikk med ei glede du vil dela. 

Ærleg blikk
Det er ikkje sjølvsagt at eg tør å møta meg sjølv med ærleg blikk.  Andre sine blikk og vonde erfaringar kan ha lukka dei innerste roma godt til og dekka utsida til med ei passande maske.  Skal eg leggja frå meg maska og få opp låsen i stengde rom, treng eg hjelp, med omsorg, varme og rette utfordringar når tida er inne.   

Der er Jesus meisteren.  Ganske annleis enn andre som kan trampa inn med harde sko i livet, eller kanskje prøver seg på velmeinte formaningar og oppfordringar som virkar mot sin hensikt.  Kva får eit menneske til å opna døra, til å kasta maska? 

Forventning
I Sykar var det å visa ein vennleg respekt som kvinna ikkje hadde venta, å skapa ei nysgjerrig undring mot noko ho hadde gløymt at ho eigentleg lengta etter.  Forsiktig begynte ho og Jesus i fellesskap å opna dei låste romma.  Ho fekk hjelp til å erkjenna og møta seg sjølv med ærleg blikk, hjelp til å kasta maska, til å sleppa seg sjølv og ta Jesus på ordet.  Resultatet var ein ny tillit til Jesus.  Eit forventningsfullt blikk.  Ei bønn om levande vann.  Ein stotrande bekjennelse.  Ei forundring over at frelsaren har vist seg for meg, og det er ikkje skam eg kjenner på, eg kjenner meg elska – midt i og ut av alt som ikkje er som det skal vera. 

Sentralnøklane til trua
Og det var Jesus som lokka dette fram og opp og ut!  Han såg denne eine, som ingen andre såg eller rekna med.  Han såg ho med respekten og kjærleiken sitt blikk på ein sånn måte at ho begynte å lengta etter det ho ennå ikkje var klar over at ho lengta etter.  Ja, blikket var så varmt at ho tålte sanninga om livet sitt og opplevde at sanninga gjorde ho fri. Ho var elska av ein som kjente nederlaga hennar.  Det vart nytt liv av det.  Nytt liv med Gud.  Nytt liv med medmenneske.  Ja, faktisk også nytt liv for medmenneske gjennom hennar vitnesbyrd og forandra liv. 

I kyrkja i dag er me kanskje i hop nå om å skimta sentralnøklane som låser opp dørene der trua helst vil gå.  Verta betre kjent med meg sjølv på ein varm måte.  Sjarmerast av Jesus og gje han min tillit.  Møta andre sitt blikk og fortelja kva som har hendt.  Lyst til å dela den gleda som først vert heil når ho kan delast med andre. 

Kom, så skal de få sjå!
Skal me kalla det trua sitt DNA og misjonen sitt DNA?  Det som gjer tru til tru og kyrkja til kyrkje. Så det går eit frimodig rop gjennom verda: “Kom, så skal de få sjå!”  Evangeliet til nye folkegrupper. Me skal få høyra inspirerande ord om det i Misjonsvindu frå Etiopia, frå våre eigne her i kyrkja. Evangeliet som forandrar liv.  Eit forvandlande møte med Jesus ligg i botn. For evangeliet er Guds kraft til frelse, av tru frå først til sist.   

Det vart full oppstandelse i Samaria.  Det gjer gjerne det når evangeliet ikkje berre vert forkynt, men når det er eit vitnesbyrd, når forteljinga er eit forandra liv.  Når det lyser av blikket og seiest med og utan ord at Jesus har gjort noko stort i livet mitt. 

Ingenting talar så sterkt som eit forvandla liv.  Der misjonsarbeidet går fram, der vekking og fornying skjer, så er det dette doble bibelske perspektivet som er vevd i kvarandre:  Å vitna om Jesus. Å vitna om evangeliet si forvandlande kraft. 

Då kan det vera fleire enn samaritanane som må be Jesus sjølv om å bli hos dei, så dei kan verta kjente med han. For det var store ting som skjedde då oppmerksomheten til samaritanane vart flytta frå kvinna til Jesus sjølv.  

Ta det med deg når me feirar nattverd i dag: Mine og andre sine ord kan peika på Jesus og oppmuntra til å koma til frelsaren og det bordet han dekker. Men ingen ting kan toppa møtet med Jesus sjølv, så realistisk at du får del i hans kropp og hans blod, og så er det du som er hans elska og elskande kropp i verda. Dette ufattelege møtet gjev stadig trua noko djupt å vita og noko dyrebart å vitna om.   

Ja, for kven vil ikkje ha meir av Jesusmøtet og trua sine sentralnøklar? 
Å tåla å møta meg sjølv med eit ærleg blikk. 
Å møta Jesus med ei forventning som vil ta imot. 
Å møta andre sitt blikk med ei glede du vil dela. 

Powered by Cornerstone