Å vera i sitt ess
Konfirmantpresentasjon 13.sundag i treeining 2025 - Joh.15,13-17

Å vera i sitt ess

Ei helsing inn i stressa liv.  Du er elska!  Ikkje for det du gjer, men for den du er og han du får vera venn med.  Du treng ikkje skapa deg, for du er allereie skapt. 

Oppegåande konfirmantar tåler vel å starta konfirmasjonstida med to ord på latin.  Nå får de dei.  Det eine ordet er esse og det andre er posse.  Esse er det same som me har i uttrykket å vera i sitt ess.  Når me er i vårt ess, då boblar det inni oss og lyser av oss og rundt oss. Då er me oss på det beste. I vårt ess. Esse. 

Esse
Nokre av dykk er i sitt ess når de får putta mål på håndballbanen og fotballbanen.  Andre er i sitt ess til musikk.  Å dra trommevirvel og gitarriff, tangentar eller fløyte.  Tolka eit musikkstykke på eige instrument.  Eller til ein dans – eller bare lytta, med god propp i  øyra.  Nokre er i sitt ess når dei får trø på gassen eller mekka eit kjøretøy.  Nokre når dei får vera sjef og leda, andre når dei slepp og heller blir leda.  Nokre er i sitt ess på scenen, andre når dei får vera anonyme.  Nokre når dei snakkar, andre når dei tenkjer og skriv.  Det er ein deilig følelse å vera i vårt ess.  Det vert det energi og gleda av. 

Posse
Det var litt om esse. Om posse skal eg fortelja ein historie.  Han er godt kjend frå før.  Om Frans av Assisi.   Frans var rik.  Son av ein rikmann.  Gjekk kledd i kostbare kappar og vakre smykker.  Rik og populær. Ein slags Erling i 1200-talsutgave.  Bare at han var ungkar – og attraktiv!.  Frans kunne godt slå seg på brystet og ropa: ”Nå er eg i mitt posse.”  Posse som betyr makt og mulighet.  Same ord som me finn igjen i potens og posisjon og potensiell.  Å vera i sitt posse var å stå der med verda og framtida for sine føter, i posisjon til alt, med alt som ligg til rette for å ta ut potensialet sitt. I moderne språk og tankar: Du kan verta akkurat kva du vil.  Den beste utgaven av deg sjølv står og ventar på deg!  

Men Frans var likevel ikkje lukkeleg.  Han tenkte: ”Kvifor har eg det ikkje betre, når eg har det så godt?” Velstand og posisjon ga status utover til andre, men ikkje innover i eige hjarta.  Ein dag innsåg han at det å vera i sitt posse, førte til tomt liv.  Han innsåg det som den store kyrkjefaderen Augustin fann ut når han sa:  ”Du har skapt oss til deg, Gud, og hjarta vårt er uroleg inntil det finn kvile hos deg.” 

Verdien min
Etter år med posse og potensial avslørte Frans det store bedraget, reiv av seg si tunge og kostbare kappe, og begynte å leva enkelt.  Nå hadde han ei ny sjølvsnakking:  ”Nå er eg i mitt esse.” Som altså er latin og betyr: ”Nå er eg den eg er.” For Frans var dette den djupe gleda, det som makt og posisjon og rikdom ikkje kunne gje.  Å vera i sitt ess er å vera den eg er skapt til å vera, å kvila i å vera meg som Guds elska skapning, sann og ærleg om livet mitt.  Der er verdien min, ikkje i andre sine beundrande blikk og alt eg skaffar meg for å oppnå ein status og posisjon å posera med. 

Jesus snakkar  i dag om det aller største, om kva som er den største kjærleiken, kva eg og du mest av alt skal elska. Og historien om Frans minner oss om å leva livet i vårt esse og ikkje i vårt posse. 
Jesus seier det slik: ”Eg har valt ut dykk – ikkje de meg”… 

Kjempebudskap!  Jesus har valt oss ut til å vera i vårt ess.  Han har vald oss ut til å vera hans og dermed oss sjølv.  Aldri er me meir oss sjølv og i vårt ess, enn når me veit at me er elska av Jesus og følgjer han.  Han kallar oss venner. Orda bare boblar fram frå bibelteksten denne sundagen. Ord av Jesus: "Du er elska.  Du er venn.  Eg har gitt livet for deg. Eg har valt deg ut og kalt deg ved navn, du er min.  Ver i min kjærleik." 

Ungdata
Kvart år går den store Ungdataundersøkinga i Norge.  Kva tenkjer ungdommar om livet og framtida? Kva syns dei kjenneteiknar samfunnet dei lever i? 
For tida melder mange at dei er godt fornøgde med livet og familien og har tru på framtida.  Men eit av dei vonde hovudorda ungdommar melder er STRESS.   Og dette er stress dei ikkje bare ser rundt seg, men kjenner på kroppen.  Halvparten melder det.  Og mange av dei oppfattar seg som kronisk stressa.  Det er visst t spørsmåla som står der og pirkar konstant på innsida: 
Er eg god nok?  Kva tenkjer andre om meg? 

Og når mange alltid er online og er på søk etter andre sin respons, ikkje bare i eit ansikt, men i det som driv og poppar opp på mobilen, så vert det ingen pause på dei to spørsmåla. 
Er eg god nok? 
Kva tenkjer andre om meg? 

Og skulle me klara å frigjera oss frå meldingar frå skjermen og suget etter andre sin oppmerksomhet, så kjem fort krava trillande likevel, til å prestera godt nok. Ytre forventningar aukar når me vert vaksne.  Draumar og krav inni oss vert lett grådige.  Me skal helst vera ekstremt gode i mest alt.  Trur me lett.  Vil me lett. 

Du er elska
I dag fortel Jesus oss noko mykje betre, og det er kyrkja sin gåve inn i konfirmasjonstida.  Ei helsing inn i stressa liv.  Du er elska!  Ikkje for det du gjer, men for den du er og han du får vera venn med.  Du treng ikkje skapa deg, for du er allereie skapt.  Du treng ikkje streva konstant med å finna deg sjølv i andre sine responsar og bilde.  Du er allerede skapt i Guds bilde.  Ikkje til eit perfeksjonistisk monster som skal leva livet overlykkeleg, sjå ut som drømmeprins og drømmeprinsesse, gjera den karrieren og verta evig huska på jorda.   

Det er nok å vera deg.  Det er nok å vera vanleg. Med raus tabbe-kvote. Det er nok å vera den som Gud har skapt deg til.  Heilt unik så du ikkje treng kopiera noko eller nokon.  Heilt vanleg, ein av alle hans skapningar som er akkurat like mykje elska alle i hop! Elska av Gud, frå me er døypte, mens me veks til, mens det er litt kaos i tankar og hormoner, mens me lever og ber frukt i verda. 

Å vera i sitt ess
Høyrde de kva Jesus sa i evangeliet i dag.  Den gode vegen er ikkje å stå på for å konkurrera ut andre eller fortena andre si beundring. Ikkje posse, bare esse.  Bare vera heilt grunnleggande elska.  Å leva i det glitrande livsprosjektet å setja andre før seg sjølv.  «De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre.» 

Frå dåpsdagen og i konfirmasjonstida og resten av livet skal alle bare vita:  Du er utvalt av Jesus.  
Han har sett deg til å gå ut og bera frukt, frukt som varer. 
Å vera i sitt ess, er å vera så mykje seg sjølv, at det mest naturlege i verda er å vera noko for andre. 
Då blir det liv!  Å vera i sitt ess, ikkje i sitt stress! 

Powered by Cornerstone