Kyrkjevegen
Kyrkja står i enden av ein veg. Ho er målet. Vegane fram til kyrkja snor seg frå områda der folk soknar til kyrkja. På vegen mot kyrkja går folk, dei vert frakta av hest og vogn, syklar eller kjører bil, alt etter kva tidene har kravd og korleis vegane var rusta og lagt, gjennom kjelver, kulturbeite, hei, grindar og steingjerde, i sti og grus og asfalt.
Kyrkja stå i alle fall i enden av ein veg. Klokkene lokkar og kallar.
Min veg til kyrkja var kort. Frå vindua på gutteromet på Løge såg eg rett ut på kulturbeitet «kyrkjehagen», der sagn og folkemunne ymta at tømmeret til kyrkja ein gong låg. Det er visst fleire slike sagn rundt om i Norge. Kyrkja står nå på Time, og kyrkjevegane går til Time kyrkje, så langt tilbake som historien foreløpig vil opna seg.
Kyrkja i enden av ein veg
Kyrkja står i enden av kyrkjevegane, og i den foreløpige enden av ein lang historie prega av kristen tru. 900 år for bispedømmet, lenger frå dei første munkane og kristne kongane og steinkorsa og lovverket på Mostertinget for 1000 år sidan.
Å måla ut kva kyrkja har betydd for samfunn, bygdeliv og enkeltpersonar skal godt gjerast. Men påvirkninga er enorm i måten me tenkjer og trur, samlast og vernar om kvarandre med etikk prega av nestekjærleik.
Kyrkja står og vitnar i enden av ferdavegar og historiske vegar, men også i enden av konkrete liv. Ho er kransa med livshistoriar. Gravene held minnene i hevd. Me får tru at orda og tonane i gravferd og avskjed aldri vil missa si kraft. Dei høynar ein takk for dette forunderlege livet, dei ber oss i tung sorg, dei hjelper oss til å sjå framtid og håp.
Kyrkja i starten av ein veg
For kyrkja står ikkje bare i enden av ein veg. Ho står i starten av ein veg. Neste etappe er nå.
Eg veit det. Eg er døypt i denne kyrkja, konfirmert her, gjekk første gong til nattverd her, fekk syngja i ungdomskor her, vart gift her, fekk førebiletet i prestar her, vart presteordinert her, og har vore tett på mine og andre sine sorger og gleder som prest her. Alltid då har kyrkja stått i starten av ein veg. For meg og for alle som trør inn i dette skipet, som alltid fører segl. Me kom frå ein plass, frå eit liv, me fèr til ein plass i våre liv. Kyrkja er både mål og rasteplass og startstrek. Anten me står med gledetårer rundt døypefonten, med framtid i blikket i konfirmantkappe, eller med ring på fingeren, i kvardagen sine kampar, eller i avskjeden med ærbødig takk
Kva gjer ikkje dette bygget med sansen både for historie, nåtid og framtid? Ho er den lange linja å leva i. I noko kan ho gjera meg klok. I noko kan ho gjera meg ydmyk. I noko kan ho hjelpa meg å takka – i noko å trygla og be. I mykje kan ho fylla alle sansar med ei kjensle av å høyra til. Eg er ikkje åleine. Eg høyrer til i fellesskap, med dei som har levd, med dei eg møter, med det eg skal møta framover.
Kyrkja midt på vegen
Kyrkja står i enden av ein veg, i starten av ein veg, og midt på vegen. Den vegen som er vår veg til Gud og til dei andre som kjem til kyrkja. Den vegen som er Gud sin veg til oss. Guds hus, Guds veg, med å gje tru og livsmot, byggja liv og fellesskap, kultur og samfunn.
Ja, kyrkja kan gje meg den tonen som kjem til meg, den som kan vera vegen ut og vegen fram: å leva med ei tru, å bera eit håp, å sjå livet og andre med kjærleik. Treng me så fælt mykje meir?