Å ta i veg
Kveldsgudstenesteserie 18.sundag i treeiningstida - Mark.1,40-45

Å ta i veg

Det er mykje i tida og mykje i eit liv me kan ta på veg for!  Men det er viktigare å ta i veg!  Bruka føtene. Gå. Gå det av seg. Gå noko nytt på seg. Oppsøkja. Leita. Vera på vandring, på ein veg som er god å gå, og mot eit mål som er godt å gå imot

Denne hausten tenkjer me på å vera pilegrim mellom tradisjon og trendar. Overskrifta i kveld er: Ta i veg.  Kva møter du? Kven møter du? Kva gjer vegen og møta med deg?  Me får tankar for noko å verta kjent med, og mat for noko å utforska.  Å ta i veg er ope.  Det finst ulike måtar og vegar og folk på vegen.  

Utanforskap
Det er viktig at denne kvelden ikkje kjennest ekskluderande, men inkluderande.  I dagens evangelium er dette superviktig.  Jesus ekskluderte ikkje.  Han let ikkje folk kjenna seg utanfor.  Det viktige han var og kom med, skulle i alle fall vera for dei som av ulike grunnar var sett utanfor eller kjente seg utanfor. 

Slik som ein spedalsk var. Den tida sitt verste utanforskap. Stadig meir forverra sjuk og utestengt. Det gjekk bare ein veg. Nedover! Finst det eit høgare ønskje enn å verta helbreda og rein?  Å ein dag få leva normalt i hop med andre og tru at eg er elska av Gud? 

2 måtar å møta livet på
Ver med på ei lita filosofering om 2 ulike måtar å møta livet sine slag og utfordringar på.  Den eine er å ta i veg.  Den andre er ta på veg.  Den eine er å ta i veg mot noko.  Den andre er å ta på veg for noko. Å ta i veg er ytre, fysisk, konkret og ofte beroligande. Å ta på veg er indre, psykisk, teoretisk og ofte oppskjørta. 

Det er mykje i tida og mykje i eit liv me kan ta på veg for! 
Må det ikkje derfor vera ennå viktigare å ta i veg!  Bruka føtene. Gå. Gå det av seg. Gå noko nytt på seg. Oppsøkja. Leita. Vera på vandring, på ein veg som er god å gå og mot eit mål som er godt å gå imot.   

Å ta i veg
Å ta i veg kan vera som ein slags pilegrim.  Eller det kan vera i ein annan truspraksis som tek meg inn i det konkrete og vekk frå tankekjør.  Ta i veg, ikkje på veg. Eg trur me treng det meir! 

Det er denne type vandring me møter i evangeliet i dag. Ein mann tek i veg. Eit utanforskap søkjer relasjon. Føter går heilt fram til målet. Sig på kne. Kjem med bønna om hjelp i det verste å leva med. 

Etter bønna fortset han å ta i veg.  Mot dei som kan bekrefta og sanksjonera det nye livet. I veg mot dei andre.  I veg med ein takk som sjølv Jesus sine strenge ord ikkje klarer å stoppa.  

Å bli møtt
Og det finaste er at det ikkje berre er han som tek i veg.  Jesus er alt i veg mot han.  Den lengselen som er mennesket sitt adelsmerke, møter lengselen hos han som er Gud med inderleg medkjensle på jorda.  Den lengselen som lir av utanforskap, møter den lengselen som brenn etter å gje fellesskap og nytt liv.  Å ta i veg mot Jesus er å møta han som alltid er i veg mot meg.  Slik er det i alle fall mykje betre grunnar til å ta i veg enn å ta på veg. 

Me sit eit kyrkjerom med mange erfaringar på dette. De har dykkar, eg har mine.  Nokre nokså kortreiste pilgrimsvandringar vil alltid leva i meg.  Den første på jærkysten på olsok før eg noko skjelvande skulle starta her i Bryne i 2008.  Den siste langs heile kyststripa frå Eigersund til Stavanger domkirke denne sommaren. Det var ikkje ein ting å ta på veg for.  Berre å vera i veg. 

Så: Ta i veg og møt han som kan og vil alt, med inderleg medkjensle.  Og ta i veg til andre med ein takk som er mykje djupare enn alt det eg kan verta distrahert og oppskjørta og ta på veg for. 

Powered by Cornerstone