Blikket frå Far som ventar
Me har høyrt ei forteljing. Ho er gripande. Knakande god. Til alle tider kan me kjenna oss igjen, og verta overraska! Dette er ei kjerneforteljing i Lukas sitt evangelium. Ho begrunnar at Jesus sit til bords med tollarar og syndarar, og ho utfordrar dei skriftlærde og farisearane sin måte å vera sjølvrettferdige på
Forteljinga står seg. Med stor psykologisk innsikt teiknar ho opp kva livet går i, desse livsviktige relasjonane me har til oss sjølv, til andre, til Gud. Og det verkeleg store er måten denne forteljinga skildrar Gud på. Ein far som aldri sluttar å vera far.
Samtale om Nouwen-bok
Me tenkte mykje på dette i soknerådet då me snakka om teksten og preika og planla denne gudstenesta. Nokre i gruppa hadde lese Henry Nouwen si bok "Den bortkomne sønn vender hjem”, med utgangspunkt i det berømte maleriet til Rembrandt. I boka fortel Nouwen korleis han i fasar identifiserte seg først med den yngste sonen, så med den eldste, og til slutt med faren. Den store overraskinga er, i følgje Nouwen, at det ikkje er å koma heim som er målet. Målet og poenget med Jesus si forteljing er å bli som faren.
Så kanskje me denne sundagen berre må gå rett til fars blikk. Far som ser sine søner, og døtre, med det kjærlege blikket, same om dei er heime, langt vekk, på veg heim, i Far sine armar, i fest eller kvardag, om det er kort tid, eller lenge og alltid, i heimen hos Far.
Kyrkjefellesskapet si kjerneforteljing
Ein vanleg måte å lesa, høyra og tolka forteljinga på, er å tenkja individuelt. På min veg vekk frå, heim til og heime hos Gud.
Denne sundagen har eg lyst at me kan tenkja litt meir kollektivt. Høyra kva Jesus seier til oss som kyrkjefellesskap. Kyrkja er jo Kristi kropp. Å bli som faren i forteljinga er, med Paulus sine ord om Kristi kropp, å sjå med Jesus sitt blikk, høyra med hans evne til å lytta, snakka med hans stemme, merka med hans hjarta, tena og omfamna med hans hender, og gå andre i møte med hans føter.
Det er ikkje nytt her å tenkja slik. Me likar å kalla Brynekyrkja for Den opne famns kyrkje. Me seier me vil vera ei kyrkje for gode relasjonar. Forteljinga om far som ventar med open famn, er Brynekyrkja si kjerneforteljing. Det er oss det handlar om.
Kor mange er me? Godt 100 i dag? 3-4 gonger fleire som går rimeleg fast på gudstenester? Mange brukarar i vekekvardagar. Kor mange totalt? 7.500 medlemmar?
Far sin draum
Nå spør eg: Kva inneber det å bli som faren for oss som kyrkje? Må det ikkje vera ein draum, eit ønskje, om at alle Fars barn kjenner seg heime og høyrer heime og er samla heime i Farshuset? Å vera Kristi kropp, med Paulus sine ord. For Jesus sitt mål og oppdrag er at alle folkeslag og alle slag folk skal gjerast til disiplar. Gud Far står visst med speidande blikk etter kvar einaste ein som kjem vekk frå heimen sin. Og Gud minner kvar einaste heimeverande om at: "Alt mitt er ditt!"
Heile familien samla i Fars hus er Guds visjon og draum. At alle Guds barn får nå målet Jesus har gjort i stand, det han kallar Fars hus med dei mange rom.
Dåpsglede
I dag har me sett fram døypefonten. Me oppfordrar til å stoppa ved døypefonten i den delen av gudstenesta der me kan vandra rundt til bønn og skriftemål. Der kan du dyppa fingrar i dåpsvatn, teikna korsteiknet i panna, eller få det teikna i handa di og verta minna om dåpen si gåve. Du er døypt, men du er ikkje åleine! Du er døypt inn i ein familie. Kyrkjefamilien på jorda. Kristi kropp som sprenger alle grenser i tid og rom.
Sjå nå litt godt på døypefonten! Dei fleste av oss har stått der med vår eigen vesle eller eit fadderbarn. Der har me fått overlata våre i Far sine armar. Me har kledd dei i dei finaste kleda som finst. I Jesus si reine, kvite rettferdsdrakt. I åndeleg forstand har me trulova dei til Gud med usynleg ring på fingeren. Du, som er mitt elska barn, er nå også Guds elska barn! Dei små føtene deira treng ikkje sko ennå, men me har bedd og håpa at dei skulle gå på vegen som følgjer Jesus, at dei ein dag skal overta ansvaret for Farshuset slik det er her på jorda.
Gud sitt store mål og ønskje - og kyrkja sitt - er at kvar einaste døypt får leva og veksa i den kristne trua. Fars blikk har ikkje råd til å missa ein einaste ein.
Kyrkjeleg undervisning og læring
Den opne famns kyrkje har mange strategiar og tiltak for å bli som faren og samla alle heime i farshuset. Ein stor plan og fleire. Dei er noko me bed og arbeidar felles for. Det er ein gåve å vera Brynekyrkja! I nasjonal og global målestokk held me på med noko heilt fantastisk! Tenk på dette: Familiar søkjer dåp i ein skala som liknar på Gud sin draum om alle samla i heimen. Det er vår kyrkje som tek dette så gledeleg på alvor at store ressursar i bønn, planlegging, kreativitet, nådegåver, trufast teneste, frivillige, tilsette, kveldsarbeid, innsamlingar, julemesser og giverteneste trør til for at alle desse døypte skal få opplæring i trua, læra Gud å kjenna og finna sin plass i kyrkja. Systematisk og samanhengande frå 0-18 år. Dette er ei gåve i tida og i byen. Ei gylden tid i historien. Og det er vårt store, store ansvar å forvalta med truskap og visdom.
I dag er det godt å kjenna på visjonen i botnen. Her står Far med open famn og ventar. Her står festdøra open!
Å bli som faren er å dela draumen.
Ærlege realistar
Å bli som faren er også å forhalda seg ærleg til situasjonen.
Ein son vil ha arven på forskot. Uhøyrt, men han får han.
Ein son vil langt vekk. Lite smart, men han får fritt reisa.
Far elskar så høgt at han set fri!
Kven kan slikt? Ingen. Men me kan be om å bli meir som faren.
Dette året også kjem det 100 konfirmantar til kyrkja si. I tillegg til det dei har fått før, får dei eit år til å oppdaga og læra. Og me alle får mykje av desse fine ungdommane! Det er gleda i situasjonen. Far si glede.
Når året er over, har me også ei sorg i situasjonen. Far si sorg. Den store prosenten er ikkje særleg synleg i kyrkja lenger. Tek dei også ut arven til eit liv utan Gud og tru? Det veit me ikkje alt om. Tru finn utløp i andre fellesskap. Mykje tru kan vera skjult og på leiting, og me er ikkje ei sjølvrettferdig kyrkje som gremmer oss over andre. Vår kyrkjedør er på vidt gap, og gleda er stor over dei som kjem, og dei som held trua, håpet og kjærleiken levande utanfor kyrkjedørene. Men me er også realistar som vil sjå situasjonen i auga. Me må ærleg sei at Kristi kropp saknar lemmer, og at Farshuset på jorda ikkje er fylt opp av alle døypte – og truande.
Å bli som faren
Å bli som faren om dette? Ja, det må vel vera med ei sorg? Sjølv om Jesus si forteljing ikkje dveler ved sorga. Det er heller undrande kor roleg faren held seg. Ingen maktbruk mot ein son som ikkje veit sitt eige beste. Heller ikkje sjølvgransking og svartblikk mot sin eigen rolle. Berre det ventande blikket: “Eg trur han kjem. Når han kjem, skal han sjå meg ventande.”
Me kan ikkje klara å bli heilt som faren. Me må nok sjølvgranska noko meir. Analysera vår eigen rolle i at søner og døtre vert bortkomne, anten frå kyrkjefellesskapet eller frå det gode livet eller begge deler. Det kan vera rett og godt å setja ord på konkrete synder. Men ikkje dvela ved ullen skam og dårleg blikk på oss sjølv. Det snakka me om i soknerådet. Då vil me ikkje likna faren.
Korleis liknar me faren?
Jau, aller best ved å kjenna Far sitt gode blikk. På meg. På eit kyrkjefellesskap her i denne byen. Å kjenna Far sitt gode blikk er å forundra seg over han som ser med kjærleg blikk, fullt av nåde, både på ein frynsete bortkomen og ein heimeverande som tenkjer seg for mykje som slave og altfor lite som elska son. Begge to, ja oss alle, vert hanka inn til den identiteten som er den viktigaste å bera på. Å vera Guds barn. I heimen min. Å vera elska og gjenstand for Gud si ufattelege glede.
På heimveg
Sjå at Far står og ventar. På ein bortkomen ventar han med uhøyrt nåde. På ein heimeverande ventar han med fantastisk meining over kvardagen: «Alt mitt er ditt!» På begge ventar han med fest, og eg treng det alt, for eg er både bortkomen og heimetuslande i den gamle tralten.
Me skal på heimveg i dag, bortkomne og heimeverande. På veg til far. Me skal gjera det i felles bønner. Du kan sitja eller gå rundt i kyrkjerommet med di eiga bønn. Du kan knela i Fars hus med ein hånd på aksla og få synd tilgitt. Gleda sin ord frå Far som elskar. Det kan vera utruleg sterkt!
Å bli som faren er å la kjærleik vinna over sorga. Det er å la håp vera vegen du alltid kan gå. På mange slags merkelege heimvegar undervegs mot endeleg heimveg. Ein dag når anger og tru, når sorg og håp, når skam og kjærleik skal møta eit blikk, ein open famn, ein far, ein korsfesta bror for oss. Slik er Gud. Slik er nåden. Å koma heim til fest og glede. Å vera i livet med mest muleg av far sitt blikk i det.
Solosang til Erik Hillestad/Sigvart Dagsland: Då barnå forsvant...