Blikket langt fram og heilt nært
Allehelgensdag 2025 - Lukas 6,20-23

Blikket langt fram og heilt nært

Me treng orientering. For det er vanskeleg å finna vegen for tida. Men Jesusorda har fastpunktet langt fram og gjev veg i det vanskelege: “Sæle de som no græt! De skal le!” 

Jesus seier ord som ingen andre gjer!  Det er vilt vakkert og rått radikalt.  Me kallar det saligprisningar, og har dei i ei rekke på 8 i Matteusevangeliet og ei rekke på 4 i Lukasevangeliet.  Hos Matteus er det starten på den berømte bergpreika.  Hos Lukas kjem dei i ei kortare slettepreike.  4 saligprisningar og 4 verop.  

Det er skarpare og enklare hos Lukas.  Mindre aktuelt å overføra orda frå det konkrete til noko meir åndeleg, slik det virkar i Matteusevangeliet, som seier: «Sæle dei som er fattige i ånda.» Lukasevangeliet seier: «Sæle de fattige, de som no svelt, de som no græt, de som blir hata….» 

Kva er så sælt og fint med det?  Jau, det er håpet og løftet om endring, om framtid, om svolt som vert metta, gråt som vert latter, hat som vert himmelglede.  Slik er det å eiga Guds rike, få det gitt og tilsagt av Jesus.  Midt i det vanskelege her og nå løftar han opp lengselen etter det som skal koma og snu alt. Me er meir enn me trur.  Me er meir enn det me erfarer nå. Noko eig me alt nå. 

Orientering
I gudstenestegruppa har me hatt ein fin samtale om dette.  Ein av oss hadde eit godt bilde.  Det er vel som orientering, sa han.  Du skal finna fram i terrenget.  Brukar du kompass og eventuelt kart også, så tek du ut kursen. Med auga festar du blikket langt fram.  Der skal eg.  Når du har retninga og det faste du kan festa blikket på, så er det enklare å finna vegen.   

Ja, me kan vel sitja her og sjå det føre oss. At blikket langt fram gjer det lettare å sjå ærleg og klart på det som foten trør i akkurat nå. Eg skal ikkje gå meg vill. Eller trø meg ned i ei myr. Eg skal ikkje plent gå beinleia etter kompasset og fastpunktet der framme.  Eg kan finna den enklaste og beste vegen frå her eg faktisk nå er. Kanskje ein sti?  Kanskje det er lurt å ta ein omveg og ta hensyn til landskapet og kva føtene mine har godt av – og dei andre eg har å gå i hop med.   

Orientering altså.  Det er eit godt ord.  Ærleg om der me er. Fullt av håp om der me kan koma.  Høyrer de kva ordet kjem av? Orient-ering. Som betyr å snu seg mot aust. Orient er jo aust.  Soloppgangen. Retninga som altaret i dei fleste kyrkjebygga står. Retningen minner om Jesus som sto opp av grava i soloppgangen. Og kristen gravferd og graver er orient-ert mot aust. Mot den evige sola i oppstandelsen sin morgon. Me treng orientering. For det er vanskeleg å finna vegen for tida. Men Jesusorda har fastpunktet langt fram og gjev veg i det vanskelege: “Sæle de som no græt! De skal le!” 

Jesus-orientering
Nå skal de få eit godt, lite reknestykke for dagen:  Realitetsorientering + himmelorientering = Jesusorientering. For dette er den store evangelieskatten.  Når du får festa blikket langt fram og heilt nært, så er Jesus begge plassar.  Han er der med nærvær og ord som løftar opp her og nå. Han står der og tek imot deg i paradiset sin port.  Jesus er begge plassar, og eg kan vera ærleg om alt livet har å kjempa med, og gle meg til dagen då alle kampar er veksla med evig seiersrus. Framme! Heime! 

Eg brukar ordet eg, men meiner vi og oss.  Allehelgen er det største fellesskapet av alle.  Over alle grenser går det.  Nokre har gått føre, nokre kjem etter, nokre saknar me, nokre takkar me for. Mange vil me vera solidariske med, for dei trør ikkje i velstand og velferdssamfunnet sine sorger, men i krater og ruinar, avsvidd jord og overfløymde strender, i redsel for diskriminering og svolt.   

Så det er ekstra fint at me skal få Misjonsvindu frå ein del av den verdensvide kyrkja i kamp og trusfellesskap på tvers av skiljelinjer og midt i store utfordringar. Nokon me kan støtta.  Solidarisk orientering. Frå midt-Orienten til og med. 

Eg skal oppsummera. Eit orienteringskompass for dagen: 

Saligprisningane
For det første: Jesus sine disiplar er adressa i evangelieorda. Dette er ord til dei som vil følgja han og lytta til han.   

For det andre:  Livssituasjonen til disiplar kan vera hard og vanskeleg. I alle tider og generasjonar har folk sørga og sakna, gått rundt med salte tårer og tomme magar, eller kjent på hat og diskriminering og vorte utstøytte av familie og nettverk.  Tru og liv kan kosta mykje, og det kan vera vanskeleg å sjå framtid.   

For det tredje: Saligprisningane er håpsord til disiplar som har tronge kår å leva under. Situasjonen skal snu! De har jo del i fellesskapet over alle grenser. Guds rike er dykkar. Guds rike kjem med mette magar og latter og glede og stor lønn i himmelen. Dei som har gått føre, er der nå, og me på veg. Blikket langt fram og heilt nært. Det evige har begynt alt nå! Me eig det i håpet! 

For det fjerde ligg det noko gøymt i ordet sæl, salig. Noko me ikkje høyrer så lett i vår tid. Eg håpar jo at eg er ein av dei salige på Bryne stadion seinare i dag.  Salig er helst ord for lykkefølelse, ei nyting me vert heilt oppslukte av. Eit salig smil ligg tjukt utanpå oss. Ofte er det kortvarig. 

I Bibelen er ordet salig mindre følelsar og meir knytt til noko Gud har gjort og gjer.  I dag er det Jesus sine ord som gjev orientering: “Sæl er du...!” Blikket langt fram, og blikket heilt nært på det du møter og dei du høyrer i hop med.   

Fellesskap over alle grenser
Me trur med dagen sine bibeltekstar og salmar at Jesus skal koma med det fullkomne gudsriket, utan å vita tida for det. Me trur at Jesus vil vera der når det tunge rammar oss. Me trur at me er salige i håpet og midt i det som skjer. Me trur at Jesus vil vera der når døden lukkar auga våre. Me anar det på forhånd og helsar det. Landet utan vald, byen utan murar, natta med sterkare lys enn månen og dagen med betre lys enn sola. Sørgjedagane er over. Del i eit fellesskap over alle grenser. Slik har Jesus sine disiplar det. Dei er salige. Orienterte. 

Powered by Cornerstone