Gleda over håpsbarnet!
4.sundag i adventstida 2025 - Lukas 1,46-55

Gleda over håpsbarnet!

For noko heng i hop her. Noomi med ein gutt på fanget, Maria med ein gutt i magen, og to ferske guttar på fang her i kyrkja.  Alle er håpsbarn. Alle høyrer til i ei slekt, og dei er framtida for ei slekt.

Me er veldig nær jul nå.  Rett før. Tett på.  Så dette er dagen for det som er nært.  For hendingar som grip, for erfaringar som tek tak, for takk som må få eit uttrykk. I Bibelen er det eit ord på slikt: Lovsang. Takk til Gud, i sang og poesi.  Bibeltekstane i dag er fulle av slike lovsangar.  Når det som Gud gjer, vert heilt nært og personleg, då stig lovsangen opp til Gud.

Den største tenesta
I dag er det Maria. Den unge jenta. Gripande erfaringar føder ein lovsang før den fysiske fødselen skal i gang. Ho har hatt besøk av engelen Gabriel.  Høyrt at ho har funne nåde hos Gud.  At ho skal bera Guds son inn i verda. Med skjelvande stemme seier ho seg villig. Ho vågar å tru at ingenting er umuleg for Gud. Snart skundar ho seg til ei modnare kvinne, slektningen sin Elisabeth. Ho treng å snakka, å bearbeida den store beskjeden og dette underet som veks i magen.
Der får ho bekreftelse og støtte av Elisabeth.  Orda er store: ”Du har fått den største tenesta ei kvinne kan få.

Maria sin lovsang
For Maria vert dette så sterkt at ho måtte takka Gud.  Ho syng ein lovsang. Så sterk at han bare har fortsett å leva, spreia seg, halda fram.  Maria sin lovsang, magnificat, er tatt vare på i Lukas sitt evangelium, sungen og bedd opp gjennom heile kyrkja sin historie. Han har lokka komponistar til musikkverk, er fast innslag i klostera sine daglege tidebønner, og kyrkjene sin Aftensang.  Ja, lovsangen formar stadig hjarte, han pregar det me trur om Gud og framtida, og kva verdiar som er verd å heia på og følgja.

Me snakka litt i gudstenestegruppa om kva det var som “fødte” sangen hos Maria.  Noko hadde hendt og bare bobla over?  Eit øyeblikk fylt av Guds ånd?  At alt er muleg for Gud?  Og sjølv om Maria var ung, var ho opplært i skriftene, kjente poesistoffet i Salmane si bok og i fromhetsbevegelsen ho tilhøyrde.  Og så kom det berre, i ein kjent sjanger.  Når Gud greip inn personleg i livet hennar, når ho skulle føda Guds Son, då fødtes lovsangen først.

Gud lyftar opp dei låge, syng Maria.  Han ser dei små og gjer store ting mot dei.  Slik opplevde Maria det i sitt liv.  Ho har erfart det.  Ho er sjølv ein av dei små, ei anonym ungjente i ein bortgøymt liten by som heiter Nasaret. Men nå skal ho verta mor til Guds son!  Oppgradert av Gud som lyftar dei låge opp.  Ho har erfart det og trur at slik er Gud overalt og til alle tider.

Adventsmessa "Fest i Guds hus"
Maria var her i kyrkja sist helg. I Eyvind Skeie si adventsmesse “Fest i Guds hus”.  Det vart litt av ein fest for 350 i kyrkja. Dans, barnekor, vaksenkor, orgel og 4 proffe blåsarar.  Magisk fest. Stjerner i augene, fuktig under dei, og nakkehår som reiste seg.  Ei overveldande sanseleg, musikalsk og budskapsmessig oppleving.  Det kom så nært og tett på oss.  Og der kom Maria til Elisabeth. Med klokkeklare stemmar song dei:

Nå priser vi Herren, vi opphøyer ham
som bærer det hellige navn.

Han metter de sultne, ja alle de små
blir trofast tatt inn i hans favn.”  

Å byssa eit barn
Me må kjenna litt på dette.  Byss eit barn i armen!  Så lite at du må halda oppe hovudet og beskytta.  Kom an!  Det skal ikkje meir til, så kjenner du at livet er eit under. Det vert nært. Du har sjølv vorte byssa.  Du har hatt dine å ta deg av.  Veit kva det er å vera mor eller far eller søster eller bror eller slektning.  For de som har dåp, er det heilt nært.  Så kort veg til takken.  Lovsangen så nær.

Maria begynte før gutten sine spark i magen kunne registrerast. Ho såg livet sitt i hop med det som Gud hadde gjort til alle tider.  Ho tolka si forteljing inn i bibelen si store forteljing.  Gud er trufast. Gud held ord.  Det som folk har lengta etter i lange tider, det skjer nå i Maria sin mage.  Det må bare lyftast fram gjennom Maria sin munn. 

“Han metter de sultne, ja alle de små
blir trofast tatt inn i hans favn.”

Det same hadde den gamle kvinna Noomi gjort mange hundre år før.  Ho sat med Rut og Boas sin nyfødde gutt og la han på fanget.  Det vart så nært.  At Gud var trufast.  At ei plaga gammal kone hadde fått framtid og håp, vorte fostermor, når alt anna var tapt.

Håpsbarnet i Ruts bok
De må gjerne lesa håps- og kjærleikshistorien i Ruts bok. For Noomi hadde mista alt.  Flykta til nabolandet i uår og elendighet.  Mista mannen sin der, så begge sønene.  Nedbroten og åleine vil ho heim til Betlehem og enda sine dagar.  Og så får ho fylgje av Rut, svigermors draum.  Lukka smiler igjen.  Gud kjem med velsigningar og gleder etter mange år med motgang.  Livsmot i alderdommen, ho er fostermor med ein gut på fanget.  Alt kom så nært.  Noomi med ein fosterson.  Rut med ein mann og son.  Ho som hadde vore ein fattig utenlandsk flyktning som plukka kornrestar på ein åker. Nå vert ho, skal det visa seg, oldemor til kong David og berar av slekta som Jesus skal verta fødd i.

Og poesien og lovsangen blomstrar, slik det er i bibelen, slik det er der Gud grip inn og rører ved oss.

Sjå verda med Maria sitt blikk
Eg lurer på om me treng desse forteljingane ekstra sterkt nå rett før jul.  For nokre gruar seg fælt for det vanskelege som vert så forsterka i møte med dei mange si glede.  Kva med å møta jul med Maria sin lovsang? Anten me har god forventning eller vond uro i oss: Sjå verda med Maria sitt blikk, det som ber i seg Gud sitt blikk.  At dei svoltne vert metta med gode gåver og dei rike skal stå med tome hender.  Det er ord til oss om å dela, om å vera gjestfrie, om sjå det som skjer med Maria sine auge.  Den store gleda lyftar opp dei låge.  Ho gjer det nå.  Ho gjer det gjennom gjestfrie, varme hjarte.  Ho gjer det ved verda og tida sin ende.  For Gud lyftar dei låge opp.

Gleda over håpsbarnet
Me har sett opp eit tema for gudstenesta i dag: Gleda over håpsbarnet.  For noko heng i hop her. Noomi med ein gutt på fanget, Maria med ein gutt i magen, to ferske guttar på fang her i kyrkja.  Alle er håpsbarn. Alle står for dei lange linjene i slekta. Dei høyrer til i ei slekt og dei er framtida for ei slekt. Alle er håpsbarn som ber ei stor glede med seg.

Og så er det denne eine gutten. Maria sin, som er håpsbarnet for oss alle.  Han er ikkje begrensa til ei slekt. Han er bror for oss alle.  Han er Gud si frelse til oss alle.  Han tek oss i sitt fang når me vert døypte, og når me døyr. Og på vegen mellom dåpen og døden løftar han dei låge opp.  Løftar av oss nederlaga sine bører.  Pustar fred inn i angst og uro.  Dekkar nattverdbord i kyrkja og gjev oss heile sin nåde i brød og vin.  Han er vår bror. Han er vår frelsar.  Kva passar betre enn lovsang på gleda sin siste adventssundag, når alt er så nært og tett på?

Powered by Cornerstone