Jul skaper historie
Juledag 2025 - Joh.1,1-14

Jul skaper historie

Evangeliet er nøye på fakta, for det er fakta som tillit kan byggja på. Både i forankra kristen tru og i samfunnsmessig nødvendig tillit. Det er faktiske hendingar som støttar trua på at Gud har vorte eit menneskebarn for å gjera oss til hans elska barn, som kan stola på han og på kvarandre.

Me er midt i verda si beste julefortelling. For ho skaper historie – og forandring.  Det er mitt juledagstema i år. Jul skaper historie. 

På julaften og juledag høyrer me julehistorien fortalt av 2 evangelistar.  Lukas gjev oss detaljane, det konkrete bildet som er så festa inni oss og i ein kunsthistorie uten sidestykke: Keisar Augustus og manntalet, Josef og Maria til Betlehem, fødselen, barnet i krubba, gjetarar på marka, englebeskjed og englesang. Kvart år ny her i kyrkja gjennom skuleelevar sin kunst. 

Johannes fortel avgjort ikkje detaljar, men teiknar opp dei lange linjene, skisserer opp det store overblikket: skaping og frelse, tid og evighet, lys og mørke. 

Desse to fortel julehistorien kvar på sitt vis.  I dag tenkte eg at me kunne svitsja litt att og fram mellom dei to.  Grunda på kva type historie dei fortel, kva slags historie julebudskapet skaper.  Ledetråden og disposisjonen skal vera gjetarane sin reaksjon på det engelen hadde fortalt: ”Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, og som Herren har kunngjort oss.”  Den reaksjonen fortel at julebudskapet fører til forandring, skaper historie. Først er det ... 

  1. Faktahistorie 

… ”dette som har hendt…” 
Jul er ekte historie.  Det er noko som faktisk har hendt.  Lukas er nøye på å understreka dette frå starten av: ”Det skjedde i dei …”  Tid- og stadfesta til keisar Augustus og landshøvding Kvirinius.  Faktahistorie.  Den latinske bibelomsetjinga uttrykker dette slik: ”Factum est…”  Det forstår me, om latin elles er ukjent. 

Johannes, ørna av evangelistane, er også klinkande klar på dette.  Om han svevar i høge, i lange og djupe tankebanar, så er det ingen tvil om at dette er faktahistorie, så mykje historie at det vert midtpunktet i historien, punktet som alt før og etter må referera til. Kort og konsist: ”Ordet vart kjøt.  Det sanne lyset kom nå til verda.”  Faktum est. 

Både for små og store er det lett å kjenna at julefortellinga er så flott!  Så levande og malande.  Det Lukas fortel, treff hjarta og førestillingar så det susar.  Det er jo som eit eventyr, den gaven Gud gjev oss i jula, at han vert nummer 3 i ein familie på 2, og kjem heilt inn i enkel kvardag med krybbe og stall.   

Men det er også meir enn eventyr.  Det er evangelium! Det er faktahistorie.  Det har hold i seg. Godt nytt! Det har rett og slett delt historien vår i to. Gitt eit menneskesyn med enorm samfunns- verdi, og eit syn på Gud med djup personleg verdi. Det har snudd opp ned på kva som er viktig.  Keisarar og landshøvdingar huskar me navnet på, fordi det var i deira tid at Jesus vart fødd.   

Kjelde- og faktasjekk
I 2025 vert det drive mykje kjelde- og faktasjekk.  På skular, universitet, presse og dels i politikken. Det trengs. For nokre vil sjå seg tente med plagiat, eller å sjå vekk frå fakta, eller vera selektive på dei, ja, faktisk uinteressert i andre fakta enn dei me ønskjer å pleia i våre eigne digitale ekkokammer.  Det er farleg.  Det bryt ned den tilliten som samfunn byggjer på.  Det set skilje mellom menneske. Det byggjer konspirasjonar. Det skaper ufred på jorda og gjev på ingen måte Gud ære, slik englar syng. 

Det er i direkte strid med evangeliet.  Evangeliet er nøye på fakta, for det er fakta som tillit kan byggja på. Både religiøst i forankra tru og i samfunnsmessig nødvendig tillit. Det er faktiske hendingar som støttar trua på at Gud har vorte eit menneskebarn for å gjera oss til hans elska barn, som kan stola på han og på kvarandre.  

Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt”… sa gjetarane.  Dei trudde at det faktisk hadde hendt, og at det hadde ein spesiell betydning.  Dette som faktisk har hendt, er jo rett og slett frelseshistorie.   

Frelseshistorie
Johannes legg dette fram slik at det mest svimlar for oss.  Tek oss med langt tilbake i tida.  I begynnelsen hos Gud.  Der startar det.  Der var han som skulle få navnet Jesus på jorda.  Der var lys og liv og alt som bare er godt og himmelsk.  Og der begynner det dristigaste du kan tenkja deg.  Gud skaper menneske i sitt bilde.  Gud gjev mennesket frihet til å velja.  Gud gjev avkall på si allmakt og skaper menneske som fritt kan velja om dei elskar Gud eller bare seg sjølv.  Johannes beskriv det uhyrlege at mennesket valde seg sjøl, valde mørket, valde det vonde, valde sine eigne veger framfor Guds veier.   

Kva skulle Gud gjera?  Han kunne jo ha brent seg på det første dristige prosjektet sitt.  Men faktisk velger han ein dristighet som er ennå mykje større. Om friheten vart misbrukt på det grovaste, set det ikkje bom for Guds kjærlighet.  Han elskar så høgt at han gjer det aldeles uhøyrte: Han lar seg fø som menneske. Han vert den mest sårbare og ubeskytta av alle.  Midt i ei verd som har lite toleranse for det som er smått. Midt i ei verd der grusomme ting kan skje.  Midt i ei verd av fødselsmerte og uforståeleg død og glede og sorg som kan veksla og mest sprengja oss sund.  Han lar seg fø som eit menneskebarn, for at alle slags menneskebarn kan verta fødde på ny som Guds barn. 

Når juleevangeliet har klart å omforma historien vår slik at me reknar han frå Jesu fødsel, så er det ikkje bare fordi Jesu fødsel er eit faktum, og ikkje bare fordi Jesus er storleverandør av etiske og menneskelege verdiar, men også fordi ”dette som har hendt” er Gud sin frelsande historie.  Og ein ting til: 

  1. Åpenbaringshistorie 

Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, og som Herren har kunngjort oss.” 

Dette som har hendt er ikkje bare ei taus hending, det er ikkje bare Maria og Josef sin vel bevarte hemmeleghet.  Det er ei kunngjering: ”I dag er det fødd dykk ein frelsar.  Han er Den salva, Herren.”  Englar måtte til for å bringa nyheten.  Ein som var meir enn ein profet rydda vegen og vitna om lyset:  ”Sjå, der er Guds lam som ber verdsens synd.” 

Gud har brote tausheten.  Han sender ikkje bare sin Son, men ein hær av englar som bringer ei åpenbaring frå himmelen.  Hemmelegheten med barnet i krubba vert avdekka, åpenbart, kunngjort. Dette skal alle få vita. Dette er ei glede for alt folket.  Dette skal alle få ein sjans til å tru på og ta imot.  

Ja, evangelisten Johannes er verkeleg genial i måten han får fram at jul er åpenbaringshistorie. Han kallar Jesus for Ordet. Jesus er Gud som kommuniserer med sine skapningar.  I Jesus ser og høyrer me Gud.  Jul er åpenbaringshistorie.  Ordet vert kjøt, menneske. Julebudskapet skaper stadig nye aha-opplevelsar. Me fortset med kunngjeringar, lar Bibelen tala og folk vitna. For jul skaper nemleg…. 

  1. Erfaringshistorie 

Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, og som Herren har kunngjort oss.” 

Slik tenkte gjetarar – og slik handla dei.  Dei gjekk og såg.  Det var utenkjeleg å setja seg ned og ta livet med ro: ”Nei, jaså, er det fødd ein frelsar i dag, så kjekt då!”  Og så la dei meir ved på bålet…  Nei, dei måtte ut og undersøkja.  Det som hadde hendt og det som var kunngjort, var så stort at det måtte undersøkjast og bekreftast.  Det ropte etter å erfarast.  Så gjekk dei og såg. Dei fann mora og barnet.  Dei erfarte det som hadde hendt.  Dei såg og trudde. Etter dette var livet eit anna.  Deira julenatt var erfaringshistorie. Historie var skapt for alltid. I dei. Ny. 

Julebudskapet har skapt ufatteleg mykje erfaringshistorie opp gjennom tidene. Dette er jula sitt mål!  Alltid vil budskapet ropa etter å erfara det.  Som sant, som tru og tillit. Så stort er det at det må verta ditt.  Ja, når Johannes skriv prologen til evangeliet sitt om Jesus, då inkluderer han seg sjølv og sine samtidige i erfaringshistorien som jula skapar:  ”Og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne har frå Far sin, full av nåde og sanning.” 

Dette er mine ord til dykk som feirer juledag i kyrkja.  Dette er lovsangen og takken.  Trua og håpet:  
Jul skapar historie. Truverdig fakta. Ein gave kunngjort frå oven. Ei takknemleg erfaring som gjev livsmot og håp.  
For slik er det å leva fulle av nåde og sanning.

Powered by Cornerstone