Ein gartnar med nåde
Midnattsmesse nyttårsaften 2025 - Lukas 13,6-9

Ein gartnar med nåde

Åra gjer noko med oss – og med fruktene me ber.  Åra ber oss, merker oss, herjer med oss, modnar oss, endrar oss.  Men Jesus er med oss alle våre dagar og skaper meining og mål og nye frukter i livet vårt.  Han gjev oss ikkje opp!  Alt er nåde.

Fikentreet som ikkje bar frukt
6 Så fortalde han denne likninga: «Ein mann hadde eit fikentre som var planta i vingarden hans. Men då han kom og såg etter frukt på det, fann han ikkje noko. 7 Då sa han til gartnaren: ‘No er det tredje året eg kjem og leitar etter frukt på dette fikentreet og ikkje finn noko. Hogg det ned! Kvifor skal det stå der og arma ut jorda?’ 8 ‘Herre, lat det få stå dette året òg’, svara gartnaren, ‘så skal eg grava kring det og gjødsla det; 9 kan henda ber det neste år. Gjer det ikkje det, får du hogga det ned.’»

Eit tre med potensial! 
1 minutt med naturfag.  I november ramlar blada av fikentrea.  Ikkje noko rart med det.  Det er haust. Noko er ferdig levd og har gjort si gjerning. Men dei som ser godt etter, kan ana små grøne knutar på greinene, der blada stod.  I mars startar våren.  Nye blad veks fram og dei grøne knutane veks sterkt og fort.  Blomstringa skjer skjult inni sjølve knuten.  Og snart ber treet dei såkalte vårfiken.  Dei kan plukkast og etast umodne, rett av treet.  Dei er ”vårens godteri”, du kan ta dei utan å venta på frisk, moden frukt til hausten! 

Men skaparen har gjort ein liten ekstravri.  I  mai begynnar ennå ein generasjon med frukt – det er sommarfiken, som kan sitja på treet lenge utover hausten. 
Eigentleg er dette litt av eit tre – eit tre med potensial.  Det ber frukt to gonger i året – det står og spanderer månad etter månad. Og fruktene kan tørkast og oppbevarast, så eg og du kan gå på butikken og få fiken heile vinteren.  Viss me har sansen, då? 

Eit tre med potensial! Kanskje er det også eit godt bilde?  På…. 

Eit liv med muligheter. 
Livet vårt har noko av same syklusen som eit fikentre.  Blad som ikkje lenger har livskraft ramlar av, dei fleste naturleg om hausten, nokre få vert rivne vekk så altfor tidleg.  Haustløvet ligg synleg på bakken ei tid. Som i sangen Autumn leaves. Fortel om dei som har gjort si gjerning ferdig.  Generasjonane før oss.  Me vil gjerne at dei skal vera synlege denne siste kvelden i 2025.  Me skal ikkje gløyma, men takka. Æra minnet om dei som gjekk føre oss.  Men livet stoppar ikkje opp.  Livet går vidare.  Små, grøne knutar ber i seg nytt liv.  Under på under! Skjult blomstring skjer i mors liv.  Kraftig vekst i livet sin vår.  Dei første fruktene begynnar å koma.  Du kan kalla dei umodne, men dei smakar som godteri.  Kan me tenkja oss noko finare enn barn som leikar og ler, spreier spontane gleder rundt seg og er ustoppelege i aktivitet.  Eller unge som testar ut krefter, idealisme, glød, vennskap, kjærlighet, nye ferdigheter, med tankar som oppdagar verda og hender som vil byggja verda.  Vårfiken i eit liv med store muligheter.   

Så begynnar ein ny generasjon med frukter.  Sommerfiken.  Vaksne og modne år.  Vera ektefelle, mor og far.  Ta ansvar for så mykje meir enn seg sjølv.  Løysa oppgaver og ta utfordringar ikkje bare med krefter og mot, men også med erfaring, visdom og innsikt.  Etterkvart er det ikkje like mykje saft og kraft i fråsparket.  Kreftene tørkar inn.  Men alderdommen tåler godt å samanliknast med søte, delikate og tørka fikenfrukter. 

For alt er nåde.  Alt er under. Alt er gave frå livet sin skapar! 

I overgangen til hausten som var, skreiv eg eit dikt i 3 vers.  Her er det første: 

Å farga jorda grøn 
kan den som opnar sinn og sans, 
let alt som lever bli ei bøn 
og minste steg ein heilag dans. 
Å, grøne jord, du er vår draum, 
mot alt det grå, frå eld og flaum. 
Å, kjære Gud, det er vår bøn 
at skapartru held jorda grøn. 

For gløym nå ikkje at hageeigaren, skaparen, har planta dette fikentreet inn i vingarden sin.  Sjølv om det helst skulle gro andre vekster i så god jord, så ville han dette treet.  Planta det med alt sitt potensial.  Ville deg og ditt liv med alle sine og dine muligheter.  For ein nåde! 

Men også ansvar.  For i kveld møter me også…. 

Ein hageeigar som ser etter frukt. 
Det er ikkje rart det!  Med potensialet som ligg i treet og mulighetane i den gaven som livet er. 

Kva finn han?   Det er i alle fall uhyrleg når han finn treet uten frukt på det tredje året.  Det er heilt håplaust!  6 fruktgenerasjonar er mista.  Då er det lov å gje opp.  Treet gjer betre nytte for seg i kvista, kappa og kløyvd tilstand. 
Her er andre vers av diktet: 

Å farga jorda rød 
kan den som stirrer inn og ned. 
Det vonde veks, sjølv barn må blø 
når store ego let det skje. 
Å, røde jord. Å, sorg og gru, 
for krig og brann der folk skal bu. 
Å, kors! Å, liv som valde blø,  
tenn kjærleiks moteld. Kom, farg rød. 

Denne kvelden spør etter frukt i livet vårt.  Me spør sjølv.  Skaparen spør.  For livet sitt mål er å bera frukt.  Så la oss våga å spørja, uten hovmot som trur at me sjølv er i stand til å skriva vår eigen tilstandsrapport.  Den får me be Gud og medmenneske hjelpa oss med.  Men eitt og anna konkret vert du kanskje minna om denne kvelden.  Noko du skulle ønska var ugjort.  Noko du angrar på.  Noko du ønskjer krefter til å snu på.  Noko du ikkje vil unnlata å gjera ennå ein gong.  Det kan du snakka med Gud om i kveld – og gjerne med ein du stolar på i morgon. 

Og så skal du høyra at det ikkje er hageeigaren som vinn diskusjonen om livet ditt, det er ikkje fornuften som sigrar i Guds rike.  Det er nåden!  For det fins…. 

Ein gartnar med nåde. 
Han går der og steller og stuller og godsnakkar med trea sine.  Han vert glad i dei.  Vatnar litt her, skjer litt der, grev litt her, lukar litt der, gjødslar litt her – og ikkje minst går han i forbønn for treet.  Treet er hans business.  Kanskje han til og med har navn på trea sine?  Det er visst ein del strev med eit tre han kallar Stein.  Men mon tru det ikkje er håp likevel.  Ikkje fordi treet har så stort potensial for endring.  Men fordi gartnaren er gartnaren.   

I morgon – på første nyttårsdag – får me høyra at navnet hans er Jesus.  Det navnet som aldri bleikner – fordi han er gartnar med nåde.  Han er barnas beste venn.  Han er ungdommens frelser.  Tett ved sida di går Jesus.  I alle fasar og aldrar i livet.   

Åra gjer noko med oss – og med fruktene me ber.  Åra ber oss, merker oss, herjer med oss, modnar oss, endrer oss.  Men Jesus er med oss alle våre dagar og skaper meining og mål og nye frukter i livet vårt.  Han gjev oss ikkje opp!  Alt er nåde.  Nåde betyr at det er ikkje noko du kan gjera for å få Gud til å elska deg meir enn han alt gjer.  Og nåde betyr at det er ikkje noko du kan gjera som får Gud til å elska deg mindre.  Alt er nåde.   

Mange av oss har stått ved ei grav dette året.  Kanskje kjent litt av det same som Maria Magdalena kjente då ho sto i hagen ved Jesu grav på påskemorgon, aldeles forvirra, for steinen var tatt frå og den døde kroppen ho ville salva, var vekke.  Plutseleg høyrde ho ein stemme:  ”Kvifor gret, du kvinne, kven leitar du etter?”  Ho trudde det var gartnaren….. 
Det var gartnaren! 

Frå den dagen visste ho at ho aldri var forlatt.  At gartnaren stelte med ho dagleg.  Frukt som varer, skulle veksa fram.  Ho hadde fått… 

Ei framtid med håp. 
Vers 3 av diktet: 

Å farga verda blå 
kan den som ber på håp og tru, 
som ser det store i det små, 
i ord og blikk vil byggja bru. 
Å, må det skje at vitet vinn! 
Eg fargar blått i mot og sinn. 
Å, kjære Gud, la håpet rå, 
med fred og lys frå himlen blå. 

Ei framtid med håp er helsinga til deg i kveld.  Om du er ung eller har levd lenge.  Om livet er mykje glede eller mange sorger:  Ein gartnar full av nåde gjev framtid full av håp.   

Om det kan vera skralt med frukter, så er det ikkje skralt med gartnaren.  Og slettes ikkje skralt med bønna han bed for deg og fruktene han kan skapa i deg.  Og ein dag vil han la deg oppleva å gå i paradishagen.  Langs elva med livets vatn står livets tre.  Det ber frukt kvar månad.  Og nokre av oss trur at frukta har mykje betre smak enn me syns at fiken har! 

Powered by Cornerstone