Madagaskar, med søkjelys på kamp mot fattigdom

Madagaskar, med søkjelys på kamp mot fattigdom

Bryne sokneråd vedtok på sitt novembermøte i 2025 å forlengja avtalen om misjonsprosjekt i regi av Den norske misjonsselskap (NMS) for tre nye år (2026-2028).

Prosjektet heiter «Madagaskar, med søkjelys på kamp mot fattigdom», noko som er svært relevant i desse dagar. Ifølge Global Finance Magazine er Madagaskar i 2025 rekna mellom dei 10 fattigaste landa i verda, trass i store naturrikdommar. Ein stor del av dei 31 millionar menneske som bur der, lever under det som blir kalla fattigdomsgrensa (opp mot 90 %), som nå er to og ein halv dollar (ca 25 kroner) om dagen.

Heldigvis skjer det ting i desse dagar, som gir grunn til ein viss optimisme. I september og oktober 2025 var det omfattande demonstrasjonar i landet, med ønskje om betre levekår for folk, og det førte til at presidenten og regjeringa gjekk av. Nå er det innsett ein overgangspresident og ei ny regjering, som jobbar hardt for å kjempa mot korrupsjon og for at folk kan bli løfta ut av fattigdom. Det er særs interessant at den nye overgangspresidenten er medlem av den lutherske kyrkja, som NMS samarbeider med. Han er endåtil innvigd hyrde i ei vekkingsrørsle som betyr mykje for utsette og vanskelegstilte menneske.

Gjennom dette misjonsprosjektet får me vera med fylgja den politiske utviklinga i landet, me får vera direkte med i diakonale prosjekt for fattige, berekraftig jordbruksutdanning, helsetenester for mor og barn, og bidra til utdanning og utvikling.

Vil du be for Madagaskar i denne tida? Viss du ønskjer å gi ei gåve til misjonsprosjektet, går du inn på brynekyrkja.no

. Under «Om oss» og så «misjon» kan du gi di gåve på Vipps (#642067).

 

Madagaskar, med søkjelys på kamp mot fattigdom

 

Fattigdommen gir seg også utslag i svært dårlege vegar og manglande vedlikehald.

Foto: Hans Austnaberg

Powered by Cornerstone