Kulturkveld med Time historielag: Pietisme og haugianisme: ein radikal revolusjon på 1700-talet
Trygve Riiser Gundersen har skrive boka Haugianerne, som han fekk Brageprisen for i 2022. Nå kjem han til Bryne 10. mars for å halda foredrag knytt til arbeidet med bind 2 av dette storverket, på den årlege kulturkvelden som historielaget og soknerådet står bak.
Her vil me få nye perspektiv på kva pietisme er. På 1730-talet innførte kongen i København det som seinare er kalla statspietismen. Dette førte blant anna til lover om konfirmasjon og almen skule på landsbygda.
I denne tida blei pietismen staten sin ideologi. Samtidig utfordra tankegangen makta sine mekanismar, både innanfor stat og kyrkje.
På slutten av 1700-talet stod Hans Nielsen Hauge fram som ein viktig forkynnar og forfattar, og den folkelege og radikale pietismen fekk nye former gjennom haugianismen.
Haugianarbevegelsen spreidde seg fort, blant anna gjennom litteraturen som blei gitt ut. Dei store opplaga bøkene kom i, viser blant anna at det norske folket på 1700-talet kunne lesa, i større grad enn me er vant med å tenka oss.
Pietismen endra og forma heile samfunnet på 1700-talet. Det var ein radikal dimensjon i denne tankegangen som gjer det naturleg å snakka om ein revolusjon.
Trygve Riiser Gundersen (født 1970) er forlagsredaktør, forfattar og foredragshaldar. Han vil denne kvelden ta oss inn i eit spennande tema som dei fleste av oss har lite kjennskap til.
Kvelden vil også innehalda musikk ved Time kulturskule, korsong ved Jærklang, allsong, kaffipause, eit kort innlegg ved Arne Berge om prestane og kyrkja i Time på 1700-talet og ord til ettertanke ved Stein Ødegård.
Jærklang bidrar blant anna med songar av Hans Adolph Brorson, den viktigaste pietistiske salmediktaren på 1700-talet. Sjå https://snl.no/Hans_Adolph_Brorson
Velkomen til ein innhaldsrik og interessant kulturkveld!
Foto: Siv Dolmen