Saman som kyrkje for verda
Avskjedsgudsteneste 15.02.2026 - Joh.17,20-26 Fastelaven

Saman som kyrkje for verda

På isbrear går dei i tau og sikrar kvarandre.  I kyrkja går me inn i ei lang kjede av dei som Jesus sikrar og bed for.  Før oss, etter oss, saman med oss.  Eg veit at det gjeld meg og kjenner ekstra på det i dag.  I takk for dykk, i ydmykhet for dei som har bygd og vore kyrkje før oss, i tru på Jesus si bønn for kyrkja vidare.

I kveld skal me visst takka kvarandre, eg og dykk. Me får spara dei sterkaste følelsane til då.  For nå vil eg vera forkynnar. Nå er det Jesus som gjeld.  Nå er det livet og takken sin djupaste grunn. 

Guds kjærleik malt for augene
Det er den som fell i augene når du kjem inn i Bryne kyrkje. Guds kjærleik er malt for augene. Korset på alterveggen. Den røde blodstraumen som fortel kva det kosta. Lyset frå Gud som kjem til oss i fargar og glas. Det er ikkje fortid.  Det er nå. Det er alltid her i kyrkja. At eg er ein funnen skatt i meisteren si hånd.  At eg er sett av Guds auge.  I alt som er knust og fylt av brudd og sår, så er det eit lys frå Gud som er heilt og viser veg.  Ein nåde i dåpen som ber eit heilt liv. Eit vinbeger og kornaks som vinkar inn til stadig ny nåde. Eit klart og varmt lys til og frå gudsordet.  
 
Jesus har eit ord om dette i bønna si: «At den kjærleiken du, Far, har hatt til meg, kan vera i dei, og eg sjølv kan vera i dei.» 
 
Ein kjærleik å leva i
Det får vera denne avskjedstalen sitt første punkt: «At den kjærleiken du, Far, har hatt til meg, kan vera i dei, og eg sjølv kan vera i dei.»  Ein kjærleik å leva i. Det er livet sitt første kall.  Trua sitt første bud.  Evangeliet.  Du er elska av Gud.  Du er trekt inn i det evige kristne mysteriet.  Elska av Gud, slik Sonen er.  Elska på grunn av Sonen som nå går vegen til korset.  Elska så høgt at det aldri må slutta å seiast, forkynnast og takkast for. 

Ein dag var det me som vart fødde til verda. Me huskar det ikkje, men me veit korleis det var. Me var totalt avhengige av å vera i kjærleiken som ga oss livet. Slik er det å verta fødd og veksa opp. Det er ikkje annleis å verta pensjonist.  Om bagasjen er full av erfaringar og levd liv, eller livet er førstefase og går i bleier og pupp. Det første kallet skal følgja deg frå dåpen til døden:  Bare ver i Guds kjærleik!  Den som ber og formar deg. 

Og det gjeld i alle fall midt i livet, når me kjenner krava til å prestera, til å halda alle mulege slags tak i livet og dei rundt oss.  Oppgaver og uro kjem ramlande i uryddig kø lenge før neste pushvarsel, og det kjem fort.  Det første kallet er det beste, inn i dette hektiske også.  Guds nåde i alt, før alt, gjennom alt.  Du er elska. Har Guds kjærleik i deg. Ja, har Jesus sjølv i deg. 

Me skal ikkje nokon gong vera eller verta meir enn dette.  Men det har nokre følgjer.  Og her kjem to av dei frå evangeliet i dag: 

For Jesus ber, og Jesus ser.   
Kva ber han om?  Jau, at dei som trur, må vera eitt, slik det er i Gud.  Bønna er ei bønn for kyrkja.  
Kva ser han?  At det er slik verda skal koma til tru på Jesus. Synet og visjonen er eit håp for verda.  Skal tru om det ikkje trengs like mykje! Ei kyrkje som er eitt.  Ei verd som kjem til tru. 

Det kan seiast mykje om korleis kristne gjennom tidene har slite ganske mykje her.  Eg har nok også sagt ærlege ting om det i dei 18 åra eg har vore her.  Det skulle jo ha vore slik som tru på det beste har breidd seg, slik det vart sagt om dei første kristne: «Sjå, korleis dei elskar kvarandre.»  Altfor ofte vart det heller for mykje av det motsette: «Sjå, korleis dei kranglar med kvarandre, og trur visst at det er bare dei som har rett.» 

Me får vera ærlege om slikt, både om vond smerte i den store kyrkjekroppen, og om alt det gode som kyrkja har gitt og betydd for verda. Men uansett korleis lys og mørke fordeler seg, så er det ikkje kyrkja i sentrum i dag. Det er Jesus. Hans bønn for dei som trur og følgjer. At dei skal vera eitt, for at verda skal tru. 

Ei kyrkje som er eitt
Kva er det å vera eitt?  Jesus seier det, slik det også står og lyser på skjermen: «Eg bed at dei alle må vera eitt, slik du, Far, er i meg og eg i deg.  Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg.» 

Veldig sterke ord! Mysterium! Om innbyrdes fellesskap. Mellom Gud Far og Guds Son.  Dei er eitt.  Den eine er i den andre og omvendt.  Kjærleik og tillit er total.  «Slik skal dei òg vera i oss», seier Jesus. Den som trur, vert trekt inn i eit fellesskap som er eitt og sprenger alle grenser og opphever alle skiljer.  Kulturskiljer, kontinentskiljer, tidsskiljer, personleghetsskiljer. Men eitt i det fellesskapet som den treeinige Gud lever i. Overveldande! 

På isbrear går dei i tau og sikrar kvarandre.  I kyrkja går me inn i ei lang kjede av dei som Jesus sikrar og bed for.  Før oss, etter oss, saman med oss.  Eg veit at det gjeld meg og kjenner ekstra på det i dag.  I takk for dykk, i ydmykhet for dei som har bygd og vore kyrkje før oss, i tru på Jesus si bønn for kyrkja vidare. 

Korleis er me eigentleg eitt, me som er døypte med den eine same dåpen, til den eine treeinige Gud? Eg deler nokre konkrete tankar om det.  På rim: Ikkje tenk smalt, men breitt, om det å vera eitt.   

Breitt om å vera eitt
Då eg kom tilbake til Bryne, hadde eg trua på at det skulle verta fint.  Men eg ante jo ikkje kor mange dører og samarbeid som bare skulle opna seg. Og kvar dør som opna seg, ga meirsmak. Kvar gong nokon ville bidra i kyrkja eller samarbeida i byen, var det så heilt naturleg. Du kan tenkja at det er fordi kyrkja vil byggja bru til folk og samtid.  Men det kan likeså godt vera at vanlege kyrkjemedlemmar meir enn gjerne ønskjer å vera rekna med. På mange ulike måtar har kristen tru og etikk eit rom, ein gjenklang i dei som er døypte for å høyra til denne kyrkja og denne trua.  Det er ei truskraft i det.  Ei samfunnskraft.  

Så dagens utfordring altså: Ikkje tenk smalt, men breitt, om det å vera eitt.  Og eg trur det er veldig lurt å trena språket og holdningane våre, så me ikkje forkludrar dette.  Bruk oss og me så mykje me kan, og oss og dei minst muleg. Ordet kristen skal ikkje reserverast til dei mest kyrkjeaktive. Internt språk som gjer at nokon lett kjenner seg utenfor, er ikkje godt språk. Det er neppe teologisk rett språk heller.   

Men det viktigaste er meir enn ord og språk. Å vera eitt betyr raushet, omtanke og vennleghet.  Rett og slett noko av den kjærleiken me fekk høyra om i korinterbrevet.  Kjærleiken som er størst av alt. 

Felleskyrkjeleg samarbeid
Eg deler ei personleg erfaring til, om Jesus si bønn for kyrkja og Jesus sin visjon for verda. Dei første presteåra var eg helst oppteken av min eigen konfesjon, av det lutherske.  Her på Bryne har dette vorte endra og utvida. Eg har vorte forandra, oppriktig glad i folk og arbeid i Frelsesarmeen, Zion, Saron med Bedehuskirken, Frikyrkja og Misjonskyrkja.  Me har hatt felleskyrkjelege gudstenestar både her og kvart år på Jærdagen. Pastorane deler liv, bønn og arbeid på ein frokost i månaden.  

I plattformen for samarbeidet har me kyrkjefaderen Augustin sin gode regel:  Eitt i det sentrale, fri i det perifere og kjærleik i alt.  Den trengs både mellom kyrkjesamfunn og innad i det som ei stor folkekyrkja i Bryne skal vera. 

Nokre gonger er det vanskeleg å vera enige. Særleg når me kjenner på sår og skuffelsar. Særleg når ein ser ulikt på kva bibeltekstar seier, korleis dei skal forstås i dag og korleis livet skal levast.  Nokre gonger må me dela smerte over ulikt syn. Nokre gonger må me sei at me har det best med å vera i samanhengar og forsamlingar der me kan praktisera det me har mest tru for, men me er uansett brør og søstre i trua. Eitt er ikkje å vera enig og lik! 

Så verda kan koma til tru
I dag høyrer me at Jesus bed om dette.  At det første kallet vårt er å leva i Guds kjærleik.  Det andre kallet er å vera eitt som kyrkje.  Det tredje kallet er ein følge av dei to andre.  At verda skal koma til tru.  Det trengs for tida.  Den trua som dreg med seg mykje håp og det som alltid kan bera alt: Kjærleiken.  

Dei som trur og håpar og elskar, er eitt i Jesus.  Kan den enheten verta meir synleg i verda?  Ja, viss me trufast held oss til Jesus!  Eitt i det sentrale, det er han. Fri i det perifere, der også er han. Og kjærleik i alt.  Det er i alle fall han!  For Jesus vert aldri «ut», nåden vert aldri «ut».  Og dei som søkjer til nåden sitt bord, er det beste vitnesbyrdet verda kan få. Særleg viss dei også lett dekker bord for andre og bryr seg med omsorg. 

Salme om under i tomme hender
I mange år har eit ord av Sigrid Undset fulgt meg:  «Kirkens historie er historien om det hellige i menneskers hender.»   
For meg personleg er det hellige knytta til det underet som trua er.  Tru er noko eg får ta imot i ganske tomme hender.  Og plutseleg stå der med hendene så uendeleg fylte av overraskande nåde.  Og like gjerne folda hendene og be om under og vekst som ennå ikkje er å sjå. 

I 2024 skreiv eg ein salme om dette, i samarbeid med ein av domorganistane. Om underet å vera eitt i den treeinige Gud. Eit ønskje om å vera midt i det som Gud og følgjarane hans held på med. Og ei bønn om å vera saman som kyrkje for verda. 
Må Gud gje vekst, og me vera med og byggja!  Og be! Slik Jesus bed for oss. 

Som under i tomme hender 
driv bølgjer av lys mot vår jord. 
Ein undrande takk vi kjenner 
for skaparens skattar her nord: 
Songen som aldri kan stilna, 
omsorg som alltid kan mildna, 
varige spor i kulturen, 
bevande steg i naturen. 
Å, Gud, gje oss kraft til å vera, 
saman som kyrkje på ferda, 
ditt skapande under i verda. 

Som under i fylte hender 
kjem nåde og fred i ditt ord. 
Du løftar oss opp til venner. 
Takk, Jesus, vår frelsar og bror. 
Sjå, slik at lengtande sansar. 
Følgja, så vaklande dansar. 
Elska fram freden på jorda. 
Pusta ut nåde i orda. 
Å, Jesus, gje lys til å bera, 
saman som kyrkje på ferda, 
din bergande kjærleik til verda. 

Som under i folda hender 
smyg håpet om framtid seg inn. 
Guds Ande gjev mot og tenner 
eit lys som driv mørke or sinn. 
Forma dei gripande orda, 
dekka dei gjestfrie borda, 
verja den sukkande jorda, 
velja dei varige spora. 
Å, Ande, gje mot til å vera, 
saman som kyrkje på ferda, 
ditt varmande håp til all verda. 

Powered by Cornerstone