Å vita kor me høyrer til
Kven står bak dette sitatet? «Kirken er et sted hvor vi kommer med våre største gleder og våre svarteste sorger. Dette sitter i rommet som et ekko og er den usynlige utsmykkingen av kirkerommet.»
Det var altså Ole Paus. Og det står seg evig. Og personleg. Dette er rommet der eg har kome med dei største gledene og dei svartaste sorgene. Det kjennest rett å runda av eit yrkesliv her, å la ein vesentleg ring i livet verta slutta her, og slik som dette.
Sterke stunder i kyrkja
Eg har vore mykje her. Dei fleste av dei rundt 600 gravferdene eg har forretta her i kommunen, har vore her i Timekyrkja. Sterke stunder, for meg og for dei som har teke avskjed, i takk, i sorg, i det såre, vemodige og vanskelege. Med kyrkja si tru, trøst, salmeskatt og håp til å bera seg og sine.
Kyrkja står her i mitt og vårt landskap på Time, kransa med livshistoriar. Gravene held minnene i hevd. Me får tru at orda og tonane i gravferd og avskjed aldri vil missa si kraft. Dei høynar ein takk for dette forunderlege livet, dei ber oss i tung sorg, dei hjelper oss til å sjå framtid og håp.
«Kirken er et sted hvor vi kommer med våre største gleder og våre svarteste sorger. Dette sitter i rommet som et ekko og er den usynlige utsmykkingen av kirkerommet.»
Kyrkja står der i enden av vegen vår. Ho kan stå der mange gonger midt på vegen vår. Og ho står i starten av vegen. Neste etappe er nå.
Eg veit det. Eg er døypt i denne kyrkja, vart følgde av mor og far til høgtider her, vart konfirmert her, gjekk første gong til nattverd her og fekk syngja i ungdomskor her, vaglande i gutterekka øverst på Te Deum sitt røyrstillas, over aksla på presten på preikestolen. Ein av mange ungdommar som møtte rause vaksne. Eg lærte drama og situasjonsspel her. Paulus på veg til Damaskus og Jesaja sitt syn og kall i templet vil alltid sitja i kroppen med dette rommet som eit ekko. Det var her det vart levande, at «dørstokkane rista og huset vart fylt av røyk» då Herren kom til syne. Det vart eit ledd i å modna eit kall. «Kven skal eg senda og kven vil gå for oss?»
Den lange linja å leva i
Eg vart gift her, eg fekk førebiletet i prestar her, på ein særleg måte Jens Bjelland. Eg vart presteordinert her 22.juni 1984 og rundar av her på dagen 41 år og 9 månadar etterpå. Eg har vore tett på mine og andre sine sorger og gleder som prest her. Også fulgt mi eiga slekt og eigne venner til grava. Til og med mor og far som eg har så mykje å takka for. Far dramatisk brått då Vestly skule feira 100 år. Mor takknemleg og naturleg nå i desember.
Kyrkja er den lange linja å leva i. I mykje kan ho fylla alle sansar med ei kjensle av å høyra til. Eg er ikkje åleine. Eg høyrer til i fellesskap, med dei som har levd, med dei eg møter, med det eg skal møta framover. Det er sterkt og godt å vita kor me høyrer til.
Ein annan artist enn Ole Paus, Bjørn Eidsvåg, seier det slik i ein sang om kyrkjerommet: ”Gje meg meir enn tomme ord, her er ein kamp på liv og død.”
Den kampen får me evangelieord på i dag. Me skal få tenkja på at det er ein kamp Jesus kjempa for oss. Evangeliet etter Matteus, kapittel 4…
Fristelsar møter me alle. Nå kan me læra noko viktig, om å kjenna dei igjen og ta kampen mot dei.
3 korte punkt om fristelsar, slik Jesus møtte dei.
1. Fristelsar framstår helst alltid som gode.
Den første fristelsen: Gjer steinar til brød! Kva var galt med det? ”Duale mæ steidn” er det jo nok av både på Jæren og i verda. Brød er fort mangelvare. Matsikkerhet og sjølvforsyning er sentrale ord for politiske prioriteringar. Ein ørken full av brød må vera ein herleg nyhet. Særleg om ein kan skaffa det fram av steinar, for her manglar det jord, vatn og korn. Brød er jo Guds velsigning. Basisbehov. Sett i gang, Jesus! Dette må då vera godt for dine skrikande tarmar og for andre sine svoltne munnar.
Den andre fristelsen er ikkje kroppsleg, men åndeleg. Å ta Gud på ordet når han lovar å beskytta dei som stolar på han. Frå toppen av den høge tempelmuren må det passa å visa litt tru. Hiv deg ut og fly! Kva kan vera betre enn at Gud viser omsorga og makta si? At nokon ser det og applauderer. Er det ikkje under som skaper tru? Om du nektar deg brødet si velsigning, Jesus, så bryr du deg vel om store åndelege erfaringar? Særleg når andre kan sjå dei og få bevis for at Gud fins og beskyttar den som trur?
Den tredje fristelsen handlar om makt. Frå fjelltoppen går blikket over alle verda sine riker. Kvifor treng makt plent vera vond og vanskeleg makt? Det finst rett nok altfor mange udugelege, uærlege, maktglade og egoistiske herskarar i verda. Vond kynisk makt som bryr seg katten om menneskeverd, folkevilje og sanning. Men kva om det kom ein god og ærleg idealist til makta? Kor mykje godt kunne ikkje Jesus ha gjort om det var han som sat med hånd på rattet. «Å, at du ikkje lenger er på jorda!» ropar Arne Garborg ut i «Den burtkomne faderen».
3 rundar med fristelsar. Alle tre framstår forlokkande. Fristelsar byr seg alltid fram som gode. Det er derfor dei er fristelsar. Kva gjorde Jesus? Jau, han brukte Guds Ord og sto i mot slikt som ville ha sett han sjølv i fokus og fått han til å vika unna det han var komen for å gjera. Han visste kor han høyrde til. Det var slik han skulle vera tenar og frelsar. Ikkje imponerande, populær og mektig.
Kan fastetida gje hjelp til å stå betre imot desse 3 urfristelsane? Å vera mindre på jakt etter betydning, popularitet og rå makt? Ja, det hadde vore fint. Ein gave til oss sjølv, dei rundt oss, og verda!
2. Fristelsar handlar om brot på det 1.budet.
”Du skal ikkje ha andre gudar enn meg.” Eller slik Jesus sjølv fortel om det største og første budet: ”Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta, av heile di sjel og av all di makt.”
Med hjarta i Gud avviser han å dekka sine eigne fysiske behov for mat, bare for å visa at han er Guds son. Med sjela si i Gud avviser han å setja livet på spel og utfordra døden i eit trussprang. Med makta si i kjærleik til Gud avviser han å få verdsleg makt med å knela for Djevelen.
Jesus gjorde det Adam og Eva ikkje gjorde. Å la Gud vera Gud og sjølv vera lydig. Han nøyer seg med Gud, set Gud først. Han gjer det for oss, for å retta opp det Adam og Eva begynte på. Han veit kor han høyrer til og kva han skal leva for. For slik er det:
3. Fristelsar er det bare ein som har sigra heilt over.
Tenk på Jesus. Dette kosta han enormt. Han var nettopp døypt av Johannes til gjerninga si. Han var avkrefta etter faste. Han vert utfordra på identiteten sin: ”Viss du verkeleg er Guds son, så….” Han får teikna opp andre mulege veger enn den tunge vegen til korset. Han får bibelsitat i fleisen. Dregen mot tilsynelatande gode handlingar.
Og så ser Jesus at dette berre er lokkande agn. Han valde heller vegen mot korset.
Det skulle kosta han dyrt. Men han elska Gud og oss så høgt og så heilt.
For han visste det som me alle veit. Me fell i fristelsar me møter. Alle i hop. Stadig vekk. Nokre har slapp karakter og fell så det er dundrande synleg. Andre har sterk karakter og ser ut som dei treff fornuftige valg mest heile tida. Men skinnet kan bedra. Skinnet bedreg heilt sikkert, for dei vanskelegaste fristelsane er ikkje så lette å få auga på. Og den som har svak karakter og veit det, kan fortare vera ydmyk og søkja nåde og tilgivelse.
Det er godt å ha Jesus som forbilde når me vert freista. Men det er større å ha han som frelsar og forsonar. Jesus tok kampen for å vera det. Han selde ikkje sjela og kallet sitt. Han kunne sikkert ha vorte ein strålande brødmessias og mirakelmessias og herskarmessias. Men oppgåva var større. Gjennom liding, død og oppstandelse skulle han frelsa verda. Med å betala for våre fall og gje oss del i sin seier over fristelsar.
Å vita kor me høyrer til
Den seieren er me døypte til. Den kan me trøysta oss til og tru på. Jesus vil aldri vera berre fortid. Men kan koma til han alltid. Også i fristelsar som vart for sterke, kan me be om tilgivelse. Då misser nederlaga krafta si, for då lar me oss ikkje frista vekk frå Gud, men til Jesus. For me veit kor me høyrer til!
I 2013 skreiv eg ein salme på ein melodi eg er glad i (Norsk Salmebok nr.416). Metaforane fekk eg på natta, og dei hadde nok aldri kome slik utan oppveksten og livet på Løge. For min barndomsheim, med utsikt over Jæren, er eit ekko og ei usynleg utsmykking i mitt indre rom. Slik kyrkjerommet er for heile livet for mange som kjem her. Ja, slik me alle har forskjellige indre rom prega av ei usynleg utsmykking som fristelsar ikkje skal få sletta ut.
Då eg forma salmeteksten, let eg det tunge og vanskelege i livet få den djupaste tonen, ned mot slutten av strofe 2. Det var slik det måtte vera på nettopp den dagen. Eg hadde brått mista ein god kollega. Men eg fekk ein salme, eit ekko frå oppvekst, og nå tonar og ord som ei lita stund kan framheva den usynlege utsmykkinga i dette rommet, der alt startar og ender og er undervegs.
1 Kom sol, strål opp med liv og glød
før livslys svinn bak sky.
Kom skaparlys og treng deg inn
så håp blir tent i mørkna sinn.
Kan du skapa verda di på ny?
Så skap du mi på ny.
2 Kom blikk, sjå inn bak skuld og skam
før livsmot dreg sin veg.
Kom Son med nådens opne fang
så tru og glede blir min sang.
Kan du sjå meg slik at eg ser deg?
Så er eg frelst i deg.
3 Kom regn, fløym ut på størkna jord
før akset blir til strå.
Kom Ande hit med vårvarm vind
så kjærleik veks i hagen min.
Kan du risla over jorda nå?
Ja, pust du på meg nå.
4 Kom Ord, tal sant til djup i meg
før livet blir eit jag.
Kom regn og blikk, kom solskins flaum
så knoppar brest i sevjestraum.
Du kan forma varig frukt i dag!
Så form meg, Ord, i dag.