Korkickoff og Tweenskickoff
Velkommen til Tweenskickoff, 4. til 7. klasse
Torsdag 27. august kl. 17.30, i Bryne kyrkje, skjer det!
Me får besøk av Livia De Souza Hodne frå Frikirka, som skal ha ein andakt for oss. Det blir leik og konkurransar saman med Jon Torger Salte, og til slutt blir det skikkeleg pizzafest! Dette blir ein kveld full av moro, sprell og god stemning. TT-koret skal syngje for oss, og me får høyra meir om alt tweens kan vera med på i kyrkjene våre. Har du venner du vil ta med deg, er dei sjølvsagt velkomne – det er berre å melda seg på! Arrangementet er gratis, men me ønskjer at alle melder seg på, slik at me får kjøpt inn nok pizza til alle Me oppmodar også alle som vil til å melda seg inn i Tweens-klubben gjennom Søndagsskulen Norge. Då får me økonomisk støtte til arbeidet vårt. Medlemskap kostar 50 kr per barn – vel den billettypen som passar best for deg.
Meld deg på QR-kode eller på denne lenka
Velkommen til Barnekor og til en felles kor kick-off.
Me har fleire kjekke barnekor i kyrkjene våre og me vil invitera deg
som er 5 år til å bli med i kor. Me startar hausten med eit felles
kor kick-off. i Bryne kyrkje. Kom og sjå om du har lyst å bli med oss på kor.
Måndag 3. september kl. 17.30.
Me får besøk av Jarle Waldemar denne kvelden. Det blir song, trylling, sprell og moro. Me avsluttar kvelden med pizzafest. Kora som blir med er Barnekoret i Brynekyrkja, Lye barnegospel på Lye forsamlinghus og Supermix i Undheim kyrkje. Me har plass til fleire songarar og håpar mange har lyst til å prøve ut kora våre. Har du ein ven eller fleire, små eller store søsken, ta dei med deg og bli med oss på denne kjekke kvelden. Kom og bli med og sjå om du og har lyst å starte i kor! Andre aldersgrupper er også velkomne!