Bibelkveldar: 13. oktober, 27. oktober og 10. november

Bibelkveldar: 13. oktober, 27. oktober og 10. november

Denne hausten blir det bibelkveldar i Bryne kyrkje med fokus på
Bibelen – vår heilage bok

Møtetid: 19.00 til 21.15, med to innlegg kvar kveld.
Det blir kaffipause mellom innlegga.

BIBELEN – vår heilage bok
Bibelen er berar av Guds ord og ei kjelde til trøyst, rettleiing og håp. Boka er ikkje berre ei bok, men eit heilt bibliotek av forteljingar, dikt, lovtekstar, visdomsord og brev. Bibelen er ei samling skrifter som gjennom årtusen har forma tru, tradisjon og forståing av livet for millionar av menneske. Tekstane har oppstått i ulike tider og samfunn, men står saman som ei heilskapleg
forteljing om forholdet mellom Gud og menneska.

Tysdag 13. oktober
Knut Alfsvåg: Kva meiner vi med at Bibelen er Guds ord?
Bibelen er ei heilag bok for alle kristne. Det kjem mellom anna til uttrykk ved at nesten alle kristne, når dei møtest til gudsteneste, les og legg ut tekstar frå Bibelen. Slik har det òg alltid vore. Kva er grunnen til denne samrøysta oppslutninga om Bibelen? Samstundes veit me at det både internt i ulike kyrkjer, og mellom ulike kyrkjesamfunn, er usemje om korleis me skal lesa og
tolka Bibelen. Kvifor er det slik? Kva tyder dette for omsetjinga av Bibelen?
Korleis kan me lesa og bruka Bibelen på ein måte som opnar innhaldet og slepper oss inn i trua sitt fellesskap?

Bibelkveldar: 13. oktober, 27. oktober og 10. november
Powered by Cornerstone