Bibelkveld: 10. november
Denne hausten blir det bibelkveldar i Bryne kyrkje med fokus på
Bibelen – vår heilage bok
Møtetid: 19.00 til 21.15, med to innlegg kvar kveld.
Det blir kaffipause mellom innlegga.
Bibelen er berar av Guds ord og ei kjelde til trøyst, rettleiing og håp. Boka er ikkje berre ei bok, men eit heilt bibliotek av forteljingar, dikt, lovtekstar, visdomsord og brev. Bibelen er ei samling skrifter som gjennom årtusen har forma tru, tradisjon og forståing av livet for millionar av menneske. Tekstane har oppstått i ulike tider og samfunn, men står saman som ei heilskapleg
forteljing om forholdet mellom Gud og menneska.
Programmet den 10. november:
Øivind Holtedahl: Å lese Bibelen i dag
Bibelen har vore viktig for vår historiske og kulturelle utvikling. Den blir lesen som heilag bok i kyrkjene og i mange heimar. Men den er også grunnleggande i arbeid med filosofi, menneskesyn, livssyn og samfunnssyn.
Kva status har Bibelen i samfunnet vårt, blant truande og ikkje-truande? Korleis og kvifor les ulike personar i Bibelen? Kan boka lesast som den er, utan førehandskunnskap, eller treng me hjelp til å lesa den? Kva har Bibelen å gi oss? Kva kan kunnskap om bibeltolking bidra med?
Panelsamtale om å lesa Bibelen i dag
Panelsamtale med Stein Ødegård, Geir Pollestad, Øivind Holtedahl og Jon
Torger Hetland Salte. Samtalen følger opp Holtedahl sitt foredrag, og tar opp
spørsmål som kvifor og korleis me les Bibelen, kva me i vår tid får ut av den,
og kva slag meining og sanning me kan finna der.
