NettKyrkja/Taler (lyd)/"Ordet vart menneske" - Høgtidsgudsteneste i Bryne kyrkje - Juledag 2022

"Ordet vart menneske" - Høgtidsgudsteneste i Bryne kyrkje - Juledag 2022

Stein Ødegård

I opphavet var Ordet, Ordet var hos Gud, og Ordet var Gud. Han var i opphavet hos Gud. Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til. Det som vart til i han, var liv, og livet var lyset for menneska. Lyset skin i mørkret, og mørkret har ikkje overvunne det.
Eit menneske stod fram, utsendt av Gud; namnet hans var Johannes. Han kom for å vitna. Han skulle vitna om lyset, så alle kunne koma til tru ved han. Han sjølv var ikkje lyset, men han skulle vitna om lyset.
Det sanne lyset, som lyser for kvart menneske, kom no til verda.
Han var i verda, og verda vart til ved han, og verda kjende han ikkje.
Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han.
Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds born, dei som trur på namnet hans.
Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.
Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss. Og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.

Powered by Cornerstone