NettKyrkja/Taler (lyd)/Han er oppstanden - Påskedag - 09.04.2023

Han er oppstanden - Påskedag - 09.04.2023

Lars Sigurd Tjelle

Ved daggry første dagen i veka kom kvinnene til grava og hadde med seg den angande oljen dei hadde gjort i stand. Då fekk dei sjå at steinen var rulla ifrå grava. Dei gjekk inn, men fann ikkje Herren Jesu kropp. Dei visste ikkje kva dei skulle tru, men med eitt stod det to menn hos dei i skinande klede.  Kvinnene vart forfærde og bøygde seg med andletet mot jorda. Då sa mennene til dei: «Kvifor leitar de etter den levande mellom dei døde? Han er ikkje her, han er stått opp. Kom i hug kva han sa til dykk medan han endå var i Galilea: ‘Menneskesonen skal gjevast over i hendene til syndige menneske og bli krossfest, og tredje dagen skal han stå opp.’» Då kom dei i hug orda hans. Og dei gjekk bort frå grava og fortalde alt dette til dei elleve og til alle dei andre.

Luk 24,1-9

Powered by Cornerstone